Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Høyrselstest hos barn

Val av testmetodar ved utgreiing av høyrselstap hos barn er avhengig av alderen og evna barnet har til å samarbeide. Det kan vere aktuelt å nytte fleire testar for å komme fram til eit ønskt resultat.

Før

For barn som er store nok til å forstå er det ein fordel om foreldra snakkar med barnet før timen, slik at barnet er førebudde på kva som skal skje.

Under

Når vi skal i gang med undersøkinga prøver vi å få kontakt og skape tryggleik for barnet ditt. Testen blir utført på følgjande måte:

  • Vi kikkar i øyra med ei lommelykt (otoskop)
  • Ein mjuk silikonpropp som lagar lyd og trykk, blir sett mot øyregangen
  • Barnet får presentert ulike lydar i proppen og vi observerer eventuell reaksjon
  • Hovudtelefonar eller høgtalarar vil så nyttast for å presentere lydar eller ord

Om barnet ikkje kan eller ønskjer å medverke til denne typen høyrselstesting kan vi teste høyrselen med ulike måleinstrument.

Barn 0–3 år

For barn i alderen 0–3 år kan vi nytte følgjande målingar:

  • Tympanometri
  • Otoakustiske emisjonar OAE
  • Visual Response Audiometry (VRA)
  • Hjernestammeaudiometri (ABR)

Barn 3–6 år

For barn i alderen 3–6 år kan vi nytte følgjande målingar:

  • Tympanometri
  • Otoakustiske emisjonar OAE
  • Lekeaudimetri

Tympanometri

Ved tympanometri får barnet ein liten propp i øyregangen. Tympanometri blir nytta for vurdering av mellomøyrefunksjonen.

Sjølve målinga medfører ikkje ubehag for pasienten. Det kan opplevast som eit lite dottsanseinntrykk, men det hender at barnet motset seg å få proppen sett inn i øyregangen.

Testen blir nytta på alle aldersgrupper.

Otoakustiske emisjonar OAE

Dette er ei objektiv høyrselsmåling der vi testar funksjonen til det indre øyret. Denne testen blir også brukt til høyrselsscreening av alle nyfødde.

Testen blir gjennomført ved å setje ein liten propp i øyregangen til barnet og sende klikkelydar inn i øyret.  Desse klikkelydane genererer under normale forhold ein respons i dei såkalla hårcellene i det indre øyret som blir fanga opp av måleutstyret.

Visual Response Audiometry (VRA)

Ved VRA blir høyrselen testa ved at barnet snur seg mot eit bilete eller ei leike som respons på ein lydstimulus. Denne testen blir utført på dei minste barna, før dei er modne nok for å samarbeide til lekeaudiometri.

Hjernestammeaudiometri (ABR)

Ved ABR blir testa den elektriske responsen til sentralnervesystemet på at øret blir eksponert for lyd. Elektrodar blir tapte på huda og det blir proppar plasserte i øyregangane.

Dei minste barna kan undersøkjast sovande, medan eldre barn som oftast må undersøkjast i narkose.

Lekeaudiometri

Høyrselsmåling blir kalla audiometri. Høyrselen blir undersøkt ved å registrere responsen til pasienten på ulike tonefrekvensar og lydstyrke. Resultatet blir presentert i eit audiogram.

Først øver ein saman med barnet, men etter kvart skal barnet åleine respondere på lyden. Eitt øre blir testa av gongen. Kor mange frekvensar som blir testa varierer, då dette avheng kor godt barnet samarbeider.  

Etter

Om det er behov for vidare utgreiing, behandling og oppfølging avheng av resultata av undersøkinga.

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Våre lokalar er i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Du kan bruke hovudinngangen og passere resepsjonen og sjukehusapoteket - du finn oss heilt i enden av korridoren.

Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.