Primær ciliær dyskinesi hos barn og unge
Primær ciliær dyskinesi er ein sjeldan og medfødd sjukdom som kjem av ein feil i dei bevegelege flimmerhåras (cilienes) oppbygning og funksjon.
Symptom
Flimmerhåra klarer ikkje å transportere slim effektivt frå luftvegane til svelget, noko som fører til ei opphoping av slim i øvre og nedre luftvegar. Dette gir auka risiko for infeksjonar.
Symptoma ved PCD kan variere i alvorsgrad frå lette symptom til meir alvorleg sjukdom. PCD gir symptom som liknar vanlege luftvegssjukdommar som våt hoste, gjentatte luftvegsinfeksjonar, rennande nase, biholebetennelse og nedsett høyrsel. Symptoma pleier å vere vedvarande. Symptoma kan derfor vere vanskelege å kjenne igjen, særleg hos nyfødde og spedbarn.
Meir enn halvparten av barn med PCD får pustevanskar i nyføddperioden og nesten alle har ein dagleg våt hoste frå tidleg etter fødsel eller han oppstår i løpet av det første leveåret. Det er omtrent 8 av 100 elles friske barn som har ein våt hoste som varer i minst tre månader, mens det er berre eitt av 10.000 barn som har PCD. Omkring 50 prosent av barn med PCD har spegelvende organ.
Utgreiing
Det er viktig å greie ut barn som har PCD-symptom, for eksempel barn som er fødde til termin som har pustevanskar og/eller samanklappen lunge etter fødselen. Det er også viktig å greie ut førskolebarn som alltid har ein våt hoste og rennande nase, uansett årstid.
Følgande undersøkingar blir gjorde ved utgreiing
-
Grundig sjukehistorie.
-
Kliniske undersøkingar der legen ser i nasen og øra til barnet/ungdommen og lyttar på lungene.
-
Måle høgde og vekt.
-
Oksygennivået i blodet blir målt med ei mjuk klype som blir sett på fingeren (saturasjonsmåling).
-
Legen går gjennom eit spørjeskjema med barnet/foreldra (PICADARSCORE).
-
Sugeprøve av slim frå luftvegane (larynxaspirat) – ved å suge opp ei lita slimprøve frå halsen til barnet/ungdommen. Barnet/ungdommen skal også hoste opp slim om dei klarer det. Slimet blir sendt til analyse for å sjå om det er oppvekst av bakteriar i slimet.
-
På små barn som ikkje kan gjennomføre spirometri, kan det vere aktuelt å måle tide flow volum kurve.
Behandling
Behandlinga er både førebyggande og går direkte på symptoma barnet har.
Førebyggande behandling
Førebygging går først og fremst ut på å unngå infeksjonar og forverringar av sjukdom. Lungefysioterapi er ein viktig del av den daglege førebyggande behandlinga. Inhalasjon av saltvatn på forstøvarapparat inngår i behandlinga for å gjere slimet lausare og lettare å fjerne. Fysisk aktivitet er viktig og kan inngå i behandlinga for å losne og fjerne slima. Barnet/ungdommen vil lære ulike puste- og hosteteknikkar for korleis dei kan fjerne slimet.
Naseskyljing kan også vere effektivt for å løyse slim. Dette blir anbefalt for alle med PCD. Dei yngste barna kan bruke saltvass-spray eller dropar. Større barn/ungdom kan ha god effekt av naseskyljing med nasehorn eller sprøyter.
I tillegg til vanlege barnevaksinasjonar er det anbefalt vaksinasjon mot influensa for barn som er over 6 månader gamle. Vidare bør barn under eitt år få tilførsel av immunglobulin mot RS-virus.
Symptomatisk behandling
I periodar med auka slimdanning og infeksjonar i lunger og luftvegar kan barnet/ungdommen ha behov for antibiotikabehandling. Dette kan givast som flytande form, i tablettform, som inhalasjon eller som ei innsprøyting med ei nål inn i blodåra (intravenøst).
Oppfølging
Barn/ungdom med PCD har behov for tverrfagleg oppfølging av fagpersonar med kompetanse på PCD. Alle bør få oppfølging av barnelege, fysioterapeut, spesialsjukepleiar, øyre-nase-halsyspesialist, eventuelt psykolog, klinisk sosionom og klinisk ernæringsfysiolog.
Med god behandling og oppfølging vil omkring to tredelar ha ein ganske stabil lungefunksjon.
Kontrollar
Det første leveåret bør barn med PCD kontrollerast av barnelege kvar månad/annankvar månad, avhengig av tilstanden til barnet. Deretter minst kvar tredje månad. Det er fire kontrollar i året: ved 3, 6, 9 månader og årskontroll.
- Kontrollane ved 3 og 9 månader blir gjorde ved lokalsjukehus om dei har barnelege.
- Kontrollane ved 6 månader og årskontrollen blir gjord ved Oslo universitetssykehus.
Ved kvar kontroll og/eller ved forverring blir det tatt prøver av slimet for å sjekke om det er oppvekst av sopp, virus eller bakteriar.
Følgande undersøkingar blir gjorde ved alle kontrollar:
- Grundig sjukehistorie.
- Kliniske undersøkingar der legen ser i nasen og øra til barnet/ungdommen og lyttar på lungene
- Måler høgde, vekt og puls.
- Måler oksygennivået i blodet (saturasjonsmåling) ved at du får ei mjuk klype på fingeren.
- Bakterieprøve frå nasen.
- Sugeprøve av slim frå luftvegane (larynxaspirat) ved å suge opp ei lita slimprøve frå halsen til barnet/ungdommen. Slimet blir sendt til analyse for å sjå om det er oppvekst av bakteriar i slimet.
Når det er årskontroll blir gjord følgande undersøkingar i tillegg:
- Utvida blodprøver.
- Time hos spesialsjukepleiar (livskvalitetsskjema og opplæring).
- Time hos fysioterapeut.
- Time hos øyre-nase-hals-lege.
- Etter behov: Time hos psykolog, sosionom og klinisk ernæringsfysiolog.
Anna oppfølging
Barnehage- og skolepersonale bør få informasjon om diagnosen og korleis denne påverkar det kvardagen til barnet eller ungdommen.
Barnet/familien må vite kven dei skal kontakte ved eventuelle forverringar.
Du kan lese meir på Norsk senter for cystisk fibrose ved Oslo universitetssykehus, som er ei nasjonal kompetanseteneste og kan hjelpe lokalt helsepersonell med diagnostisering, behandling og oppfølging av personar med PCD.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Barn
Oppmøtestad
Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.Besøkstider
- I dag 17:00 - 18:30

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund