Dialyse Haugesund

Kronisk nyresvikt

Kronisk nyresvikt betyr at du har kronisk og livsvarig reduksjon av nyrefunksjonen. Tilstanden krever oppfølging og kontroll av nyrefunksjonen resten av livet.

Innledning

Det er flere tilstander som kan føre til redusert nyrefunksjon. Noen av de vanligste er høyt blodtrykk, sukkersyke, åreforkalking, fedme, betennelser i nyrene og lav fødselsvekt. En del av behandlingen vil ofte være å regulere disse årsakene.

Henvisning og vurdering

De fleste pasienter som trenger det, vil få time ved nyremedisinsk poliklinikk i løpet av 3-6 måneder, men ved mistanke om alvorlig nyresykdom kan det være behov for vesentlig raskere vurdering.

Nyrelege vil vurdere om det er behov for vurdering eller oppfølgning ved nyremedisinsk poliklinikk. Om det ikke er nødvendig, vil nyrelege normalt anbefale oppfølgning hos fastlege og ny henvisning ved forverring. Vurderingen baseres på grad av nyresvikt, hastighet på fall i nyrefunksjon, urinfunn og sannsynlig utløsende årsak.

Utredning

De fleste med kronisk nyresvikt oppdages ved rutinekontroll av blodprøve hos fastlege. Kronisk nyresvikt diagnostiseres ved måling av høye kreatininverdier i blodet, og på bakgrunn av dette kan nyrefunksjonen beregnes. Om nyrefunksjonen faller raskt (mer enn 3-5 % fall per år), inntreffer i ung alder (yngre enn 50-70 år, noe avhengig av alvorlighetsgrad) eller er mindre enn 30 % vil mange bli henvist til nyremedisinsk poliklinikk for vurdering.

Målet med undersøkelsene er å finne årsaken til tilstanden. Dette er viktig for å kunne forebygge videre fall i nyrefunksjonen. Utredningen omfatter blodtrykksmåling, blodprøver, urinundersøkelse og ultralydundersøkelse av nyrene. Ofte kan utredningen gjøres av fastlegen.

Les meir om Blodprøve

Blodprøve

Ei blodprøve blir tatt for å finne normale eller sjukelege forhold i kroppen. Vi kan også bruke blodprøva til å sjå om du har fått i deg legemiddel eller giftstoff.

Ved blodprøver tappar vi litt blod og undersøker det. Vi analyserer blodet for å få eit bilete av kva som skjer i kroppen din. Det kan vi sjå ved å studere antal blodceller og samansettingar av ulike biokjemiske stoff.

  1. Før

    Enkelte analysarblir direkte påverka av måltid og/eller kosthald. Det er difor viktig at du følgjer retningslinene frå den som har bestilt (rekvirert) blodprøva. Dersom du har spørsmål om faste eller diett, kan du spørje legen din (tilvisande lege).

    På sjukehuset

    Avdelinga sin prøvetakingspoliklinikk tar i mot pasientar frå sjukehuset sine poliklinikkar og sengepostar til prøvetaking i opningstidene.

    Prøvetakingav pasientar utanom sjukehuset skjer først og fremst hos fastlegen, men vi kan ta imot desse pasientane om prøvetakinga byr på spesielle problem.

    Ta med legitimasjon

    Du må ta med deg legitimasjon og rekvisisjon frå lege dersom den ikkje er sendt laboratoriet tidlegare. Du treng ikkje bestille time for blodprøvetaking, berre møt opp i opningstida.

    Du betalarikkje eigendel for å ta blodprøve.

    Merk at tilsette ved laboratoriet ikkje kan ta fleire prøver enn det legen som har tilvist deg har bestilt.

    Blodprøver av barn

    Det er viktig at du førebur barnet som skal ta blodprøve. Fortel barnet at det kjem eit stikk og at det går fort over. Dersom barnet er roleg, og arma blir heldt i ro, aukar sjansen for ei vellukka prøvetaking, og barnet slepp fleire forsøk. Som pårørande må du vere med inn, og det kan vere lurt å la barnet sitte på fanget.

    Ofte er vi to som er med når vi tar blodprøver av barn. Ein som tar prøva og ein som støttar arma ogavleier barnet. Gråt er ein naturleg reaksjon hos nokre barn, anten fordi dei er redde, blir heldt fast, eller fordi det er vondt. Di oppgåve under prøvetakinga er å halde rundt barnet, trøyste og skryte av det. Det er viktig at du som følgjer barnet er roleg under heile prosessen. Det gjer ofte situasjonen tryggare for barnet og lettare for alle.

    Ei fin hjelp for barnet er plaster eller krem med bedøving. Dette kan ein kjøpe på apoteket utan resept, og sette på minst ein time før blodprøvetakinga. Bruk av smertelindring kan hindre at barn gruer seg til framtidige prøvetakingar.

    Du kan lese meir om smertelindring i samband med blodprøvetaking her

    Verken plaster eller krem fungerer ved stikk i hæl eller finger.

  2. Under

    Du blir spurt om namn ogfødselsnummer (11-siffer) før vi tar blodprøva. Dette gjer vi for å sikre at prøvene blir riktig merka.

    Dei fleste prøvene blir tatt på innsida av olbogen.Du får eit stramt band rundt overarma slik at blodåra blir godt synleg og lett å stikke i. Vi stikk med ei tynn nål (venekanyle) og blodet blir tappa på små rør.

    Sjølve blodprøvetakinga tek vanlegvis berre nokre få minutt, og blir gjort mens du sit i ein stol. Viss det er mogleg bør du sittei roi minst 15 minutt før du tar blodprøva. Vi tappar vanlegvis 1 - 5 små rør med blod, avhengig av kor mange analysar legendin har bestilt.

    Sei ifrå om du bli uvel

    For dei fleste er det uproblematisk å ta blodprøve. Det kan gi litt ubehag når nåla blir stukken inn i huda, men det går fort over. Nokre kan bli uvel under prøvetakinga. Viss du veit at dette kan gjelde deg, er det fint om du seier ifrå til den som skal ta prøva.

  3. Etter

    Etter at prøva er tatt, legg vi eit lite kompress på stikkstaden. Den skal du trykke lett på for å hindre blødingar.

    Når blodprøva blir tatt frå ein arterie, som oftast på handleddet, er det viktig å klemme hardt og lenge på stikkstaden for å hindre blødingar.

    Dersom du brukar blodtynnande medisinar bør du klemme litt lenger på stikkstaden.

    Resultat av undersøkinga

    Resultatpå blodprøva blir sendt til tilvisande lege, den som har bestilt prøven for deg. Det er tilvisande lege som informerer deg om prøveresultatet. Laboratoriet har diverre vanlegvis ikkje høve til å formidle prøvesvar direkte til deg.

    Det er ulikt kor lang tid det tek å analysere blodprøvene. Medan nokre resultat vil vere ferdigpåfå minutt, vil andre vere klar etter få timar, seinare same dag eller neste dag. For enkelte prøver kan det ta dagar før svaret føreligg. For prøver som vi må sende til andre sjukehus kan svartida variere frå dagar til veker.

    Dersom du er innlagd på sjukehuset, eller har time på ein av poliklinikkane, er mange prøveresultat klare like etter analyseringen.

    Dersom prøvesvaret blir sendt i posten til for eksempel fastlegen din, kan det ta nokre dagar før du får svar.

Gå til Blodprøve

Les mer om Blodtrykksmåling

Blodtrykksmåling

Når du blir innlagt i sykehus, vil helsepersonell som regel måle blodtrykket ditt. Hvor hyppig blodtrykket blir målt, avhenger av diagnose og behandling. 

Når blodtrykket blir målt, blirresultatet oppgittved to tall. Måleenheten er mm Hg (millimeter kvikksølv). For eksempel kan blodtrykket ditt være 120 over 80 mm Hg. Det første og høyeste tallet kallessystoliske blodtrykk («overtrykket»). Dette er trykket i blodårene (arteriene) når hjertet pumper ut blod. Det andre og lavere tallet, kalles diastolisk blodtrykk («undertrykket»). Dette er trykket når hjertet slapper av og blir fylt opp med blod før neste slag.

