Undersøking av høyrsel hos for tidleg fødde og barn på nyfødtintensiv
Høyrselsscreening ved hjelp av ABR (automatisert hjernestammeaudiometri)
Ifølgje nasjonal anbefaling skal alle nyfødde barn få tilbod om høyrselsscreening. Det gjer vi for å kunne oppdage medfødd høyrselstap og sette i verk tiltak så tidleg som mogleg.
Screeninga blir utført før heimreise for fullborne barn. På eit prematurt barn blir høyrselsscreeninga utført når barnet er nådd 34 veker i svangerskapsalder.
Vi følgjer den nasjonale tilrådinga Screening av høyrsel hos nyfødde - Helsedirektoratet
Før
Kva for målingmetode for høyrselsscreening som skal utførast, er avhengig av om det er eit friskt nyfødd barn, eit barn som sjukt eller prematur fødd. ABR (automatisert hjernestammeaudiometri) blir utført på premature og barn som har lagt > 48 timar på ein nyfødtintensivavdeling.
Under
Vi set ein liten propp inn i øyregangen til barnet. Den inneheld ein mikrofon og høgtalar. Høgtalaren sender klikkelydar inn i øyret. Ved bearbeiding av klikkelydane blir det generert ein lyd i det indre øyret som vi måler via mikrofonen.
Målinga er smertefri. Vanlegvis er den rask, men den krev at barnet ligg i ro. Det kan vere vanskeleg å få ein godkjend test viss barnet har sonde, har oksygen på nasekateter eller andre former for pustestøtte som kan forstyrre testen.
Etter
Barn som ikkje passerer testen, eller av ulike grunnar ikkje kan få utført testen, blir tilvist til audiografisk utgreiing og oppfølging ved høyrselssentralen. Det gjeld også barn som har auka risiko for å utvikle høyrselstap seinare.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Øre-nese-hals
Oppmøtestad
Våre lokalar er i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Du kan bruke hovudinngangen og passere resepsjonen og sjukehusapoteket - du finn oss heilt i enden av korridoren.
Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande.
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund