Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hovudverk hos barn og tenåringar

Hovudverk hos barn og tenåringar er ganske vanleg, men kan vere svært smertefullt og hemmande. Som oftast er hovudverken ufarleg, og det blir påvist ingen underliggjande sjukdom.

Ulike typar hovudverk

Hovudverk hos barn og ungdom kan variere i årsak, intensitet og symptom. Det er vanleg å dele hovudverk inn i primære og sekundære typar. Ved dei primære typane kan det ikkje påvisast nokon underliggjande tilstand, noko ein kan ved sekundær hovudverk. Tensjonshovudpine og migrene er døme på primære typar, og utgjer cirka 90 prosent av hovudverkane hos barn og unge.

 

Dette er den vanlegaste typen hovudverk hos både barn og vaksne. Den blir opplevd som ei trykkjande eller stram kjensle rundt hovudet, vanlegvis bilateralt (på begge sider av hovudet). Smerta kan vere mild til moderat og påverkar ikkje daglege aktivitetar i stor grad. Typisk varigheit frå minutt til dagar.

Migrene kan også finnast hos barn og ungdom. Den blir vanlegvis prega av moderate til kraftige smerter på den eine sida av hovudet, og blir ofte beskriven som pulserande. Migrene kan følgjast av kvalme, oppkast, lysskyheit (photophobia) og lydskyheit (phonophobia). Typisk varigheit er frå 20 minutt til 72 timar, og blir ofte verre av fysisk aktivitet. Rundt 10 prosent opplever varselsymptom like før eit anfall. Dette blir kalla aura, og kan for eksempel vere synsfeltutfall, ser blinkande lys, får øyresus, kjenner seg nomen i kroppen eller har vanskar for å snakke.

Dette er ein sjeldan type hovudverk som kan påverke eldre barn og ungdom. Smerta er vanlegvis svært intens og konsentrert i eitt auge eller den eine sida av hovudet. Klyngehovudverk kan komme i "klynger" i periodar på veker til månader, og deretter forsvinne for ei tid.

Dette refererer til hovudverk som er ei følgje av ein underliggjande medisinsk tilstand, som til dømes ein infeksjon, feber, hovudskade, betennelse i bihòlene eller augesjukdom.

Hovudverk som blir utvikla dersom ein bruker medisin mot hovudverk for ofte over tid. Det er definert som hovudverk til stades over 15 dagar per månad i 3 månadar eller meir hos ein pasient med ei eksisterande hovudverkliding. Pasienten må ta reseptfri smertestillande (paracetamol, ibuprofen) åleine i minst 15 dagar per månad, eller triptaner i 10 eller fleire dagar per månad, for at ein skal mistenkje MOH.

 

Kva kan vi gjere sjølv?

Hovudverk er ei vanleg plage som kan påverke barn og ungdom av ulike årsaker. Som foreldre er det viktig å vere merksam på symptoma til barnet og å kunne gi støtte og hjelp for å lindre ubehaget. Her er nokon ting du kan vurdere:

Identifiser mønster og triggerar

Prøv å identifisere om det er visse mønster eller triggerar som kan utløyse hovudverken hos barnet ditt. Dette kan inkludere ting som stress, søvnproblem, kosthald, dehydrering eller hormonelle endringar.

Skriv ei dagbok

Oppmod barnet til å halde ei enkel dagbok der dei skriv ned når hovudverken oppstår, kvar smerta er lokalisert, kor lenge ho varer og eventuelle triggerar som kan ha vore til stades. Det finst fleire appar til mobiltelefonen som kan brukast.

Søvnvanar

Sørg for at barnet ditt får tilstrekkeleg med søvn kvar natt. Dårlege søvnvanar kan bidra til hovudverk. Opprett ei fast sengetid og hjelp barnet med å unngå skjermtid rett før leggjetid.

Kosthald og hydrering

Eit balansert kosthald og tilstrekkeleg hydrering kan ha ein positiv innverknad på hovudverken. Unngå matvarer som kan utløyse hovudverk, som til dømes mat med mykje sukker eller kunstige tilsetningsstoff.

Regelmessig fysisk aktivitet

Oppmuntre til regelmessig fysisk aktivitet, då dette kan bidra til å redusere stress og framme generell helse. Men unngå intens trening under hovudverktilfelle.

Dersom hovudverken er intens, hyppig eller byrjar å påverke dei daglege aktivitetane til barnet, bør du oppsøkje lege. Ein lege kan hjelpe med å identifisere årsakene til hovudverken og gi råd om behandlingsalternativ.

Alle barn skal gjennomføre ein synstest. Barn under 5 – 6 års alder bør sjåast av augelege, medan eldre barn kan gå til optikar.

Utgreiing

Fastlegen tilviser deg til barnelege om spesialistvurdering blir rekna som nødvendig.

Når tilvisinga er vurdert og du har fått rett til spesialistvurdering, vil du få innkalling til poliklinisk konsultasjon. Du må føre hovudverkdagbok fram til konsultasjonen og svare på spørsmåla som ligg ved innkallingsbrevet. Spesielt er det viktig å ta med oversikt over legemidla du bruker no og legemiddel du tidlegare har brukt mot hovudverk.

Brain Twin – Hovudverkdagbok

Det viktigaste i ei nevrologisk utgreiing av hovudverk er å gå nøye gjennom sjukehistoria. I tillegg blir ei klinisk nevrologisk undersøking gjord og eventuelle tilleggsundersøkingar:

Behandling

Nye retningslinjer for behandling av primære hovudverkformer tilrår fokus på livsstilsintervensjon og åtferdsfaktorar. Ein går systematisk gjennom tema som søvn, mat, drikke, fysisk aktivitet, skjermbruk, og psykososiale faktorar. I tillegg får ein som regel anfallsmedikament ved migrene, og elles rettleiing av smertestillande medikament ved andre typar hovudverk.

Oppfølging

Pasienten blir som regel følgd ein periode på poliklinikken på sjukehuset, før fastlegen overtek oppfølginga.

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn

Kontakt Barn

Oppmøtestad

Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
  • Måndag 17:00 - 18:30
  • Tysdag 17:00 - 18:30
  • Onsdag 17:00 - 18:30
  • Torsdag 17:00 - 18:30
  • Fredag 17:00 - 18:30
  • Laurdag 17:00 - 18:30
  • Søndag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.