  1. Før

    Vi anbefaler at du ikke spiser, drikker, røyker, inntar koffein eller utfører fysisk aktivitet i de siste 15-30 minutter før blodtrykksmålingen.

  2. Under

    Riktig måleteknikk er avgjørende for at det målte blodtrykket skal bli mest mulig korrekt.

    Du skal sitte eller ligge stille når blodtrykket blir målt, uten korslagte ben. Hvil armen din på et bord eller annen støtte, slik at midten av overarmen er i hjertehøyde, samtidig som armen hviler inntil kroppen.

    Hverken du eller den som måler blodtrykket skal snakke under blodtrykksmålingen.

    En blodtrykksmansjett blir plassert midt på overarmen. Så blåsesmansjetten opp slik at den strammer rundt overarmen før luften gradvis blir sluppet ut. Blodtrykksmansjetten er koblet til et blodtrykksapparat som leser av blodtrykket. Ofte gjentar viblodtrykksmålingen flere ganger for å få et riktig resultat.

  3. Etter

    Resultatet av blodtrykksmålingen får du med en gang.Resultatet kan ha betydning for videre undersøkelser og behandling.

Gå til Blodtrykksmåling

Les meir om Ultralydundersøking

Ultralydundersøking

Ultralydundersøking vert gjort for å stille diagnose, kartlegge utbreiinga av ein sjukdom eller for å vurdere effekt av ei behandling. Ultralyd slik den blir nytta her er ikkje skadeleg for kroppen. 

Ultralyder høgfrekvente lydbølger og fungerer i prinsippet som eit ekkolodd. Ultralydapparatet sender lydbølger inn i kroppen. Når lyden passerer forskjellige vev i kroppen,blirnoko av lydenreflektert tilbake som ekko. Denne lyden vert fanga opp av eit lydhovudog lydbølgene omdanna til bilete i ultralydmaskinen.

  1. Før

    Førebuingtil eiultralydundersøkingvarierer ut frå kva som skal undersøkast.

    • Vedundersøkingav mageregionen må duvere fastande dei sistefire timane før undersøkinga. Du skal heller ikkje tyggetyggegummi eller etepastillar. Er du avhengig av medisinar, skal du ta desse som vanleg med lite vatn.
    • Ved undersøking av urinblæra skal du drikke rikeleg i forkant og møtemed full urinblære.
    • For andre ultralydundersøkingar er det inga førebuing.

    Informasjon om førebuing til undersøkinga blir gitt i innkallinga du mottar i posten eller ved avdelinga når time blir avtalt.

  2. Under

    Vanlegvis ligg du på ein benk under undersøkinga. Det området av kroppen som skal undersøkast måvere avkledd.For å kunne lage bilete må det vere god kontakt mellom huda og lydhovudet.Det vert nytta ein gelé på huda, somkan kjennest litt kald med ein gong. Lydhovudet blir flytta fram og tilbakeover det aktuelle området medan ein tek ein serie av bilete.

    Undersøkinga gjer ikkje vondt. Av og til må den som undersøker deg trykke litt ekstra på lydhovudet for å få betre innsyn. Det kanopplevastlitt ubehageleg, spesielt viss du har smerter eller er øm i området.

    I nokre få tilfelle er det aktuelt å gikontrast i blodåra di (mikro-gassbobler). Ein legg inn ei plastnål i olbogen eller handryggen. Nåla vert fjerna etter undersøkinga.

    Du vil på førehand bli spurt om eventuelle tidlegare reaksjonar på kontrast, om allergiar eller astma og diabetes. Kontrasten medfører svært sjeldan ubehag.

    I andre tilfelle er det aktuelt å måle stivheit i organ for eksempel lever, ved hjelp av ultralyd elastografi. Denne tilleggsundersøkinga varer 3-5 min og har ingen biverknader.

    Undersøkinga varer frå10 til 30minutt, alt etterkva for eit område som skal sjekkast.

  3. Etter

    Inneliggande pasientar kan gåtilbake til avdelinga med det same.

    Andre pasientarkan reise heim etter undersøkinga.

    Ved ultralydundersøking derkontrastblir gitt intravenøst, vil vi be deg vente på avdelingaei lita stund etter at kontrastener sett inn.

    Resultatet av undersøkinga

    Biletablir granska av ein lege som lagar ei beskrivingav kva bileta viser.Beskrivingablir sendt legen som tilviste deg, normaltinnaneiveke. Bileta ogbeskrivingablir lagra i datasystemet vårt.

    Enkelte gongar kan ein få svar direkte etter undersøkinga, men som oftast får du svaret frå legen som tilviste deg.

    Pasientar som er innlagde på sjukehuset får som regel svar neste dag.

Gå til Ultralydundersøking

Behandling

Hovedmålet med behandling av kronisk nyresvikt er å unngå videre tap av nyrefunksjonen og påviste årsaker må forsøkes korrigert så godt som mulig. Det er spesielt fokus på god blodtrykksregulering med bruk av medisiner.

Ved mer alvorlig nyresvikt vil det også kunne være nødvendig med behandling av benmineral sykdom ved kronisk nyresvikt (sekundær hyperparathyroidisme), surt blod, lav blodprosent, forstyrrelser i elektrolyttbalanse (spesielt høye kaliumverdier) og overvæsking (kan gi hevelser i bena og tungpust).

Om nyrefunksjonen faller under 10-15 % vil det oftest være behov for behandling med kronisk nyreerstattende behandling med kronisk dialysebehandling (bloddialyse eller posedialyse) eller nyretransplantasjon. De fleste pasienter med kronisk nyresvikt vil imidlertid aldri utvikle alvorlig nyresvikt.

Samvalg

Når du har blitt syk eller har et helseproblem, finnes det ofte flere ulike muligheter for både undersøkelser og behandling. Her finner du samvalgsverktøy som kan hjelpe deg til å ta valget.

Les meir om Dialyse - hemodialyse

Dialyse - hemodialyse

Nyrene si oppgåve er mellom anna å reinse ut avfallsstoff og overskotsvatn frå kroppen. Dette kjem ut som urin. Ved sterkt nedsett nyrefunksjon kan både avfallsstoff og vatn samle seg opp og vere skadeleg. Dette kan behandlast med hemodialyse, som inneber å reinse blodet med eit kunstig nyre/dialysefilter og ein dialysemaskin.

Dializa goscinna
Feriendialyse

Avfallsstoff og/eller vatn blir produsert kontinuerleg og samlar seg opp mellom behandlingane. Derfor må ein få behandling jamleg. Behandlinga kan vare i 3-5 timar. Dei fleste treng hemodialyse i fire timar, tre eller fire gonger i veka.

Dialyselegen bestemmer behandlingsprogrammet som passar for den enkelte.

Det blir tatt blodprøvar jamleg for å måle behov for og effekt av behandlinga.

  1. Før

    Før oppmøte til avtalt tid trengs inga spesiell førebuing. Viss det er noko du må ta særleg omsyn til, vil du få beskjed om det.

    Du blir vegt før behandlinga startar. Dette er for å måle eventuell vektforskjell etter førre behandling som skuldast oppsamla vatn. Deretter får du sette deg i ein behandlingsstol eller seng og blodtrykk blir målt.

  2. Under

    Under behandlinga sitt eller ligg du ved dialysemaskinen.

    For å kunne reinse blodet ditt, trengs det tilgang til ditt blodsystem, ein såkalla blodtilgang. Det er anten ein A/V-fistel (to samankopla blodårer på ein arm) eller eit kateter i ei stor blodåre, vanlegvis ved halsen. Ein sjukepleiar koplar deg tildialysemaskinen. Dialysen (reinsinga) startar og overskotsvatn blir gradvis trekt ut i løpet av behandlingstida viss det er nødvendig.

    Under dialysen vil litt av blodet ditt, cirka 2 dl, sirkulere i slangesett og dialysefilteret. Behandlinga er nøye overvaka av kontrollfunksjonane i dialysemaskinen og av personalet og varar i 3-5 timar. Det gjer ikkje vondt å få dialyse.

