Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Renografi med ACE-hemmar – nukleærmedisinsk undersøking av nyrene

Ved ACE-hemmar renografi bruker vi eit radioaktivt merka stoff som blir teke opp og skilt ut av nyrene. Etter at stoffet er sprøyta inn i blodet, blir det teke opp i og skilt ut igjen av nyrene, og vi kan følgje denne prosessen ved hjelp av eit gammakamera eller ein SPECT/CT-maskin. Du får også ein medisin som påverkar blodårane i nyrene dine, slik at vi kan seie noko om det høge blodtrykket ditt kjem av noko i nyrene eller ikkje.

Før

Ta kontakt med oss dersom du er gravid, trur du kan vere gravid, om du ammar eller nettopp har vore til urografi.

Det er svært viktig å lese innkallingsbrevet grundig, då det inneheld viktig informasjon for undersøkinga. Om du ikkje kan møte til timen, må du gi beskjed om dette så fort som mogleg.

Viktige førebuingar

  • Det er ein del medisinar du må slutte med før undersøkinga, ver vennleg og les innkallingsbrevet nøye.
  • Vi har behov for informasjon om høgda og vekta di
  • Du skal drikke godt med vatn før du møter til undersøkinga. Du vil også bli beden om å drikke noko vatn når du møter til undersøkinga.
  • Ikkje ta med deg små barn eller gravide som følgje.

Under

Du vil først få ein kanyle i armen. Vi legg deg på undersøkingsbenken og plasserer deg rett i gammakameraet eller SPECT/CT-maskina. Du får sporstoffet sat i kanylen i armen og vi startar biletopptaket omgåande.

Sjølve biletopptaket tek omtrent 30 minutt per gong, og det er viktig at du kan liggje stille denne tida.

Etter den første runden med bilete, vil du få ein blodtrykkssenkande tablett. Vi måler blodtrykket ditt undervegs. Du skal vente ei tid før vi kan ta neste biletopptak. Før andre biletopptak får du også meir drikke av oss.

Andre biletopptak blir teke på same måte som det første. Det tek omtrent 30 minutt, og det er viktig at du kan liggje stille denne tida.  

Etter

Du kan reise heim når undersøkinga er ferdig.

Bileta skal etterbehandlast og granskast av legar ved nukleærmedisin. Vi sender svar på undersøkinga til legen som har tilvist deg.

Kontakt