Hoftebrot
Hoftebrot er eit brot i øvste del av lårbeinet. Behandlinga er i dag berre operasjon. Kvart år blir 9000 personar i Noreg ramma av hoftebrot, også kalla lårhalsbrot. Hoftebrot er tre gonger så vanleg hos kvinner som hos menn, og gjennomsnittsalderen er høg (rundt 80 år).
Tilvising og vurdering
Hoftebrot oppstår som regel etter fall frå eiga høgd, såkalla lågenergibrot. Hoftebrot krev akutt/snarleg sjukehusinnlegging og operasjon.
Utgreiing
For å avdekkje om det er brotskade det er snakk om, blir du først send på røntgen. Her tek vi bilete av hofta for å kunne seie kva type brot du har pådrege deg.
Etter røntgen blir du trilla til sengeposten der du får tildelt rom.
Behandling
Behandling av hoftebrot er operasjon.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarOppfølging
Du blir kalla inn til kontroll etter operasjonen. Det blir teke røntgenbilete av hofta og du skal ha ein samtale med ortoped.
Ver merksam
Kontakt lege omgåande ved symptom som:
- aukande smerter frå operasjonsområdet
- feber, slappheit
- at området rundt operasjonssåra blir raudt
- puss eller siv frå operasjonssåra
Kontakt
Haugesund sjukehus
Akuttmottak
Oppmøtestad
Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.
Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket.
Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.
Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Opningstider for ekspedisjon
- I dag 08:00 - 22:00