Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kne, skade på ledd og leddbånd

På kvar side av kneleddet er det to sterke leddband som avstivar og stabiliserer kneleddet. Ved skade eller vriding av kne kan det innvendige eller utvendige sideleddbandet bli strekt eller avrive. Det mest vanlege er skade på det innvendige sideleddbandet. Dette er den hyppigaste kneskaden og utgjer omlag 40 prosent av alle kneskadar.

Symptom

Årsaka til skader på leddband kan kome av vridning eller rotasjon i kneet, slik at kneet pressast innover og leggen utover. Det vil som regel oppstå sterke smerter på innsida av kneet men dette kan variere utifrå alvorlegheitsgraden på skaden. Du vil merke at kneet er mindre stabilt enn tidligare.

Tilvising og vurdering

For å få undersøkt kneet skikkeleg kan det vere nødvendig å ta MR eller artroskopi (føre eit skop med kamera inn i kneet). Dersom fastlegen din meiner dette er nødvendig, vil du bli tilvist til ortopedisk poliklinikk.

Utredning

Du vi bli vurdert av ein ortoped om skaden skal opererast eller ikkje. Kirurgisk inngrep har som mål å stabilisere kneleddet. Ved ein større strekkskade der ligamentet er delvis avrive er det viktig at kneet sikrast med skinne 24 timar i døgnet og opp til 6 veker etter skaden. Ved ein alvorleg strekkskade er som regel også fremre korsband og/eller menisk skada. Kirurgisk behandling vert som regel tilbydd pasientar som har ein aktiv kvardag.

Behandling

Artroskopi – kikholsoperasjon vert utført dagkirurgisk. Du vil få skriftleg informasjon om møtetider, medisinar og fasting. Operasjonen går som regel føre seg i narkose. På framsida av kneet vert det laga to snitt på om omlag 1cm, der kikkert og instrument vert ført inn. Det vert skylt med saltvatn gjennom kikerten for å få bedre overblikk. Såret vert lukka med tynn tråd, og dekka av plaster. Operasjonen varer ca 1 -2 timar.

Oppfølging

Du vil ha ein elastisk bandasje frå lår og ned til fot, for å dempe hevelse. Detter fjernar du som regel om kvelden på operasjonsdagen, men det kan nyttast lenger om du ønskjer det. Du skal nytte krykker for å avlasta kneet etter operasjonen. Det er tilrådd å sitje med kneet høgt for å motverke press og hevelse. Legen vil gje deg informasjon om forløpet med tanke på opptrening og fysikalsk behandling.

Eit nyoperert kne vil gjere vondt. Det er tilrådd å ta den smertestillande medisinen du får utlevert. Det kan vere smerte og hevelse i kneet opp til 4-6 veker etter operasjonen. Stinga fjernar du hos fastlege 14 dagar etter operasjonen, med mindre anna er avtalt. Du vert vanlegvis kalla inn til kontroll på ortopedisk poliklinikk etter 2 veker. Eventuell sjukemelding varierer utifrå yrke, og blir vanlegvis følgt opp av fastlege. Bilkøyring bør du vente med til du ikkje lenger er avhengig av krykker og foten føles sterkt nok. Du skal ikkje køyre bil så lenge du brukar smertestillande med raud varseltrekant.

Ver merksam

Vær merksam på teikn på infeksjon, dunkande/aukande smerter, rødme, hevelse eller feber.

Kontakt

Haugesund sjukehus Akuttmottak

Kontakt Akuttmottak

Oppmøtestad

Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.

Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket. 

Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.  

Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Opningstider for ekspedisjon

  • I dag 08:00 - 22:00
  • Måndag 08:00 - 22:00
  • Tysdag 08:00 - 22:00
  • Onsdag 08:00 - 22:00
  • Torsdag 08:00 - 22:00
  • Fredag 08:00 - 22:00
  • Laurdag 08:00 - 22:00
  • Søndag 08:00 - 22:00

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.