Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hepatitt B kronisk

Hepatitt B er ein kronisk virusinfeksjon som du aldri kan bli kvitt hundre prosent. Sjølv om du får behandling, slik at vi ikkje kan påvise hepatitt B virus i blodet ditt, vil det alltid finnast litt hepatitt B virus i levra som kan blusse opp seinare i livet. All hepatitt B-behandling blir derfor ei form for supprimerande behandling. Dei fleste med kronisk hepatitt B infeksjon har ikkje behov for slik behandling.

Hepatitt B er en virussykdom som angriper leveren og kan ha et akutt eller kronisk forløp. I Norge smitter sykdommen vanligvis ved ubeskyttet sex og via blod ved deling av utstyr for injisering av rusmidler.

Les meir på helsenorge.no

Utgreiing

Hovudmålet er å hindre utvikling av skrumplever og leverkreft hos dei som har høge levertal over lengre tid. Følgjande grupper har ytterlegare auka risiko: afrikanarar > 20 år, asiatiske kvinner > 50 år, asiatiske menn > 40 år og dei med leverkreft i familien. I enkelte situasjonar, som under graviditet, kan det vere aktuelt med behandling for å redusere smittegrada, eller verne mot oppblussing av hepatitt B under immundempande behandling.

Korleis kan eg førebu meg?

Det kjem an på kva behandling du skal ha, interferon eller tablettar. Dersom du skal gjere eit forsøk med interferon bør du førebu deg litt ekstra, sidan behandlinga kan vere tøff både fysisk og psykisk. Det viktigaste er å tilpasse tidspunktet for ein interferon-kur til jobb, skulegang, reiser, planar om graviditet osv. Fastlegen bør også involverast sidan nokon kan trenge sjukmelding ein periode.

Tablettbehandling er enklare og treng mindre planlegging.

Behandling

Interferonbehandling består av éi sprøyte i veka i 1 år. Dersom du skal i gang med tablettar er det oftast 1 tablett kvar dag i mange år.

Biverknader og komplikasjonar

For dei som skal bruke interferon vil det å setje ei sprøyte ein gong i veka kunne vere litt ubehageleg. Somme får også muskelverk, utslett og svimmelheit som biverknad. Dei tablettane ein bruker i dag (oftast tenofovir eller entecavir) er velkjende medikament med få biverknader.

Oppfølging

Sidan mange får viruset tilbake i blodet når dei stoppar behandlinga, blir det hyppige kontrollar inntil prøvene har stabilisert seg.

Anten du står på behandling eller ikkje, må du til blodprøvekontroll minst 1 gong per år resten av livet. Det gjeld alle med kronisk hepatitt B-infeksjon, også dei med fine levertal og lite virus i blodet. Somme må også til ultralyd av levra 1-2 gonger per år, spesielt dei med skrumplever.

Kjelder for informasjon

Smittevernboka om Hepatitt B (Folkehelseinstituttet fhi.no)

Ofte stilte spørsmål

  • Skal eg gå til kontrollar hos dykk eller hos fastlegen?
    Dei fleste med kronisk hepatitt B blir kalla inn til ein spesialistpoliklinikk for kontroll. Dersom du blir klassifisert som «inaktiv berar» kan du følgjast opp av fastlegen, men då må du sjølv bestille deg time éin gong i året.

  • Kva gjer eg dersom fastlegen min ikkje veit kva prøver som skal takast når eg kjem dit på kontroll?
    Når du er ferdig greidd ut og legen her meiner du kan følgjast opp av fastlegen får både du og fastlegen din ei oppsummering av tilstanden din – inkludert i kva stadium du er i – og ei liste over dei prøvane som skal takast. For «inaktive berarar» er det Hgb, kvite, trombocyttar, ASAT, ALAT og S-HBVsAg 1 gong per år. Dersom ALAT stig igjen, og held fram med å vere høg utan at de finn ei anna forklaring, bør du visast tilbake til oss.

  • Eg har både hiv og kronisk hepatitt B. Skaper det problem for behandlinga?
    Nei på ingen måte. Sidan du sikkert allereie bruker medisinar mot hiv, bruker du nok eitt av midlane som verkar på hepatitt B også: tenofovir eller lamivudin.

Kontakt

Haugesund sjukehus Gastromedisinsk poliklinikk

Kontakt Gastromedisinsk poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.

Sjå informasjon om sjølvbetjent innsjekk nedafor.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.