Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Livsstilsendring ved fedme hos barn og unge

Livsstilsbehandling skal hjelpe barn og unge til å gjennomføre dei endringane som trengst for å gå ned i vekt og stabilisere vekta over tid. Ein stor del av livsstilsbehandlinga går ut på å redusere  inntak av kaloriar og oppretthalde eller auke nivået av fysisk aktivitet. I behandling av barn og unge er det nødvendig å engasjere familien og omgivnadene som barnet lever i. Det vil ofte bety at også foreldre og søsken må endre litt på matvanane sine og bevege seg litt meir.

Før

For å lykkast med livsstilsbehandling må barnet eller ungdommen vere motivert og klar for å endre levevanar. Før behandlinga gjennomfører vi ein type samtale som vert kalla motiverande intervju.

Under

Atferdsbehandling er viktig for å hjelpe barnet til å endre og oppretthalde nye kost- og aktivitetsvanar over tid. Den består av tett oppfølging både individuelt og i gruppe. Saman jobbar vi med strategiar og tiltak i kvardagen, og med konkrete mål.

Konkrete mål

Det lønner seg å sette heilt konkrete mål for ny åtferd som kan føre til ein varig vektreduksjon. Eit døme på dette er at barnet bestemmer seg for å gå ein rask 30 minutts tur kvar dag uansett vêr, men også har eit konkret alternativ viss det blir uvêr.

Sjølvmonitorering

Før dei nye vanane er innarbeidde, kan det vera viktig at du lagar ei systematisk oversikt over matinntak, fysisk aktivitet og kroppsvekt. Oversikta kan du bruke som hjelp til å bli klar over vanar og endre livsstil. Det er viktig at du tør å vege deg og at du bruker desse resultata til å justere matinntak og fysisk aktivitet (sjølvmonitorering).

Stimuluskontroll

Det er viktig å forstå kva for nokre ytre faktorar (stimuli) som kan utløyse overeting, som til dømes lett tilgjengeleg sjokolade eller snacks på bordet. Jo meir svolten du er, jo større er sjansen for at freistingane kan påverke dine val. Eit døme er å gå i butikken når det er lenge sidan ein har ete.

Dokker bør redusere eller fjerne freistingane, eller løne på andre måtar dersom barnet klarer å la vera å forsyna seg.

Redusert kaloriinntak

Fedme hos barn og unge blir også regulert gjennom å redusere kaloriinntaket. For barn som framleis skal vekse er ofte målsetjinga stabil vekt, medan for ungdom er målsetjinga ein reell vektreduksjon. Det finst mange ulike diettar, som til dømes lågfett-, lågkarbo-, høyprotein-, eller låg glykemisk indeks. Forsking har likevel vist at diettane ikkje gir forskjellige effektar på varig vekttap (lengre enn 2 år). For barn og ungdom tilrår me å følgja Helsedirektoratets kosthaldstilrådingar. Ungdom kan oppnå varig vektreduksjon ved å redusera kaloriinntaket med 500-1000 kaloriar per dag eller avgrense seg til eit totalinntak på 1200-1800 kaloriar dagleg.

Fysisk aktivitet i fedmebehandling

For å sikre varig vekttap er det viktig med regelmessig fysisk aktivitet, og det er aldri for seint å begynne. Det blir tilrådd minimum 60 minutt fysisk aktivitet kvar dag. Aktiviteten bør vere variert og intensiteten både moderat og høg.

Fysisk aktivitet utover 60 minutt dagleg gir enda større helsegevinstar. Minst tre gonger i veka bør aktiviteten vere med høg intensitet, og inkludere aktivitetar som gir auka muskelstyrke og styrkjer skjelettet.

Allsidig og variert aktivitet

Aktivitetene bør vere så allsidige som mogleg for å sikre best mogleg utvikling. Dei bør påverke både kondisjon, muskelstyrke, fart, rørsle, reaksjonstid og koordinasjon. Variert fysisk aktivitet gir mogelegheit til å utvikla både fin- og grovmotorikk. Gode aktivitetar for barn og og unge er til dømes lek inne og ute, kroppsøving, idrett og friluftsliv. Det er også fint å gå, sykle eller å bruke sparkesykkel. Legg til rette for glede, sosialt felleskap og meistring gjennom alle fire årstider.

På helsenoreg.no finn du forslag til aktivitetar for barn og unge

Redusere sittestilling

Det er også viktig å prøve å redusere tida barnet sit heilt stille. Helsestyresmaktene har komme med tilrådingar til barn, unge, vaksne og eldre om å redusere tida i ro i løpet av dagen. All rørsle er positiv.

Mange bruker ein stor del av dagen i ro, til dømes med å sjå på tv, nettbrett, eller annan «skjermtid», lesing eller sitja i bil/buss. Tida som blir nytta stillesittande framfor ulike skjermar aukar med stigande alder. Faste rammer er lett å forhalde seg til for både vaksne og unge, og det å tidsbegrense dagleg skjermaktivitet kan vera ei god løysing.

Korleis komma i gang med fysisk aktivitet?

Det viktigaste når barnet skal komme i gang med fysisk aktivitet er å velje ein aktivitet barnet liker. Då aukar sjansen for at barnet trivst og fortset med å vera fysisk aktiv.

Mange har avgrensingar med tanke på kva kroppen toler av aktivitet. Me tilrår at barnet gjer det det klarer. Når vekta går ned er det viktig å auke aktivitetsnivå i takt med kva kroppen toler. Kanskje kan barnet no driva med noko det har hatt lyst til lenge? Mange kommunar har frisklivssentralar som kan hjelpa dokker å komma i gang.

Frisklivssentralen kan til dømes tilby samtalar, trening og matkurs.

Snakk med fastlegen om det finst eit slikt tilbod i kommunen deira, eller gå inn på nettsida til kommunen. Sjekk også ut kva som finst i nærmiljøet av idrettslag, pasientorganisasjonar og treningsgrupper.

Etter

Mange har erfart at vektstabilisering etter vekttap er vanskeleg. Kroppen har ei rekkje innebygde forsvarsmekanismar mot vekttap, og desse har gode metodar for å føre vekta opp igjen. Dei som har gått mykje ned i vekt blir meir svoltne, får meir lyst på usunn mat og får lågare forbrenning (spareblusseffekten). Dette gjer det mykje lettare å leggje på seg igjen.

De bør derfor leggje ein god plan for kva som må til for stabilisere vekta etter ein vellykka vektreduksjon. Dette inneber praktisk planlegging, oppfølging hos fastlegen og bruk av sosiale nettverk, venner og familie for å få støtte til livsstilsendringane som er nødvendige. Spesielt for barn og ungdom er det nødvendig at vanane blir oppheldt i heile familien.

Å oppretthalde gode levevanar etter vektreduksjon er ein livslang krevande prosess, og dokker bør førebu dokker på at det kan bli vanskeleg i periodar. Dersom barnet får tilbakefall eller nye problem kan dokker tilvisast til sjukehuset på nytt.

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn

Kontakt Barn

Oppmøtestad

Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
  • Måndag 17:00 - 18:30
  • Tysdag 17:00 - 18:30
  • Onsdag 17:00 - 18:30
  • Torsdag 17:00 - 18:30
  • Fredag 17:00 - 18:30
  • Laurdag 17:00 - 18:30
  • Søndag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.