Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Interstitiell lungesjukdom hos barn og unge

Interstitiell lungesjukdom er ei gruppe av sjeldne lungesjukdommar. Dei blir ofte karakteriserte som ChILD som står for «Children’s interstital and diffuse lung disease». Det blir kalla interstitiell lungesjukdom fordi den delen av lungevevet som ofte er mest skadd heiter interstitiet. Interstitiet er vove rundt lungeblærene (alveolane) der oksygen blir tatt opp i blodet.

Symptom

Det er mange ulike typar ChILD. Dei ulike typane ChILD kan ha mange av dei same symptoma, men symptoma kan også komme av andre sjukdommar. Symptoma hos barnet eller ungdommen varierer frå milde til kraftige. Symptoma kan blant anna vere hoste, problem med å puste, dårleg vektoppgang, at barnet er slitent eller har nedsett aktivitet.

Barnet eller ungdommen kan ha lågt oksygeninnhald i blodet i ro, under søvn eller ved aktivitet og hudfargen eller leppefargen kan da sjå blå ut. Barnet kan få ein unormal fasong på fingrane som blir kalla urglasnegler.

Nokre av årsakene til ChILD kjem av genetiske feil. Andre kjem av forhold i miljøet eller infeksjonar. Andre årsaker er ukjente. Det kan vere ein betennelse i lungevevet eller ei forstyrra utvikling av lungevevet. Dersom det er betennelse i lungevevet, kan det oppstå danning av arr. Arrdanning er måten kroppen reparerer skadar i vevet på. Det blir danna arr i staden for normalt lungevev.

Lungene blir stivare og mindre bevegelege. Jo meir arrvev som blir danna, jo tyngre blir det å puste. Fordi det er skade på eller mangelfull utvikling av lungevevet kan evna kroppen har til å ta opp oksygen og kvitte seg med karbondioksid, bli påverka.  

Utgreiing

For å finne ut om eit barn har ChILD, er det viktig å kartlegge sjukehistoria hos barnet og om det er andre i familien med liknande problem.

I tillegg til å stille diagnosen ChILD, må alvorsgrada av sjukdommen vurderast. Vi tar blodprøver blant anna for å sjå etter genetiske årsaker og korleis immunsystemet fungerer.

Vi måler lungefunksjonen for å vurdere på kva måte og i kor stor grad lungene er skadde. Det er mange ulike testar for å måle lungefunksjonen.

Blodprøver

Nokre barn og ungdommar synest det er vondt og/eller litt skummelt å ta blodprøver. For at det ikkje skal gjere vondt vil vi gi tilbod om bedøvingskrem (Emla).

Røntgen av lungene

Røntgenbilde av lungene blir tatt for å sjå etter skade på lungene.

CT av lungene

CT er ei meir detaljert røntgenundersøking, og blir tatt med eller utan narkose avhengig av alderen til barnet. Desse bilda viser skadar på lungene og kan av og til bestemme årsaka til ChILD. Denne undersøkinga er også nødvendig for å avgjere kor ein skal ta ei vevsprøve dersom barnet eller ungdommen treng det.

Spirometri

Spirometri er ei undersøking som måler lungefunksjonen din. Den gir primært informasjon om tilstanden til luftvegane.

Tide flow volum kurve

På små barn som ikkje kan gjennomføre spirometri, kan det vere aktuelt å måle «Tide flow volum kurve».

Bodybox

Undersøking i bodybox gir informasjon om den totale mengda luft i lungene og kor mykje luft som er igjen i lungene når barnet/ungdommen har pusta heilt ut.

Måling av diffusjonskapasitet

Diffusjonskapasitet er ei pusteprøve som måler evna til å transportere oksygen frå lungeblærene til hemoglobinet i dei raude blodlekamane.

Bronkoskopi

Det kan vere aktuelt å gjere ein bronkoskopi for å undersøke væska eller slimet som er i bronkiane og lungeblærene og for å sjå etter infeksjon.

Lungebiopsi (vevsprøve frå lungene)

I mange tilfelle vil det vere behov for å ta vevsprøve (biopsi) av lungene for å stille diagnosen. Vevsprøva blir tatt ved ein operasjon i narkose slik at barnet søv og ikkje kjenner noko. Dette blir gjort ved open lungebiopsi eller thorakoskopisk lungebiopsi. Ein kirurg lagar ei lita opning mellom ribbeina og tar ut ein liten bit av lunga som deretter blir undersøkt under mikroskopet av ein patolog. Barnet eller ungdommen vil da vere innlagd nokre dagar.  

Behandling

Støttande behandling er viktig. Det kan vere at barnet/ungdommen har behov for:

  • ekstra kosttilskot fordi dei ofte har eit auka energiforbruk
  • oksygenbehandling
  • pustestøtte
  • inhalasjonar
  • lungefysioterapi

Ulike medisinar som dempar betennelse i lungevevet blir ofte brukte ved ChILD. Det vanlegaste er ulike former for steroid.

Det er viktig at barnevaksinasjonsprogrammet blir følgt og at det i tillegg blir gitt årleg influensavaksine, vaksine mot RS-virus for barn opp til eitt år og mot lungebetennelse for barna som er over to år og vaksine mot covid-19.

Barnet/ungdommen må ikkje utsettast for tobakksrøyk.

Oppfølging

Barnet eller ungdommen må følgast regelmessig over lang tid med klinisk undersøking og måling av vekt, lengde, respirasjonsfrekvens og oksygenmetting. Utviklinga av sjukdommen varierer frå barn til barn, og kva som er årsaka. Nokon blir betre over tid, andre held seg stabile og andre igjen blir verre raskt eller over mange år.

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn

Kontakt Barn

Oppmøtestad

Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
  • Måndag 17:00 - 18:30
  • Tysdag 17:00 - 18:30
  • Onsdag 17:00 - 18:30
  • Torsdag 17:00 - 18:30
  • Fredag 17:00 - 18:30
  • Laurdag 17:00 - 18:30
  • Søndag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.