Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Øredreninnleggelse hos barn, nynorsk

Dei fleste barn opplever ein eller fleire episodar med akutt mellomøyrebetennelse. Det går oftast over av seg sjølv, eller må behandlast med antibiotika. I nokre tilfelle blir øyrebetennelsen og væskedanninga i mellomøyret kronisk. Barnet kan då få nedsett høyrsel, som kan påverke språkutviklinga. I slike tilfelle kan det bli aktuelt å operere inn eit ventilasjonsrøyr (dren) i trommehinna.

Eit dren er ein liten plastsylinder som blir plassert gjennom trommehinna slik at luft kan strøyme fritt inn i mellomøyret. Korttidsdren er minst, står på plass i ca eitt år og fell som oftast ut av seg sjølv. Langtidsdren er større, sit betre fast i trommehinna og fell  sjeldan ut. Du vil få informasjon om kva type ventilasjonsrøyr som skal brukast.

Behandling med ventilasjonsrøyr er ein vanleg og trygg prosedyre med få komplikasjonar.

Før

Det er spesielt viktig at pasienten er frisk dei siste vekene før operasjonen. Operasjonen skjer som oftast i narkose. Hos eldre barn og vaksne kan vi av og til gje lokalbedøving.

Barn som skal operere i narkose, må faste før operasjonen. Det vil seie at barnet ikkje kan ete eller drikke frå midnatt kvelden før inngrepet, og heller ikkje om morgonen operasjonsdagen. 

Dersom operasjonen skal skje litt ut på føremiddagen, kan barnet drikke inntil eit halvt glass sukkerhaldig saft seinast to timar før narkosen blir gitt. 

På operasjonsdagen vil pasienten bli undersøkt av lege. De får informasjon om operasjonen, moglege komplikasjonar og andre viktige opplysningar.

Det kan bli noko venting før operasjonen, fordi andre operasjonar kan ta lengre tid enn planlagt. Éin pårørande kan vere med inne på operasjonsstova fram til pasienten sovnar.

Under

Barnet får narkose eller lokalbedøving. 

Kirurgen lagar eit lite hol i trommehinna og væske i mellomøyret kan sugast ut. Ventilasjonsrøyret blir sett på plass. I nokre tilfelle drypper kirurgen inn øyredråpar, som også skal brukast heime i nokre dagar etter operasjonen. Inngrepet tar kort tid.

Etter

Etter operasjonen blir pasienten observert på eit oppvakingsrom. Viss inngrepet har gått fint og det ikkje er komplikasjonar, kan pasienten reise heim etter nokre timar.

Inngrepet gir lite eller inga smerte, men narkosen kan gi lett ubehag, irritabilitet og kvalme. Paracetamol kan nyttast i vanleg dosering, som står på eska.

Høyrsla vil ofte vere betra allereie like etter operasjonen.

Før heimreise vil sjukepleiar gi informasjon om dagane etter operasjonen. Lege skriv ut resept på øyredråpar eller andre meidsinar viss det trengs. Pasienten får time til kontroll etter operasjonen.

Pasienten kan vanlegvis gå tilbake til barnehage/skule dagen etter operasjonen.

Pasienten skal halde øyret heilt tørt den første veka etter operasjonen. Deretter kan ein bade utan beskyttelse i øyret. Skal pasienten til utlandet, bør øyret beskyttast ved bading grunna ein annan bakterieflora enn i Norge. Bruk for eksempel ein bomullsdott med feit salve/vaselin i øyregangen, eller spesialprodukt frå apotek.

Ver merksam

Komplikasjonar som kan inntreffe er:

Sekresjon: Øyret kan begynne å renne etter operasjonen. Dette kan observerast i eit par dagar, før ein forsøker eddikskylling. Bland 1 del hushaldningseddik 7 % med 3 deler kokt vatn. Avkjøl til omtrent kroppstemperatur. Drypp/skyll dette i øyret to gonger dagleg med ei 10 ml sprøyte.

Trommehinneperforasjon: Kan inntreffe viss ventilasjonsrøyret fell ut eller eit langtisdsventilasjonsrøyr blir fjerna og holet ikkje gror. Holet kan eventuelt seinare bli lukka med ein eigen operasjon.

Arr: Alle formar for irritasjon av trommehinna (som gjentatte øyrebetennelsar og fleire ventilasjonsrøyrbehandlingar) kan gi kalkdanning i trommehinna. Dette er ufarleg og påverker oftast ikkje høyrsla.

Infeksjon: Øyrebetennelse kan oppstå sjølv om eit ventilasjonsrøyr er på plass. Det kan også komme infeksjon i trommehinna rundt sjølve ventilasjonsrøyret. Øyredråpar er oftast tilstrekkeleg behandling.

Ny operasjon: Kan bli aktuelt viss ventilasjonsrøyret ikkje fell ut av seg sjølv. Andre gonger fell ventilasjonsrøyret ut raskt og det kan bli behov for ny operasjon viss det har danna seg ny væske.

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals
Ventetid: Ikke oppdatert

Ventetid: Ikke oppdatert

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Våre lokalar er i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Du kan bruke hovudinngangen og passere resepsjonen og sjukehusapoteket - du finn oss heilt i enden av korridoren.

Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

 

Ventetid

Ikke oppdatert ventetid for utredning

Ikke oppdatert ventetid for dagbehandling