Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Palliativ behandling for barn og unge

Palliasjon er ei aktiv behandling for barn og unge med alvorlege livsavgrensande eller livstruande tilstandar. Den blir kjenneteikna av ei heilskapleg tenking der målet er å hjelpe barnet eller ungdommen med det dei og familien har behov for.

Både lindring av fysiske plager og hjelp med psykiske symptom er del av behandlinga. Det kan også vere viktig å ta tak i sosiale eller eksistensielle utfordringar som oppstår som følgje av sjukdommen.

Dei fire hovudgruppene av barn og unge som får tilbod om palliativ behandling, har:

  • livstruande sjukdommar, som til dømes kreft, hjartesjukdom og nyresvikt
  • tilstandar der tidleg død er uunngåeleg, til dømes medfødde misdanningar
  • sjeldne sjukdommar som blir verre over tid, som muskeldystrofi og metabolske tilstandar
  • tilstandar der det er stor sannsynlegheit for tidleg død, som til dømes medfødde syndrom og følgjetilstandar av alvorleg ulykke

Målet for behandlinga er best mogleg livskvalitet for barnet/ungdommen og familien gjennom heile sjukdomsforløpet, ikkje berre viss livet går mot slutten.

Palliative team for barn og unge

Det er eit mål at alle barne- og ungdomsavdelingar i Noreg skal ha eigne palliative team. Teamet kan til dømes bestå av legar, sjukepleiarar, sosionomar, psykologar, fysioterapeutar eller andre faggrupper.

Det palliative teamet skal kunne hjelpe familiar sjølv om barnet/ungdommen ikkje er innlagd på sjukehuset. I samarbeid med kommunehelsetenesta bør teamet kunne legge til rette for at barnet/ungdommen kan vere heime så mykje som mogleg i alle fasar av sjukdommen, viss det er ønskeleg.

Før

Barnet eller familien til ungdommen kan komme i kontakt med palliativt team på ulike tidspunkt i sjukdommen. Nokre blir tilviste allereie når det blir stadfesta at barnet har fått ein sjukdom som er livstruande eller livsavgrensande. Andre får kontakt når sjukdommen deira har gått over i ein ny fase. Det er legen på sjukehuset der barnet/ungdommen får behandling, som tilviser til palliativt team.

Under

Eit palliativt team for barn og unge skal ta utgangspunkt i barnet/behovet, ønska og håpa til ungdommen og familien. Dei bruker ei tverrfagleg og heilskapleg tilnærming for å kartlegge livssituasjon, plager og symptom. Slik kan dei finne ut korleis dei best kan bidra.

Teamet skal kunne bidra til at barnet/ungdommen og familien får til dømes:

  • ein plan for lindring ved smerter, uro, pustevanskar, utmatting, ernæringsvanskar, kvalme, angst eller søvnvanskar
  • samtalar om målet for behandlinga
  • hjelp til planlegging og støtte ved vanskelege samtalar, både heime, på sjukehuset og på skulen
  • hjelp til å koordinere lokalt hjelpeapparat og nettverk
  • rådgiving om økonomiske støtteordningar
  • støtte til best mogleg livskvalitet
  • hjelp til planlegging og førebuingar viss livet går mot slutten

Etter

Dersom eit palliativt forløp endar med at barnet/ungdommen døyr, vil eit palliativt team kunne hjelpe den etterlatne familien slik at dei kan få det dei treng av støtte og rettleiing i sorgprosessen.

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn

Kontakt Barn

Oppmøtestad

Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
  • Måndag 17:00 - 18:30
  • Tysdag 17:00 - 18:30
  • Onsdag 17:00 - 18:30
  • Torsdag 17:00 - 18:30
  • Fredag 17:00 - 18:30
  • Laurdag 17:00 - 18:30
  • Søndag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.