Glukosebelastningstest for barn og unge
Glukosebelastningstest er ei undersøking der ein kontrollerer kroppens evne til å regulere blodsukkernivået. Eit blodsukkernivå innanfor normalområdet er viktig for god helse.
Før
Du må møte fastande til glukosebelastningstesten. Det vil seie at du ikkje må ete, drikke, røykje/snuse eller tyggje tyggjegummi etter midnatt kvelden før undersøkinga.
Under
På undersøkingsdagen blir det først blir det tatt ein blodprøve for å kontrollere blodsukkerverdiane når du er fastande. Du kan få bedøvingskrem på huden før blodprøven viss du ønsker det. Deretter må du drikke ein sukkerhaldig drikk. Du sit deretter i ro i to timar påundersøkingsrommet, og so målast blodsukkeret på nytt.
Du må ikkje ete, drikke, røykje/snuse, eller tyggje tyggjegummi i ventetida, og du må halde deg i ro fordi aktivitet kan verke inn på blodsukkerverdiane dine. Det kan vere greit å ha med lesestoff eller lignande til undersøkinga.
Undersøkinga er over etter at siste blodprøve er gjennomført. Heile undersøkinga tar om lag 3 timar.
Etter
Resultatet av blodprøvane er klare same dag som testen blir gjennomført. Lege som tilviste deg til glukosebelastningen vil tolke resultatet og forklare deg meir, og informere om vidare oppfølging og tiltak.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Barn
Oppmøtestad
Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.Besøkstider
- I dag 17:00 - 18:30

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund