Inhalasjonsbehandling med forstøver
Inhalasjonsbehandling blir gitt til pasientar med pustevanskar. Ved inhalasjon med forstøvar kjem damp med medisinar eller saltvatn ned i luftvegane. Verknaden skjer raskt og gjer det enklare å puste.
Før
Før behandlinga vil legen undersøke barnet, observere korleis det pustar, og sjekke allmenntilstanden. Behandlinga krev ingen førebuingar, men det kan vere lurt å pusse/reinse nasen med saltvatn ved behov.
Under
Forstøvarapparat er ein maskin som lagar damp av medisinar i væskeform, eller saltvatn, som blir dampa inn i barnets luftvegar via ei maske som blir plassert over munn og nase. For større barn kan ein bruke eit munnstykke i staden for ei maske. Dei fleste barn protesterer gjerne dei første gongene, men som oftast går det betre etter kvart. Mindre barn bør sitte på fanget eller bli støtt opp av vaksne.
Treng barnet behandling, vil vi gi saltvatn eller medisinar gjennom eit inhalasjonsapparat. Kva type saltvatn eller medisin som blir gitt, er avhengig av årsaka til behandlinga. Nokre medisinar dempar hevinga i slimhinnene i lungene og løyser opp slimet, og nokre kan utvide stram muskulatur i luftvegane. Dette vil gjere det lettare for barnet å puste igjen. Når barnet pustar betre, treng det ofte ikkje fleire inhalasjonar. Nokre gonger vil vi då kunne gi same medisin vidare i form av spray.
Behandlingstida og hyppigheita varierer frå barn til barn. Nokre treng få inhalasjonar, og andre treng hyppige inhalasjonar over fleire dagar. Foreldre får ikkje gi inhalasjon dei første gongene utan at helsepersonell er til stades. Tilstrekkeleg opplæring må bli gitt først.
Etter
Nokre gonger gir vi forstøvarbehandling før innlegging. Kor mykje forstøvarbehandlinga hjelper, vil bestemme om det er nødvendig med innlegging. Dersom barnet er over seks månader og har god hjelp av forstøvarbehandling, kan de få med forstøvarapparat heim. De vil få opplæring i bruken av forstøvarapparatet og den væska som skal bli brukt (saltvatn eller medisinar).
Etter inhalasjonar som inneheld kortikosteroid, er det viktig å skylje munnen og tørke ansiktet med ein fuktig klut.
Ver merksam
Nokre medikament kan gi auka puls ei stund.