Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Høyreapparatkontroll

Under ein høyreapparatkontroll ser vi ikkje berre på sjølve høyreapparatet, vi gjer også ein heilskapleg sjekk av korleis du fungerer med høyreapparata dine.

Tilvising og vurdering

Høyreapparatkontroll blir sett opp på førespurnad frå pasient eller rutinemessig etter ei høyreapparattilpassing.

Før

Dersom du opplever problem med høyreapparata dine anbefaler vi at du les brukarrettleiinga først. Om høyreapparatet openbert er defekt kan du spare tid på å sende det direkte til leverandør.

Smarthøyrsel – App for bruk og stell av høyreapparat (hlfutvikling.no)

Om timen din er for å evaluere nye høyreapparat er det viktig å bruke høyreapparata heile tida og å notere deg eventuelle problem undervegs.

Under

Vi ønsker å kartlegge dei behova du har og kva slags erfaringar du har gjort deg med høyreapparatet.

Audiografen vil justere både lyd og passform, og dessutan vurderer behovet for ytterlegare hjelpemiddel. Du kan om nødvendig bli tilvist vidare.

Du får ein repetisjon av bruk og stell av høyreapparata.

Dersom du har høyreapparat på utprøving skal vi saman vurdere om dei passar til deg og behova dine. Dersom apparata fungerer etter hensikta, sender vi eit Nav-skjema til leverandøren og høyreapparata blir dine.

Vi anbefaler sterkt at du forsikrar høyreapparata. Eit høyreapparat har ein erstatningsverdi på mellom 7 og 14.000 kroner. Verdien står på kopien din av Nav-skjemaet.

Etter

Du er sjølv ansvarleg for å halde høyreapparata i orden. Du har rett på å søke om nye høyreapparat kvart sjette år.

Ver merksam

Om du merkar svekking i anten høyrsel eller høyreapparat kan du kontakte oss eller høyreapparatleverandøren.

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Våre lokalar er i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Du kan bruke hovudinngangen og passere resepsjonen og sjukehusapoteket - du finn oss heilt i enden av korridoren.

Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.