Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vevsprøve

Lymfeknutebiopsi, nynorsk

Vevsprøve (biopsi) blir gjord for å stille ein diagnose. Det blir teke ut ein liten bit av det vevet ein mistenkjer sjukdom i, slik at vevet kan undersøkjast. Det finst ulike typar lymfeknutebiopsiar; kirurgisk lymfeknutebiopsi og radiologisk lymfeknutebiopsi.

Før

Vevsprøven bør takast før eventuell behandlingsstart. Det blir teke blodprøvar av deg før du skal ta vevsprøve.

Dersom du tek blodfortynnande medisin må du gi beskjed om dette, fordi det kan vere behov for eit opphald av medisinane i forkant av undersøkinga. Gi også beskjed dersom du har allergiar, særleg mot medisinar. Av og til kan forbehandling for å førebyggje bløding vere nødvendig. Du får i så fall informasjon om dette av legen.

Du vil få beskjed i innkallingsbrevet om du skal faste før undersøkinga. Ved radiologisk lymfeknutebiopsi i mageregionen, er det ein generell regel at du må faste i fire timar før undersøkinga, for å få best mogleg kvalitet på bileta. Dette inneber at du verken skal ete, drikke, røykje, tyggje tyggjegummi eller suge pastillar. Tek du faste medisinar (bortsett frå blodfortynnande), skal du ta desse som vanleg på operasjonsdagen med inntil eit halvt glas vatn.

Under

Kirurgisk lymfeknutebiopsi

Dette er vevsprøvar som blir tekne av lymfeknutar i armholer, lyskar eller halsregionen.

Ved prøvetaking av vev av lymfeknutar i armholer eller lyskar får du lokal bedøving eller narkose. Prøvetaking av vev av lymfeknutar i halsregionen blir som regel gjord i narkose, og du vil bli lagd inn på sjukehuset i samband med undersøkinga.

Radiologisk lymfeknutebiopsi

Slike vevsprøvar blir tekne anten med rettleiing av ein ultralyd- eller ei CT-maskin. Vanlegvis blir undersøkinga utført medan du ligg flatt på ein benk.

Ultralydrettleidd biopsi

Det området av kroppen som skal undersøkjast må vere avkledd. For å kunne lage bilete må det vere god kontakt mellom huda og lydhovudet, derfor blir det alltid brukt ein slags gelé på huda. Den kan ofte kjennast litt kald med ein gong. Legen beveger lydhovudet over det aktuelle området, og det blir danna eit bilete på skjermen.

Ultralydrettleidd prøvetaking av vev blir ofte brukt for å setje diagnose når det er funne forandringar på røntgen. Området som det skal stikkast i blir vaska og dekt til med ein steril duk. Formålet med undersøkinga er å stadfeste eller avkrefte vondarta sjukdom.

CT-rettleidd biopsi

Blir nytta når det er vanskeleg å lokalisere lymfeknuten med ultralyd. Same framgangsmåte som ved ultralydrettleidd biopsi, bortsett frå at det blir nytta ei CT-maskin for å få optimal posisjon av nåla.

Gjer det vondt?

Ei ultralyd- eller CT-undersøking kan opplevast ubehageleg fordi du må liggje heilt stille i samband med prosedyren. Av og til må legen trykkje litt ekstra på ultralydhovudet for å få betre oversikt. Det kan kjennast ubehageleg eller vondt, spesielt dersom du allereie har smerter i området. Dersom det er nødvendig å gi kontrastvæske, vil du kjenne eit stikk i armen når nåla blir sett (som ved ein blodprøve). Biopsien kan vere smertefull, og du vil få lokalbedøving i forkant. Lokalbedøvinga er litt ubehageleg.

Kor lenge varer undersøkinga?

Undersøkingstida varierer frå cirka eit kvarter til ein time, avhengig av kva område som skal undersøkjast, kor mange bilete som skal takast, om det er nødvendig med kontrastvæske eller om det blir teke vevs-/celleprøvar.  

Etter

Nokre gonger kan det vere nødvendig med observasjon etter enkelte typar vevsprøvar. Dette avheng av eventuelle blødingssymptom og/eller kroppsområdet som det er teke prøve av. Pasientar som ligg på sjukehuset kjem tilbake til avdelinga, medan polikliniske pasientar vanlegvis kan reise heim.

Når får eg resultatet?

Som oftast vil du få svaret av lege ved poliklinikken. Ofte må ein vente på resultatet av denne vevsprøveundersøkinga i cirka 4 veker før behandlinga kan starte.

Ver merksam

Radiologiske og kirurgiske biopsiar gir auka risiko for bløding, derfor må enkelte pasientar observerast i fleire timar på sjukehuset etter undersøkinga.

Kontakt