Fedme hos barn og unge, nynorsk
For å vurdere om barnet ditt har fedme som er så helseskadeleg at han må behandlast ved sjukehus, må du og fastlegen saman sjå på BMI, midjemål og andre risikofaktorar. Den primære behandlinga av fedme er åtferdsbehandling med fokus på endring av livsstil.
Auka risiko for helseproblem
Fedme er forbunde til auka risiko for andre helseproblem som redusert livskvalitet, tilleggsjukdommer og tidleg død. Døme på tilleggsjukdommer er diabetes type 2, høgt blodtrykk, hjarte-karsjukdommar, pustestopp under søvn (søvnapné), slitasjeforandringar i vektberande ledd og nedsett fruktbarheit hos kvinner. Vekttap vil betre desse helseproblema eller fjerne dei heilt.
Fedmeoperasjon er i Noreg ikkje eit etablert behandlingstilbod for ungdom. Fedmeoperasjon blir berre gjennomført ved deltaking i forskingsprosjektet 4XL, ved Sykehuset i Vestfold. Det er viktig å vera klar over at operasjon sjeldan er tilstrekkeleg for å oppnå eit varig vekttap. Det viktigaste er endringar i kosthald og fysisk aktivitet.
Tilvising og vurdering
Overvekt hos barn og unge vurderast etter alder og kjønn.
Utgreiing
Ved første konsultasjon møter du sjukepleiar og lege til ein samtale. Her kartleggjast din sjukehistorie, vekthistorie og vektrelaterte følgjesjukdommar med tanke på moglege årsaker og komplikasjonar til overvekta. Legen vil gjera ei enkel undersøking av kroppen din.
Dei fleste vil så følgjast opp av eit team beståande av sjukepleiar, ernæringsfysiolog, fysioterapeut eller idrettspedagog. Her er formålet å kartleggja kva du et, den fysiske aktiviteten din og å gi råd om dette. Deretter legg vi opp løpet ditt vidare saman med deg, der me finn den behandlingsmetoden som passar deg best (samvalg).
Pasientar med psykiske plager som kan ha betyding for behandlinga vil bli vist til psykolog med spesiell kompetanse på barn og ungdom. Vi ønskjer også å inkludere helsesøster og fastlege i vidare oppfølging.
Behandling
Livsstilsendring
Overvekt og fedme hos barn og unge blir behandla med endring av livsstil.
Du vil først gå gjennom åtferdsbehandlinga der vi fokuserer på korleis du kan endra livsstilen din. Målet med behandlinga er varig betring av levevanar, vektreduksjon, vektstabilisering og betring av følgjesjukdommar.
Behandlinga kan bestå av gruppe- og individuell undervisning, og inkluderer element av kognitiv åtferdsterapi og motiverande samtaleteknikkar.
I behandling av barn og unge med fedme er det nødvendig å engasjere familien og omgivnadene som barnet lever i. I praksis vil det ofte bety at også foreldre og søsken endrar litt på matvanane sine og bevegar seg litt meir.
Fysisk aktivitet i fedmebehandling
For å sikra eit varig vekttap er det viktig med regelmessig fysisk aktivitet, og det er aldri for seint å begynne. Det blir tilrådd minimum 60 minutt fysisk aktivitet kvar dag. Aktiviteten bør vera variert og intensiteten både moderat og høg.
Fysisk aktivitet utover 60 minutt dagleg gir ytterlegare helsegevinstar. Minst tre gonger i veka bør aktiviteten vera med høg intensitet, og inkludera aktivitetar som gir auka muskelstyrke og styrkjer skjelettet.
4XL-studien
Vektreduserende operasjon blir berre tilboden i sjeldne tilfelle til ungdom med alvorleg fedme som fyller kriterium for deltaking i forskingsprosjektet 4XL.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarOppfølging
Du blir skrive ut frå sjukehuset etter at anbefalt behandling er gjennomført. Vidare oppfølging skjer hos fastlege og/eller helsesjukepleiar. Behandlinga du har vore igjennom vil vera førande for kva type oppfølging du treng og kor ofte du skal ha oppfølging.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Barn
Oppmøtestad
Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.Besøkstider
- I dag 17:00 - 18:30

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund