ESBL (extended spectrum beta‐laktamase)
Normalt behandlar vi bakterieinfeksjonar med antibiotika. Nokre bakteriar får eigenskapar som gjer at dei blir motstandsdyktige mot fleire typar antibiotika. ESBL (extended spectrum beta‐laktamase) er forkortinga for ein slik eigenskap. Det er viktig at du vaskar og spritar hendene.
Før
Bakteriar med ESBL er i avføringa og kan finnast på huda, på hendene og på flater som mobiltelefon, nattbord, sengetøy, dørhandtak og på inventar på baderom/toalett. Dei som rører/tar på desse områda, kan bli smitta.
Smitten blir vanlegvis overført via hendene til munnen. Derfor er det viktig at du vaskar hendene med såpe og vatn.
Bakteriar med ESBL er vanlegare utanfor Noreg, og innlegging på sjukehus i utlandet gir større risiko for å bli smitta. Menneske med alvorleg sjukdom og/eller nedsett immunforsvar (for eksempel kreft) er mest utsett for å bli sjuke av ESBL.
Bakteriar med ESBL lever som regel fredeleg i tarmen utan at ein sjølv blir sjuk. Denne tilstanden kallar ein «ESBL‐berarskap» eller «kolonisering». Bakteriane kan forsvinne av seg sjølve, men det kan ta mange månader, i enkelte tilfelle fleire år.
Dersom ESBL forårsakar ein infeksjon, er urinvegsinfeksjon vanlegast. Andre infeksjonar kan også førekomme.
Under
Det finst inga effektiv behandling som fjernar bakteriane frå tarmen. Men som regel klarer vi å behandle infeksjonane du får av bakterien.
Det viktigaste du kan gjere for å unngå smitte, er både å vaske hendene og å bruke handsprit.
På sjukehuset vil du få einerom og eige toalett. Dei som møter deg har smittefrakk, hanskar, munnbind og vernebriller. Vi samlar skittentøy i ein eigen gul sekk på rommet.
I utgangspunktet må du vere på rommet heile tida. Du kan spørje om å få lov til å forlate rommet.
Du kan få besøk, men dei som besøker deg må følge alle reglane som står her.
Dei som besøker deg, må:
- kontakte personalet før dei går inn på pasientrommet
- kontakte personalet viss dei må på toalettet
- ha på seg smittefrakk og hanskar (gjeld vanlegvis ikkje dersom dei bur saman med deg heime)
- vaske og sprite hendene grundig når dei går ut av rommet
Dei som besøker deg, må:
- ikkje bruke personlege eigedelar (for eksempel mobiltelefon) i pasientrommet.
- ikkje ha med mat og drikke
- ikkje sitte i pasientsenga
- ikkje røre maten på sengeposten
- ikkje ete eller drikke i pasientrommet, i kafeen eller kantina
- ikkje bruke toalettet på pasientrommet
- ikkje besøke andre pasientar
Be personalet om meir informasjon. Det finst to brosjyrar, éin brosjyre med informasjon til pasientar og éin brosjyre med informasjon til besøkande.
Etter
Når du har komme heim, kan du leve som normalt, men du må framleis vere nøye med hygienen for å hindre smitte.
- Du og dei du bur saman med må vaske hendene ofte, spesielt etter toalettbesøk, før matlaging og før du et.
- Du og dei du bur saman må ha eigne handkle og vaskeklutar.
- Vask undertøy, handkle og sengetøy på minst 60 °C.
- Dersom du og dei du bur saman med som har kontakt med helsetenesta, må de informere dei om at du har hatt ESBL.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Akuttmottak
Oppmøtestad
Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.
Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket.
Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.
Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Opningstider for ekspedisjon
- I dag 08:00 - 22:00