    Personalet er i same rom og kan tilkallast ved behov. Blodtrykket ditt blir målt undervegs. Du kan for eksempellese eller sjå på TV under behandlinga.

    Når behandlinga skal avsluttast, får du tilbake blodet som er i slangesettet og dialysefilteret og du blir kopla frå maskinen.

  3. Etter

    Etter dialysen måler vi blodtrykk og veg deg ein gong til. Dette for å ha noko å samanlikne med neste gong du kjem til behandling, slik at vi kan måle eventuell vektoppgang grunna nytt oppsamla overskotsvatn.

    Viss det er nødvendig, kan vi legge tilrette for transport til og frå behandling.

Gå til Dialyse - hemodialyse

Avdeling
Dialyse Haugesund
Stad
Haugesund sjukehus
Les meir om Dialyse - posedialyse

Dialyse - posedialyse

Ved posedialyse (på fagspråket peritonealdialyse) blir dialysevæske ført inn i bukhola di gjennom eit kateter på magen. Dialysevæska i buken må skiftast ut jamleg fordi den etter nokre timar blir metta med avfallsstoff og mistar effekt. Med litt planlegging kan posedialyse fint kombinerast med jobb og reiser.

Dialyse er ei livslang behandling, dersom du ikkje kan få ny nyre. Dialysen reinsar blodet ditt, slik at du ikkje døyr av nyresvikt, men kan leve med sjukdomen. Ved posedialyse er det bukhinna som fungerer som reinsefilter når avfallsstoff frå blodbanen blir transportert over i dialysevæska.

Du kan skifte frå posedialyse til hemodialyse (maskindialyse på sjukehus) om du ønskjer det, eller dersom det er nødvendig av medisinske årsakar.

Mange opplever at energinivået aukar gradvis etter oppstart av posedialyse, og at symptoma før behandling blir redusert eller forsvinn. Posedialyse erstattar ikkje funksjonen til friske nyrer fullt ut. Du vil derfor kunne oppleve at ikkje alle symptoma på nyresvikt forsvinn.

Med posedialyse vil mange i mindre grad enn ved hemodialyse trenge kost- og drikkerestriksjonar. Dels fordi nyrene si evne til å skille ut væske og avfallsstoff blir betre bevart, og delvis fordi posedialyse gir kontinuerleg reinsing av blod og utskilling av overskotsvæske.

Det er to ulike metodar for posedialyse. Du kan skifte posar manuelt eller bruke dialysemaskin. Utstyret du treng til posedialyse blir levert heim til deg. Storleiken på utstyret kan tilsvare eit todørs garderobeskap.

Manuelle poseskift (CAPD)

CAPD (continuous ambulatory peritoneal dialysis) inneber at utskiftinga av dialysevæske blir utført manuelt med posar du koplar til kateteret. Med CAPD har du dialysevæske i buken heile døgnet, men du skiftar den ut med ca 4 timars mellomrom, morgon, føremidag, middag og kveld. Ved kvart skift set du inn mellom 2 og 2,5 liter dialysevæske. Det tar omlag 30 minutt å gjere eit poseskift, det vil seie å bytte dialysevæska i buken med ny.

Automatisert peritonealdialyse (APD)

Med APD koplar du deg til ein maskin som gjer inn- og uttappinga av dialysevæska om natta når du søv. Du kan kople deg frå maskinen, for eksempel viss du må på toalettet. Med APD varar behandlinga vanlegvis i 8-10 timar. Hos dei fleste blir behandlinga avslutta om morgonen ved at maskinen setinn mellom 1,5 og 2,5 liter væske som blir verande i buken til du koplar deg til maskinen igjen om kvelden.

  1. Før

    Før du kan starte med posedialyse vil du få operert eit kateter inn i bukhola di. Kateteret er ein tynn plastslange som blir sett inn ved eit kirurgisk inngrep, helst to til tre veker før oppstart av dialysen. Operasjonen blir vanlegvis gjort med lokalbedøving. Du må rekne med to til tre dagar på sjukehus i samband med dette inngrepet.

