Hepatitt C
Hepatitt C er eit virus som ofte lagar ein "kronisk" infeksjon i levra etter at ein er smitta, men finst i fleire variantar (genotypar). Behandlinga har blitt mykje betre dei siste åra, med mykje meir effektive medisinar enn før. Dei nye medisinane fjernar viruset frå kroppen hos dei aller fleste.
I dag består hepatitt C-behandling oftast av tablett(ar) éin gong dagleg i 3 månadar og har få biverknader. Alle med hepatitt C blir tilbodne behandling uavhengig av genotype.
Dei fleste med kronisk hepatitt C kan ha infeksjonen utan å oppleve problem, sjølv utan behandling. Somme vil likevel over lang tid med infeksjon kunne utvikle komplikasjonar utan å merke det undervegs, særleg skrumplever (lever med mykje arrvev) eller leverkreft.
Etter at vi har fått mykje meir effektiv behandling med få biverknadar, bør derfor alle med hepatitt C-infeksjon bli vurderte for behandling. Behandlinga fjernar virus frå kroppen og stoppar utvikling av komplikasjonar.
Etter vellykka behandling vil du heller ikkje kunne smitte andre med hepatitt C. Har du allereie utvikla skrumplever eller forstadium til dette før behandling, bør du bli følgt opp med ultralyd også etter at du er vellykka behandla for hepatitt C.
Det beste du kan gjere for levra di er å unngå alkohol og andre stoffar som kan ha uheldige verknader på helsa di.
Utredning
Du må leggje ein plan for når det passar for deg å ta denne kuren. Det er viktig at du er i stand til å ta hepatitt C-medisinen kvar einaste dag og ikkje hoppar over dosar. Du må tenkje igjennom om du treng hjelp til å hugse på kontrollar og hente tablettar på apoteket. I tilfelle ønskjer vi oss eit telefonnummer vi kan ringje dersom du ikkje møter til kontroll og ikkje svarer på telefonen.
Du må ha med deg ei oppdatert og detaljert liste frå fastlegen over dei medisinane du bruker. Det er viktig å opplyse legen som skal behandle deg om du ammar eller har planar om å bli gravid i næraste framtid.
Først må du greiast ut med blodprøvar og elastografi (Fibroscan). Av og til må det takast ein vevsprøve frå levra (biopsi).
Du vil også bli spurd om ting som kan ha noko å seie for behandlinga di:
- Bruker du alkohol og i tilfelle kor mange glas per veke?
- Bruker du eller har du brukt sprøyter?
- Bruker du metadon eller liknande?
- Har du eller har du hatt psykiske problem og i tilfelle korleis har dette har arta seg?
Dette treng ikkje vere til hinder for behandlinga, men er viktig for oss å vite for å kunne lage eit bra opplegg for deg.
Behandling
Du får ut medisinar på apoteket for fire veker av gongen. Då må du komme tilbake til oss for blodprøvekontroll og til apoteket for boks nummer 2. Dersom alle prøvar er normaliserte etter fire veker slepp du å ta prøvar i veke åtte, men du må innom apoteket for å hente den siste boksen med medisinar.
Kor lenge varer behandlinga?
Som oftast varer behandlinga i to eller tre månadar.
Kva skjer etterpå?
For å vere sikker på at behandlinga har verka, skal du komme til legetime for å ta ein siste blodprøve éi til to veker før det har gått tre månader, til du er ferdig med behandlinga. Dersom du då er virusfri, blir du rekna som varig frisk. Dersom du ikkje blir virusfri etter ferdig behandling (det skjer hos tre til seks prosent) blir du følgt opp vidare på poliklinikken, og vi prøver å finne ein annan og betre kur for deg.
Biverknadar og komplikasjonar
Tablettane kan gi litt plager som at du blir trøytt, har hovudverk, kløe og kvalme, men totalt sett har dei få biverknadar. Berre 2 av 100 må avbryte behandlinga på grunn av biverknadar. Dette er ei stor betring i forhold til tidlegare då ein måtte setje sprøyter med interferon. Dei aller fleste greier seg utan sjukmelding frå jobben.
Forholdsreglar
Før du går i gang med ein kur, er det avgjerande at du tenkjer grundig i gjennom korleis du skal unngå å bli smitta på nytt. Dette kan handle om å ta i mot hjelp for å handtere avhengnad, alltid bruke reint utstyr når du bruker sprøyter eller verne deg på andre måtar. Dette er eit tema vi ønskjer å diskutere litt med deg om før du går i gang. Du oppnår ikkje immunitet mot hepatitt C etter å ha gått gjennom sjukdommen.
Oppfølging
Dersom du tre månadar etter avslutta kur blir erklært virusfri, treng du ikkje vidare kontrollar.
Dersom du allereie har utvikla skrumplever eller forstadium til dette før behandling, bør dette følgjast opp med ultralyd og blodprøvar også etter vellykka behandling for hepatitt C. Det gjeld først og fremst dei som har levercirrhose eller har risiko for å bli smitta på nytt.
Dersom du har risiko for å bli smitta på nytt bør du bli kontrollert med blodprøvar årleg.
Kjelder for meir informasjon
Smittevernhandboka om Hepatitt C (Folkehelseinstituttet fhi.no)
Ofte stilte spørsmål
Eg har venta i fleire år på nye medikament. Kvifor har eg ikkje fått tilbod om behandling før no?
Dei som har hepatitt C genotype 2 eller 3 og frisk lever har ikkje fått tilbod om behandling før 1. februar 2018. Årsaka er at prisen på dei nye hepatitt C-medisinane tidlegare blei verdsette til å vere for høg til at alle kunne få tilbod. Den tida er no forbi.
Kor lenge må eg ha vore rusfri for å få tilbod om behandling?
Det er ikkje noko krav om at du må vere rusfri. Det som betyr noko, er at du er i stand til å følgje opp kontrollar og behandling på ein god måte. Dette er noko vi snakkar grundig med kvar enkelt om. Uansett vurderer vi kvart menneske individuelt. Dersom du er i aktiv rus ønskjer vi ein kontaktperson som vi kan ringje dersom du ikkje kjem til kontrollar. Alle som startar med behandling får ein sjukepleiekoordinator som kan halde kontakten med støtteapparatet ditt dersom du treng det.
Kan eg få hepatittbehandling medan eg sit i fengsel?
Det får vi til dersom helseavdelinga i det aktuelle fengselet er velvillig innstilt. Dette er mykje enklare no med den nye interferonfrie behandlinga.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Gastromedisinsk poliklinikk
Oppmøtestad
Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.
Sjå informasjon om sjølvbetjent innsjekk nedafor.
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund