Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hofteleddsdysplasi – fysioterapi

Kontakt med fysioterapeut er ein del av oppfølginga av barn som blir for behandla hofteleddsdysplasi. Fysioterapeutens gir informasjon, rettleiing, praktiske tips, og legg til rette for rørsleutvikling.

Før

Uavhengig av når hoftedysplasien blir oppdaga, kan du få ein samtale med fysioterapeut. Målet er å legge til rette for at barnet ditt har det best mogleg i behandlingsperioden. Fysioterapi krev ingen førebuingar.

Under

Fysioterapeuten vil gi dykk

  • informasjon om diagnosen.
  • råd om korleis de kan handtere barnet i perioden med pute/skjene, da barnet blir meir «omfangsrikt» og meir uvant å handtere.
  • rettleiing i bruk av skjene/pute/gips, og aktuelle hjelpemiddel.
  • tips og råd om rørsleutviklinga til barnet, og korleis de kan legge til rette og stimulere barnet best mogleg i behandlingsperioden.

De kan også stille spørsmål og få svar på det de måtte lure på.

Fysioterapien medfører ingen smerter, men det varierer kor fort barnet blir vant med å bruke puta, skjena/gipsen. Dette kjem av at barnet ikkje får bevege seg slik det er vant til.

For at barnet skal kunne bevege seg så naturleg som mogleg i behandlingsperioden må omgivnadene leggast til rette. Ein måte å gjere det på er å bruke ei pute for å bygge opp under overkroppen i rygg- og mageleige. Det same gjeld i sideleie, men da bak rygg og sete. Det viktige er å sørge for at barnet får variasjon, for å få ei best mogleg rørsleutvikling.

Praktisk tilrettelegging kan innebere

  • bilsete utan opphøgde kantar på sidene (anskaffing er ansvaret til den enkelte)
  • reisestol som gir ei meir fleksibel sittestilling (for eksmepel MiniMonkey)
  • vogn og vognpose som er brei nok med tanke på sprikestillinga
  • saccosekk som gir ei meir fleksibel sittestilling med støtte
  • rullebrett der barnet kan ligge på magen og bruke armane til å flytte seg
  • rullestol med hevbare fotbrett/sprikeplate

Behovet for hjelpemiddel er som regel kortvarig (under 2 år) og noko kan lånast gjennom lokale hjelpemiddellager.

Behandlinga og hjelpemidla er elles avhengige av omfanget av dysplasien, og blir derfor tilpassa behovet til den enkelte.

Etter

Både under og etter behandling blir behovet vurdert for oppfølging hos fysioterapeut der de bur. Ved behov tar fysioterapeuten på sjukehuset kontakt med fysioterapeut lokalt.

Ofte stilte spørsmål

Nei. Av erfaring er barnet raskt tilbake på nivå med sine jamaldrande, sjølv om nokon treng litt stimulering og tilrettelegging i starten.

Ja. Det går heilt fint å ta av skjena for eksempel i samband med stell og bleieskift, sjølv om puta/skjena skal brukast mest mogleg kontinuerleg, for eit best mogleg behandlingsresultat.  Den vedvarande sprikestillinga i hoftene blir varetatt av puta/skjena/gipsen, og er avgjerande for utviklinga og behandlingsresultatet frå hofta.

Nei. Det viktigaste er å følge det behandlingsopplegget de har avtalt med sjukehuset.

Pute/skjene og gips er i dag er den best dokumenterte behandlinga for medfødd og seint oppdaga hoftedysplasi. Vi har ikkje dokumentasjon som seier noko om effekten av å bruke øvingar som alternativ behandling.

Barn med pute/gips/skjene kan berast slik dykk sjølve kjenner er best, så lenge de gir god støtte under setet og knea.

Bereselar og beresjal kan nyttast, gjerne i samråd med fysioterapeut for å sikre at rett stilling i hofta blir varetatt.

Ja.

 

Kontakt

  • Kontakt Føde og barsel, Haugesund

    Oppmøtestad

    3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå gjennom dei doble dørene ved Narvesen og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.

    Besøkstider og retningslinjer for besøk

    • Barnefar: kl. 09.00 - 21.00
    • Barnets søsken og besteforeldre: kl. 17.00 - 18.00

    Andre besøkande er av omsyn til mor og barn, ikkje tillate i avdelinga.

    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

    Transport

    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    ​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

    Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

    Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

    Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
    Laurdag: 9.00-20.00
    Søndag: 10.00-20.00 




    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har tre ladeuttak.

    Reserverte parkeringsplassar

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Parkeringsavgift

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Parkering i Haugesund sentrum

    Sjå P-kart - Haugesund Parkering

     

    Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

    www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

    www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

    Slik gjer du:

    1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
    2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

    Bruk av trådlaust nett er gratis.
     
    Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

    God surfing.

  • Kontakt Føde og barsel, Stord

    Oppmøtestad

    Dagtid i vekedagar:

    Gå inn hovudinngangen ved Stord sjukehus. Avdelinga vår ligg i underetasjen (U1).

    Kveldstid etter kl. 19.00, helg og natt:

    Vi har eigen inngang til avdelinga som kan brukast når hovudinngangen til sjukehuset er stengt. Gå opp trappa til høgre for det interkommunale legevaktsbygget, og følg gangvegen heilt til døra. Dersom døra er stengt, ringer du på ringeklokka til venstre for døra. Vi kjem og hentar deg.

    Besøkstider:

    • Barnefar: kl. 09.00 – 21.00
    • Søsken og besteforeldre: kl. 17.00 – 18.30
    En bygning med trær og biler foran seg

    Stord sjukehus

    Tysevegen 64, 5416 Stord

    Praktisk informasjon

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

    Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    ​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

    OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

    Slik gjer du:

    1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
    2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

    Bruk av trådlaust nett er gratis.
     
    Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

    God surfing.