Observasjon av vasslatingsmønsteret – barn
Formålet med observasjonen er å danne seg eit bilete av blærefunksjonen til barnet med tanke på kor ofte det tissar, kor mykje og om blæra er tom etter vasslating. Observasjon av vasslatingsmønsteret blir nytta som ledd i utgreiing ved gjentekne urinvegsinfeksjonar, spørsmål om nevrogen blæreforstyrring (blæra, hjernen og lukkemuskelen kommuniserer dårleg), urinlekkasjar eller andre forstyrringar i vasslatingsmønsteret.
Før
Dersom barnet bruker bleier, ta med den typen bleiar barnet er vant med å bruke. Bleiane blir ofte skifta.
Under
Undersøkinga startar med å måle kor mykje som er i blæra. Dette blir gjort ved hjelp av ultralyd/blæreskannar. Deretter blir det observert nøye når barnet tissar. Dersom barnet bruker bleie, blir bleia undersøkt kvart 5.‐10. minutt. Etter kvar vasslating blir det målt kor mykje urin det eventuelt er igjen i blæra, bleia blir vegen og ny bleie blir sett på. Observasjonen blir gjord i samarbeid med føresette og sjukepleiar/uroterapeut. Ein uroterapeut er ein spesialutdanna sjukepleiar innanfor dette feltet.
Barnet kan leike, ete og drikke som normalt. Etter kvar vasslating blir barnet lagt på ein behandlingsbenk for resturinregel. Det blir nytta ultralydgelé og blæreskannar med ein probe som blir lett trykt mot magen. Geleen kan verke litt kald, og vi oppmuntrar barnet til å liggje så stille som mogleg.
Undersøkinga er tidkrevjande og det blir sett av 4 timar til observasjon, samtale og oppsummering. I løpet av 4 timar rekk blæra å fylle seg fleire gonger og barnet venner seg til undersøkinga slik at ein oppnår ein så normal situasjon/observasjon som mogleg.
Etter
Barnet kan reise heim når observasjonen er ferdig.
De vil få vite resultatet frå undersøkinga omgåande. I tillegg blir sendt svar til lækje/barneavdeling som har vist til undersøkinga og dessutan fastlege og til heimen.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Barn
Oppmøtestad
Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.Besøkstider
- I dag 17:00 - 18:30

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund