Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fotbrot

Foten består av 26 knoklar og mange samband med ledd. Ledda blir samla haldne av kraftige leddband, og aktiv funksjon i foten blir tekne hand om av sener og musklar frå legg og fot. Ei rekkje nervar og blodkar som spring i lengderetninga av foten, forsyner foten med blod, kjensle og signal til den finare muskulaturen til foten. Anatomien til foten er fininnstilt, og smertefri funksjon er avhengig av minst mogleg avvik i denne anatomien.

Årsak

Brot eller skadar i foten kan oppstå isolerte, eller som ledd i høgenergiskadar der også andre delar av kroppen blir skadde. I nokre tilfelle vil skadane oppstå som følgje av lang tids overbelasting av knokkelvevet, og det kan oppstå trøyttleiksbrot. I det siste tilfellet vil det vere viktig å vere medvite desse potensielle skadane, då dei lett kan oversjåast, og det er også viktig at pasienten gjer helsepersonell merksam på symptom som kan gi mistanke om slike skadar.

I nokre tilfelle vil skadane oppstå som følgje av lang tids overbelasting av knokkelvevet, og det kan oppstå trøyttleiksbrot Slike skadar vil som oftast fastlegen kunne starte utgreiinga av, og endar som oftast til vurdering på ein ortopedisk poliklinikk for å vurdere behovet for ytterlegare operativ behandling.

Utgreiing

Ved skade i foten, vil ein under utgreiing kartleggje kvar skaden har oppstått, omfanget av skaden og kva behandling som er aktuell for skaden. Ofte vil skadeomfanget avklarast med ei CT-undersøking av foten.

 

Oversikt over ulike brot og skadar i foten

«Ute av ledd» – Luksasjonar»

Ein luksasjon vil seie at eit ledd ikkje lenger ligg anatomisk riktig, og kan finnast i alle delar av foten. Somme luksasjonar krev mykje energi for å oppstå, og er såleis alvorlege skadar. Det er viktig at leddet blir sett på plass så fort som mogleg, og krev i mange tilfelle kirurgisk behandling innan få timar.

Luksasjonar kjem av skadar av leddband, ofte med samtidig skade av knoklar og ledd. Ser ein det nødvendig, må ein i ein del tilfelle også behandle følgjande brot, og i nokre tilfelle er det nødvendig å fusjonere ledd som er sterkt skadde.

Brot

I alle knoklane i foten kan det i utgangspunktet oppstå brot, men ikkje alle treng kirurgisk behandling. Her følgjer ei oversikt over ulike typar brot og mogleg behandling:

  • Komplisert blodforsyning og omfattande leddsamband mot tilgrensande knoklar
  • Skadeomfanget blir avklart med CT-bilete
  • Vil i dei fleste tilfelle krevje operasjon

  • Knokkelen er i utgangspunktet ikkje sterk
  • Skadeomfanget blir avklart med CT-bilete
  • Blir operert dersom leddskadane vil gi plager i framtida, eller hælen blir veldig brei

  • Blir ofte skadd som ledd i andre skadar i foten
  • Skadeomfanget blir avklart med CT-bilete
  • Ved store feilstillingar i leddet, eller fare for tap av framtidig fasong og funksjon i fot, vil ein operere

  • Blir ofte skadd som ledd i andre skadar i foten
  • Skadeomfanget blir avklart med CT-bilete
  • Ved store feilstillingar i leddet, eller fare for tap av framtidig fasong og funksjon i fot, vil ein operere

  • Vanlegvis ikkje behov for operasjon
  • Operasjon dersom det er store skadar i leddet, eller stor feilstilling i brotet

 

Skadar i fot som treng operativ behandling

Om ein skade skal behandlast med operasjon, avheng ikkje berre av skaden, men også individuelle forhold. Dårleg sirkulasjon i beinet som følgje av røyking og diabetes, manglande evne til samarbeid, eller låge krav til funksjon, trekkjer i retning av ikkje-operativ behandling.

Bindevevet i foten er svært lausmaska, dette tillèt store hevelsar i foten ved skadar. Dersom det er ein skade som skal opererast, er det viktig at hevelsen er tilstrekkeleg under kontroll før operasjon. Dette inneber:

  • Total avlasting av foten fram til operasjon
  • Pålegging av komprimerande bandasje og/eller gips
  • Unngå at foten blir halden under hjartehøgd
  • Blodfortynnande medisinar for å hindre blodpropp

Førebuingar ved operasjon

Ved operasjon skal du faste frå midnatt før operasjonsdagen. Det vil seie at du ikkje kan ete, røykje, bruke snus, tyggje tyggjegummi eller pastillar. Du kan og bør drikke klare væsker (vatn eller saft), men ikkje mjølkeprodukt og jus, fram til 2 timar før operasjonen.

Dersom ein ved kirurgisk behandling set inn metall eller anna framandmateriale, vil ein gi antibiotika før, under og etter operasjonen for å hindre infeksjon.

Skadar som ikkje treng operativ behandling

Ein skade som ikkje treng operasjon, vil likevel trenge adekvat behandling:

  • Gips eller avlastande ortosar fram til skaden er hela
  • Regelmessig oppfølging med røntgenbilete, anten ved ortopedisk poliklinikk, eller i samarbeid med legevakt
  • Forventa behandlingstid for dei fleste brotskadar er 6-8 veker
  • Behov for å endre til operativ behandling blir fortløpande vurdert

Oppfølging

Etter behandling med operasjon vil dei fleste følgjast opp etter standardiserte rutinar:

  • Gips blir lagd på fram til dei første røntgenbileta etter operasjon
  • Totalavlasting, eventuelt gradert belasting fram til forventa heling, med eller utan gips
  • Smertestillande medisinar
  • Individuell vurdering i forhold til vidare bruk av blodfortynnande medisinar
  • Oppfølging på poliklinikken fram til skaden er ferdigbehandla
  • Vanleg behandlingstid for brot er 6-8 veker, medan for leddbandskadar vil behandlingstida kunne vere opp mot 12 veker.

Kontakt

Haugesund sjukehus Akuttmottak

Kontakt Akuttmottak

Oppmøtestad

Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.

Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket. 

Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.  

Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Opningstider for ekspedisjon

  • I dag 08:00 - 22:00
  • Måndag 08:00 - 22:00
  • Tysdag 08:00 - 22:00
  • Onsdag 08:00 - 22:00
  • Torsdag 08:00 - 22:00
  • Fredag 08:00 - 22:00
  • Laurdag 08:00 - 22:00
  • Søndag 08:00 - 22:00

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.