Nukleærmedisinsk undersøkelse av hjertet – myocardscintigrafi
Ved myocardscintigrafi brukar vi eit radioaktivt merka stoff som blir tatt opp i hjartemuskelen din. Kor mykje av stoffet som blir tatt opp er avhengig av kor god blodforsyning hjartemuskelen har. Undersøkinga er ofte todelt, vi undersøker blodforsyninga både i ein stress-situasjon og ein kvilesituasjon. Stressundersøkinga kan gjerast anten som ei sykkelbelastning, eller at du får eit legemiddel som gir same effekt på blodårane i hjartet ditt som om du hadde sykla.
Før
Innkallingsbrevet inneheld informasjon som er viktig for undersøkinga. Les difor brevet grundig. Dersom du ikkje kan møte til timen, ber vi om at du gir beskjed så raskt som mogeleg.
Dersom du er gravid, kan vere gravid, eller ammar, skal du ta kontakt med nukleærmedisinsk avdeling så raskt som mogeleg. Ved graviditet eller amming kan ein i dei fleste tilfelle ikkje gjennomføre undersøkinga.
Viktige førebuingar
- Ikkje ta med gravide eller små barn som følgje til undersøkinga
- Ikkje ha på smykke eller andre metallgjenstandar når du kjem til undersøking
- Det er ein del medisinar du må slutte med før undersøkinga. Det vil du få beskjed om i innkallingsbrevet
- I innkallinga vil du også få informasjon om kva mat og drikke du ikkje kan ete/drikke før undersøkinga
- Dersom du skal til sykkelbelasting er det fint at du har på deg, eller med deg, tøy og sko som er eigna til sykling
Under
Kvileundersøking
For begge undersøkingane
Etter
Etter undersøkinga kan du reise heim.
Det tek nokre timar før den vesle mengda radioaktivitet er ute av kroppen din.
Bileta blir etterbehandla og vurdert av lege ved nukleærmedisinsk avdeling. Legen som tilviste deg får resultatet tilsendt skriftleg.