    På sjukehuset får du grundig opplæring i å gjere posedialyse sjølv. Opplæringa blir tilpassa dine behov og tar vanlegvis éi til to veker.

    Dersom du treng hjelp, vil heimetenesta kunne hjelpe deg med posedialysen. Dei vil då også få opplæring frå sjukehuset.

  2. Under

    Når du utfører posedialyse, fører du dialysevæske inn i bukhola di gjennom kateterert du har fått operert inn. For at du ikkje skal begynne å fryse eller kjenne ubehag ved inntapping, varmar du dialyseposane til kroppstemperatur på ei varmeplate du får låne frå sjukehuset.

    Dialysevæska i buken må skiftast med jamne mellomrom fordi den etter nokre timar blir metta med avfallsstoff og mistar effekt. Dialysevæska som har stått i buken din, tappar du ut gjennom kateteret. Etterpå set du inn ny kroppstemperert dialysevæske.

    Når du tappar ut den brukte dialysevæska, kan du mot slutten av uttappinga oppleve eit ubehag eller sug i magen, fordi kateteret sug seg mot bukveggen. Det er ikkje farleg, ogubehaget forsvinn når du set inn væske i buken igjen.

    Det er vanleg å føle seg litt stinn over magen når du har sett inn ny dialysevæslke, særleg dei første gongene. Dei fleste venner seg til å ha væske i buken etter kort tid.

  3. Etter

    Det er ikkje lett å kjenne på kroppen om du får god nok dialyse. Derfor blir du følgt opp på sjukehuset med jamleg kontroll av blod, urin og dialysevæske, der vi mellom anna sjekker om innhaldet av avfallsstoff i blodet blir tilstrekkeleg redusert.

    Dersom du over tid får for dårleg dialyse, vil du kunne kjenne det ved at du opplever eitt eller fleire av desse symptoma:

    • Du blir slapp og har lite energi
    • Du får dårleg matlyst
    • Du får væskesamling i kroppen som kan gi brå vektauke og tung pust.

Ver merksam

Biverknadar av å ha dialysevæske i buken kan vere at du kjenner deg oppblåst og stinn, eller at du får forstopping. Etter lang tid med posedialyse kan dialysevæska svekke bukhinna slik at den blir tjukkare og fungerer dårlegare.

Dei vanlegaste komplikasjonane i samband med posedialyse er:

  • infeksjonar som kan gi bukhinnebetennelse eller betennelse rundt kateterinngangen. I enkelte tilfelle må behandlinga avbrytast og kateteret fjernast som ein konsekvens av ein slik alvorleg infeksjon
  • lekkasje av dialysevæska rundt kateteret
  • knekk på kateterslangen eller feil plassering, slik at det blir problem med drenering av dialysevæske inn og ut av buken
  • utvikling av brokk som følgje av auka trykk på bukveggen på grunn av dialysevæska.

Gå til Dialyse - posedialyse

Avdeling
Dialyse Haugesund
Stad
Haugesund sjukehus

 

Oppfølging

Alle pasienter med kronisk nyresvikt må ha livsvarig oppfølgning av blodtrykk, nyrefunksjon og urinfunn. Målet med oppfølgingen er å følge med på og begrense fallet i nyrefunksjonen. Ofte kan oppfølgningen gjøres hos fastlege, men ved alvorlig kronisk nyresvikt eller raskt fallende nyrefunksjon vil det også være behov for oppfølgning hos nyrelege.

fastlege eller annen helsetjeneste overtar som primærkontakt

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Apotek Haugesund sjukehus

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Finne fram på Haugesund sjukehus

For å finne enklaste veg til avdelinga du skal på, kan du bruke vårt interaktive kart. Det kan vise deg trappefri adkomst og oversikt over inngangar og heisar. Gå til interaktivt kart.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kantine og kiosk Haugesund sjukehus

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Minibank Haugesund

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkering

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 


Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.

Relaterte nyheiter

Fann du det du leita etter?