Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Lungesykdommer hos barn og unge

Vi gjennomfører ein eller fleire testar for å finne ut kva type luftvegssjukdom/-plage du har. Slik kan vi finne ut kva for behandling som kan vere best å bruke.

Utredning

I utgreiinga må du ta ulike testar for å finne ut kva type lungesjukdom/-plager du har og kva for behandling som då er best for deg.

Dei tre øvste utgreiingane vi har skildra her er testar som alle må ta, men enkelte også må ta fleire.


Behandling

Avhengig av kva for sjukdom som blir påvist vil vi lage eit behandlingsopplegg som er tilpassa diagnose/problematikk og alder. Målet med all behandling er at barnet skal oppleve minst mogleg symptom dag og natt, færrest mogleg forverringar og best mogleg funksjon i dagleglivet – på ein lågast mogleg dose medisin.

Astma er den vanlegaste kroniske lungesjukdommen hos barn og unge. Behandling av dette er basert på bruk av førebyggjande medisin og anfallsmedisin.

  • Førebyggjande medisin  blir som regel teke som inhalasjon (pustemedisin) kvar morgon og kveld over ein lengre periode. Desse inneheld typisk kortison, eventuelt også langtidsverkande luftrørsutvidar (kombinasjonspreparat) . Det finnast fleire ulike typar førebyggande inhalasjonsmedisin. Førebyggande medisin kan også vere i tabelett-/pulverform ein gong dagleg, vanlegast då er Montelukast. Det kan ta fleire veker før barnet merker om denne type medisin har effekt.
  • Anfallsmedisin er inhalasjonsmedisin som blir gitt ved anfall med pustevanskar eller mykje hoste eller som førebyggande før planlagt påkjenning. Barnet kan ta denne medisinen når som helst på døgnet og ein kan rekne med effekt i løpet av nokre minutt. Kan takast mange gongar dagleg. Doseringa blir bestemt av legen, men ved større anfall med tungpust er det ofte nødvendig med høg og gjentatte dosar. Kontakt lege dersom medisinen ikke har effekt eller berre har kortvarig effekt. 

Behovet for medisin vil ofte variere i løpet av året og med alderen. Målet er god kontroll på symptoma. Alle barn skal ha ei skriftleg, indivuduell og oppdatert behandlingsplan for behandling av astma og astmaforverring utarbeida av legen sin. Rett inhalator med ekstra utstyr som masker og kolber i forhold til alder og riktig bruk og teknikk av utstyr er viktig. For meir informasjon, sjå for eksempel www.naaf.no/no/astma/

Fleire avdelingar tilbyr astmaskule til foreldre til barn/unge med astma. God informasjon og opplæring av pasient og pårørande er viktig for å oppnå god meistring av sjukdommen og lite plager i kvardagen.

Det finst fleire andre lungesjukdommar og behandlinga vert tilpassa diagnose/tilstand. Aktuell behandling kan vere inhalasjonar, slimmobilisering, fysioterapi, trening, antibiotika osv.

Oppfølging

Astma

Når diagnosen er stilt hos større barn kan oftast fastlegen følge opp dette med vurdering av symptom og medisinering og kontroll av lungefunksjon. Vi tilrår minst årleg kontroll hos barn og unge som står på faste medisinar. Behandlingsskjema og type inhalator må revurderast regelmessig og tilpassast symptombilde og alder. Det er også viktig å justere medisindosen ettersom barnet vokser. Det er behov for hyppigare oppfølging ved dårleg symptomkontroll og/eller høgdosert behandling, eventuelt kan dette då gjerast hos spesialist/poliklinikk. Hos små barn vil det ofte bli lagt opp til kontroll hos spesialist for avklaring av effekt med medisinar og behov for vidare medisinering. Avhengig av symptom og alder vil det ofte bli avtalt kontroll kvar 3.- 6. månad. Eventuelt kan opplegget for oppfølging bli delt mellom spesialist og fastlege.

Andre diagnosar

Nokre kroniske og alvorlege tilstandar blir følgt opp hos spesialist regelmessig over mange år, medan andre tilstandar kan avklarast og følgast opp hos fastlege. Dette er avhengig av situasjonen til kvar enkelt.

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn

Kontakt Barn

Oppmøtestad

Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
  • Måndag 17:00 - 18:30
  • Tysdag 17:00 - 18:30
  • Onsdag 17:00 - 18:30
  • Torsdag 17:00 - 18:30
  • Fredag 17:00 - 18:30
  • Laurdag 17:00 - 18:30
  • Søndag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.