Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kronisk forstopping hos barn

Kronisk forstopping og irritabel tarmsyndrom (IBS) er ufarlege og svært vanlege tilstandar hos barn og unge. Avføringslekkasje er ikkje fullt så vanleg, og er oftast relatert til forstopping. Dette er tilstandar som lèt seg behandle, oftast med godt resultat. Barnet/oppfølginga til ungdommen og familien av tiltaka i kvardagen er den viktigaste suksessfaktoren for å bli kvitt plagene.

Irritabel tarmsyndrom (IBS) med forstopping er ein tilstand som medfører vekslande avføringskonsistens, hyppige toalettbesøk, auka luft i magen og mykje magesmerter.

Les meir om forstopping hos barn på helsenorge.no

Tilvising og vurdering

Fastlegen gjer ei utgreiing og behandlar barn og ungdom med kronisk forstopping. Dersom behandlinga ikkje lykkast, eller vi mistenkjer sjukdom som årsak til plagene, viser fastlege til spesialist som vurderer om barnet/ungdommen har behov for behandling ved sjukehuset.

Pasientar med langvarige plager på grunn av kronisk forstopping skal starte behandling hos spesialist innan 12 veker etter at tilvisinga er motteken ved sjukehuset. Spesialisten vurderer om barnet/ungdommen treng raskare behandling.

Utredning

Utgreiing har til hensikt å utelukke underliggjande sjukdommar eller tilstandar som kan gi forstopping. I utgreiinga legg vi vekt på sjukehistorie, og det blir gjennomført undersøkingar som til dømes:

  • kjenne og lytte på magen
  • eventuelt vurdere om det er normale forhold i og omkring anus
  • eventuelt ta blodprøve
  • eventuelt ta avføringsprøve

Røntgen og ultralyd er som oftast ikkje til hjelp ved denne tilstanden.

Behandling

For å lykkast med behandlinga må tjukktarmen bli tømt først. Dette gjer vi vanlegvis med Movicol dosepulver hos barn over 2 år. Av og til tømmer vi både ovanfrå med Movicol og nedanfrå med fleire klyster i løpet av kort tid. Vi har også andre tømmingsregime. Dette kan dykk i utgangspunktet gjere heime.

Dersom behandlinga ikkje fører fram, kan det vere aktuelt med sjukehusinnlegging for tømming. Det er viktig at tømming og behandling med avføringsmiddel skjer i samråd med lege. Barn under 2 år blir som regel tømde med klyster, anten på sjukehus eller heime.

Det trengst god innsats i familien for å lykkast med behandlinga. Det tek tid og ein må vere tolmodig ved langsam betring og eventuelle tilbakefall. Det er viktig at barnet/ungdommen sjølv forstår og er motivert for behandling, sjå nedanfor. Tidsperspektivet må vere langt, som regel minst eit par månader, og nokre små barn treng avføringsmiddel opp i ungdomsåra.

Etter tømminga startar den verkelege behandlinga; vedlikehaldsbehandlinga. Denne består av ikkje-medisinsk behandling kombinert med avføringsmiddel. Det er svært viktig å jobbe parallelt med ikkje-medisinske tiltak og dessutan å finne rett dose av avføringsmiddel direkte etter tømminga. Dette for å hindre langsamt tilbakefall. Dei to første vekene etter tømminga er avgjerande for det vidare forløpet. Vi tilrår at fastlegen blir involvert og følgjer opp behandlinga med jamne mellomrom. Føresette må sjølv bestille time hos fastlegen for oppfølging.

Det viktigaste i behandlinga er å følgje med sånn at avføringsfrekvens og konsistens er som ønskjeleg. Avføringsmiddel er berre eitt av midlane for å oppnå dette. Dersom barnet held igjen, «ikkje har tid» til å gå på do eller sitje så lenge som det trengst, eller om det er vanskeleg å få i barnet avføringsmiddel, vil det ta lang tid å oppnå ønskt effekt av behandling og kanskje de ikkje får det til i det heile take. Det er vanskeleg å oppnå resultat dersom barnet ikkje forstår konseptet og samarbeider.

Toalettrutinar er det viktigaste tiltaket for å lykkast med behandlinga.

