Fjerning av livmorpolypp eller muskelknute (myom) ved hysteroskopi
Polyppar og muskelknutar kan gi blødingar, smerter og/eller utflod. I tillegg kan dei også bidra til ufrivillig barnløyse eller gjentatte spontanabortar. Formålet med operasjonen er å undersøke livmorhòla, og avklare om du har polyppar eller muskelknutar (myomer) som må fjernast for å lindre symptom.
Før
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Andre førebuingar
Smykke, ringer, klokkar og piercing må fjernast.
Bruker du faste medisinar ønsker vi at du tar med deg ei oversikt over kva du bruker (dose, mengde, styrke) og det er ein fordel at du tar med deg medisinane. Ved innkomst blir det avklart i samråd med lege kva medisinar du skal ta og ikkje ta, før og etter operasjonen.
Du må rekne med noko ventetid på operasjonsdagen, ta gjerne med deg lesestoff og/eller musikk på høyretelefonar.
Under
Korleis går behandlinga føre seg?
Operasjonen skjer ved dagkirurgi. Du må ligge i minst 1 time etter operasjonen. Dei fleste er klare for å reise heim etter 2 til 3 timar. Før og etter operasjonen vil du få snakke med ein sjukepleiar, og med legen som skal operere deg. Ein anestesisjukepleiar legg inn ein kanyle i armen din.
Operasjonen kan gå føre seg enten med lokalbedøving eller i narkose. Narkose inneber at du søv gjennom heile operasjonen. Før operasjonen får du smertestillande. Sjølve operasjonen blir utført ved at eit tynt kamera blir ført gjennom livmorhalskanalen og inn i livmora, for å få god oversikt over livmorhòla og -slimhinna.
Sjølve operasjonen er berekna å vare 5 til 30 minutt.
Etter
- Etter operasjonen kan du drikke og ete som normalt.
- Etter å ha fått narkose bør du ha nokon hos deg den første natta.
- Du kan ikkje køyre bil etter narkose.
Etter operasjonen er det ikkje forventa mykje smerter. Nokon kan oppleve menstruasjonsliknande ubehag/smerter. Ved behov kan du bruke reseptfrie legemiddel som Paracetamol og/eller Ibux eller liknande.
Operasjonsdagen skal du ta det litt med ro. Avpass vidare aktivitet etter korleis du kjenner deg. Du kan dusje som normalt etter operasjonen.
Du nyttar eigenmelding ved fråvær frå jobb. Ved behov kan legen som har operert deg gi deg sjukmelding av 1–2 dagars varigheit.
Det er heilt vanleg med menstruasjonsliknande blødingar dei første dagane etter operasjonen, blødingane kan vare i inntil 4 veker. Det er ikkje uvanleg med utflod i inntil 6 veker.
Forholdsreglar
Unngå følgande dei første 14 dagane etter operasjon, eller så lenge du har blødingar og/eller utflod:
- badekar, svømmebasseng og liknande
- tampong
- samleie
Kontroll og oppfølging
Før heimreise får du snakke med lege og de avtaler om du treng vidare kontrolltime eller behandling.
Vevet som blir fjerna frå livmora blir sendt til undersøking (vevsanalyse). Svaret kjem i løpet av 4 veker. Du vil få beskjed dersom analysen viser noko som krev ytterlegare kontroll eller behandling.
Ver merksam
Dersom det skulle oppstå kraftige blødingar eller feber over 38 grader (utan symptom på annan sjukdom), skal du kontakte sjukehuset.
Kontakt
Stord sjukehus
Gynekologisk sengepost, Stord
Oppmøtestad
Vi held til i underetasjen (U1) på Stord sjukehus.
Besøkstid for pårørande:
Klokka 17.00-18.30 alle dagar.
Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord