Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Matvareallergi og matvareoversensibilitet hos barn og unge

Matvareprovokasjonar er den einaste metoden der vi med stor sikkerheit kan stille diagnosen matvareoversensibilitet/matallergi, og er dermed rekna som gullstandard i utgreiinga av matvareallergi.

Før tilvising er det viktig å avklare med barnet/ungdommen og dens foreldre at dei har ein intensjon om å introdusere gjeldande matvaresubstans i kosten, under dette å ete denne regelmessig.

Tilvisingsbrevet bør også innehalde at familien bekreftar dette. Barn/ungdommar som tidlegare har vore til kostprovokasjon, fått påvist toleranse og likevel ikkje har introdusert aktuell matvare i kosten, vil oftast ikkje bli innkalla til nye kostprovokasjonar.

Vi håpar at de kan hjelpe oss med dette ved å sikre at tilvisinga inneheld følgande opplysningar om aktuelle matvare slik at vi betre kan planlegge utgreiing og behandling:

Siste eksponering

  1. Kor lenge sidan?
  2. Type matvare, oppvarma/uoppvarma, anslått mengde.
  3. Type eksponering (oral, direkte på hud).
  4. Tid frå eksponering til reaksjon.
  5. Lokalisering av symptom: Hud, mage/tarm, luftvegar, konjunktiva, systemiske.
  6. Symptomvarigheit etter eksponering.
  7. Behandling gitt ved reaksjon?

Reproduserbarheit

Har barnet/ungdommen opplevd liknande reaksjon på same matvare tidlegare? Har barnet/ungdommen inntatt aktuelle matvare utan symptom?

Sensibiliseringstestar av mistenkt matvare – tidlegare testar og nye som er maksimalt 3 månader gamle: 

  1. S-Ige – gjerne inkludert relevante komponent analysar (t.d. Ara h2/h8 ved spørsmål om peanøttallergi, Cora 1, Cora 9, Cora 14 ved hasselnøttallergi og ovomucoid ved egg-allergi.)
  2. Prikktest – inkludert resultat av histamin kontroll.

Spirometri med reversibilitetstest.

Andre atopiske sjukdommar, ev behandling av desse (eksem, astma), og bekrefting på at desse er velkontrollerte. 

Faste medisinar.

Andre sjukdommar som kan gjere gjennomføring av kostprovokasjon utfordrande.

Annan relevant informasjon.

Utredning

Matvareprovokasjonar blir utførte for å avklare toleranse mot enkelte matvarer.

Behandling

Matvareprovokasjonar/matvareutvidingar blir utførte som dagbehandling i trygge rammer. Provokasjonane blir utførte av sjukepleiar og matvaren blir vanlegvis gitt i opptrappande dosar. Provokasjonen går føre seg under overvaking for raskt å kunne oppdage reaksjonar og med akuttberedskap for behandling av eventuelle alvorlege reaksjonar.

Matvareprovokasjonar blir gjorde som:

Open provokasjon

Her veit både barnet/ungdommen, foreldre og helsepersonell kva matvare som blir gitt.

Enkel blind provokasjon

Provokasjonen går over to dagar, oftast etter kvarandre, der barnet/ungdommen får maten som skal undersøkast (aktiv dag) og den andre dagen mat som smaker likt, men ikkje inneheld den aktuelle matvara (placebo dag). Barnet/ungdommen får først etter at undersøkinga er gjennomført vite kva dag som var aktiv dag, mens helsepersonellet har visst dette.

Dobbelt blind provokasjon

Provokasjonen går over to dagar, oftast etter kvarandre kor barnet/ungdommen éin dag får matvara som skal undersøkast (aktiv dag) og den andre dagen mat som smaker likt, men ikkje inneheld den aktuelle matvaren (placebo dag). Verken barnet/ungdommen eller helsepersonellet får vite kva dag som er aktiv dag før etter at provokasjonen er gjennomført.

Matvareutvidingar

Blir utført dersom foreldre av ulike årsaker ikkje innfører enkelte matvarer heime. Fleire matvarer kan testast ut på same dag og det er vanlegvis ikkje behov for opptrapping i dosar.

Dobbel blind provokasjon på mjølk/gluten i heimen

Denne metoden blir brukt dersom ein mistenker at symptoma kjem seint, eller etter fleire dagars eksponering. Barnet/ungdommen får da med ein matpakke (oftast muffins) frå sjukehuset som inneheld mjølk/gluten eller placebo, og et maten heime i 3 periodar à 5 dagar. Familien registrerer sjølv symptoma heime. Knyt til blir symptoma samanlikna i dei tre periodane, og ein får avklart om plagene er knytt til inntak av mjølk/gluten eller ikkje.

Behandlinga av matvareallergi er å unngå den eller dei matvarene som barnet eller ungdommen er allergisk eller overfølsam for. De får grundig informasjon om kor matvara finst og ved behov om kva erstatningsprodukt de bør bruke.

Ein viktig del av behandling av matvareallergiar er også å introdusere i kosten dei matvarene det er påvist toleranse for.

Oppfølging

Kontrollar og nye provokasjonar blir avtalte for kvart enkelt barn/ungdom etter behov.

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn

Kontakt Barn

Oppmøtestad

Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
  • Måndag 17:00 - 18:30
  • Tysdag 17:00 - 18:30
  • Onsdag 17:00 - 18:30
  • Torsdag 17:00 - 18:30
  • Fredag 17:00 - 18:30
  • Laurdag 17:00 - 18:30
  • Søndag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.