Oftast er det ikkje nok for barnet å gå på toalettet berre når han/ho kjenner avføringstrong. Dette er ein del av problemet, at tømmingsrefleksen er nedsett.

Toalettbesøk etter måltid sjølv om barnet/ungdommen ikkje kjenner avføringstrong. Dette er for å øve opp tarmen til normal funksjon. Barnet/ungdommen bør sitje 4-5 minutt til dømes etter frukost og middag. God sitjestilling er viktig. Barn treng krakk til å ha føtene på.

Barnet må aldri halde igjen ved avføringstrong, men gå på toalettet omgåande.

Barnehage og skule bør få informasjon slik at dei kan gjennomføre toalettrutinane der òg.

Vi tilrår eit normalt fiberinntak. Dersom barnet/ungdommen har eit svært fiberfattig kosthald, bør de auke fiberinnhaldet i maten og unngå fiberfattig mat. Eit fiberrikt kosthald inneber mest mogleg fullkornsprodukt (brød, kornblanding, rundstykke, grov pasta, graut, frukt og grønsaker) og berre unntaksvis fine kornprodukt (loff og andre produkt med lite sammale mjøl, vanleg pasta og ris).

  • Vi tilrår eit normalt væskeinntak.
  • Drikk maksimum 1-2 glas mjølk dagleg. Mjølk har ein stoppande effekt. Biola eller anna syrna mjølkeprodukt er ikkje stoppande så dei kan de drikke fritt.

Låg fysisk aktivitet hos friske barn og unge er ikkje relaterte til kronisk forstopping. Kraftig nedsett fysisk aktivitet, som ved sjukehusinnlegging kan bidra til forstopping.

 

Målet med å bruke avføringsmiddel er at det i ein avgrensa tidsperiode vil vere ei hjelp til å halde avføringa blaut.

Dosen ved vedlikehaldsbehandlinga må de bestemme sjølv, i samråd med behandlande lege.

Etter tømming er det avgjerande ikkje å underbehandle. Øyker eventuelt dosen til avføringa blir for tynn flytande, reduser deretter dosen gradvis til avføringa har ønskt konsistens og frekvens. Behandling med avføringsmiddel over lang tid bør berre skje i samråd med lege.

God behandling er oppnådd når: [nedtrekk]

  • avføringa er mjuk
  • avføringa er homogen (lik i konsistens ved kvar tømming).
  • barnet har daglege tømmingar (eller annankvar dag).
  • det er rikeleg mengd ved kvar tømming (ca. ein gong dagleg eller annankvar dag).

Ikkje trapp ned dosen når rett dose er funnen, sjå nedanfor. Langsam nedtrapping over fleire månadar.

Prinsippet er at de skal oppnå vedvarande god behandling utan store tilbakefall, i ein samanhengande periode av minimum 2-3 månaders tid. Ofte lengre. I denne perioden skal de ikkje trappe ned medisineringa, og toalettvanar må vere så optimale som mogleg. Deretter skal de trappe ned medisinen i løpet av omtrent like lang tid (cirka 2 månader). Total behandlingstid ofte 3-6 månader, men ofte mykje lengre.

 

Oppfølging

Etter utgreiing og behandling hos spesialist held fastlegen fram oppfølginga. De må sjølv bestille time for oppfølging hos fastlegen.

Tilbakefall

Det er svært vanleg at symptoma kjem tilbake. Det er størst sjanse å lykkast med behandlinga når barnet/ungdommen samarbeider godt og ikkje treng å bli masa på for å ta medisinen, gå på do og liknande. Ved tilbakefall må ein vurdere å starte framanfrå med ny tømming, noko som er relativt vanleg. Vanlege symptom ved tilbakefall er magesmerter, vekslande hard og laus avføring, tendens til plutseleg avføringstrong, auka luft i magen, ofte illeluktande avføring og luftavgang, avføringssiv i trusa og ikkje minst dei symptoma barnet/ungdommen hadde før behandlinga blei sett i verk.

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn

Kontakt Barn

Oppmøtestad

Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
  • Måndag 17:00 - 18:30
  • Tysdag 17:00 - 18:30
  • Onsdag 17:00 - 18:30
  • Torsdag 17:00 - 18:30
  • Fredag 17:00 - 18:30
  • Laurdag 17:00 - 18:30
  • Søndag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.