Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ulnare/radiale collateralligament

Leddbåndsskade i tommel

Utgreiing

Det blir som regel teke røntgen for å sjå om det er brotskade i tommelen.

Leddbandet kan vere heilt eller delvis av.

Behandling

Dersom leddbandet berre er delvis av og leddet er stabilt, kan skaden behandlast konservativt, utan operasjon.

Er leddbandet heilt av, eller leddet er ustabilt, må du opererast. Leddbandet blir då sydd.

Oppfølging etter operasjon

Om du er konservativt behandla eller operert, tek det omkring 6 veker før leddbandet er grodd.

Leddbandet toler ikkje full belasting før 12 veker etter operasjonen, og det kan hende du har smerter/ubehag mykje lenger enn dette, kanskje opp mot 1 år etterpå.

Gips og ortose

Dei første 4–6 vekene etter skade/operasjon har du på ein gips. Etter at gipsen er fjerna, skal du starte med opptrening, og du får ein ortose som skal halde leddet i ro utanom trening dei første 2–4 vekene (avhengig av kor lang gipsetid). Ortosen skal brukast heile tida utanom trening, også om natta. Du bør vaske ortosen dagleg med lunka vatn og mild såpe eller tannkrem.

Gradvis belastning

Fram til det har gått 12 veker etter operasjon skal du gradvis belaste tommelen meir. Ved tyngre aktivitetar som ballspel, skigåing og for dei som har tungt fysisk arbeid, må ortosen brukast i minimum 12 veker, men kanskje lenger dersom aktiviteten gir smerte i tommelen.

Treningsprogram

Rørsletreninga skal gjerast for å øve opp rørsla i tommelen igjen.Ta av ortosen når du skal trene.

  • Tren 5–6 gonger om dagen. Gjenta kvar øving 10–15 gonger
  • Hjelp ikkje til med den andre handa for å ta ut meir rørsle
  • Ta kortare økter dersom du har smerter under trening

 

Øving 1: Beveg tommelen opp og ned mot peikefingrar

Øving 2: Ta på fingertuppane med tommelen

Øving 3: Før tommelen inn mot handflata og ut igjen

Øving 4: Hald ein knapp mellom tommel og fingre

Øving 5: Hald ein liten ball i handa

 

Ved problem

Dersom du har spørsmål rundt treninga etter at du har komme heim, tek du kontakt med avdelinga.

Kontakt

Haugesund sjukehus Akuttmottak

Kontakt Akuttmottak

Oppmøtestad

Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.

Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket. 

Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.  

Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Opningstider for ekspedisjon

  • I dag 08:00 - 22:00
  • Måndag 08:00 - 22:00
  • Tysdag 08:00 - 22:00
  • Onsdag 08:00 - 22:00
  • Torsdag 08:00 - 22:00
  • Fredag 08:00 - 22:00
  • Laurdag 08:00 - 22:00
  • Søndag 08:00 - 22:00

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.