Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Droppfinger/ malletfinger

Droppfinger/malletfinger er ein vanleg skade som rammar fingerens ytste ledd. Skaden oppstår ved at sena, som strekker det ytste leddet og er festa på det ytste beinet, ryk eller losnar.

Årsakar

Skaden kan førekomme i situasjonar der fingeren er kraftig bøygd, men i dei fleste tilfelle ryk sena ved lett aktivitet med handa. Nokre gonger kan sena losne ved eit brot i beinet den er festa til. Eit røntgenbilde avdekker dette.  

Før

Ingen førebuingar er nødvendig. 

Under

Vi set ei skjene på fingeren. Skjena skal hjelpe til med å halde leddet heilt i ro, slik at sena kan feste og heile seg igjen. 

Etter

Du skal bruke skjena heile døgnet i seks veker. Unngå at det blir vått under skjena, då huda lett vil bli oppbløytt og sår av det. 

Skjena skal berre takast av for å kontrollere huda og ved behov for vask/reins av fingeren. 

Det er svært viktig at du held leddet rett heile tida mens skjena er av. Støtt derfor fingertuppen mot eit bord eller ein bordkant når skjena blir tatt av, slik at leddet ikkje blir bøygd. 

Dersom leddet blir bøygd i løpet av desse seks vekene, må du begynne på nytt frå dag éin, altså seks nye veker. 

Gradvis avvikling av skjena 

Frå veke seks til åtte skal du ta av skjena to gonger kvar dag i to timar. 
Frå veke åtte til tolv kan du ta av skjena om dagen. Du skal framleis bruke skjena om natta, og om dagen dersom du skal gjere tyngre aktivitetar der det er fare for belasting av fingeren/fingerleddet. 

Trening 

For å trene bøyefunksjonen i leddet opp igjen kan du bruke handa forsiktig når du har skjena av. Du skal ikkje gjere tyngre ting med handa i dei vekene du berre har skjena av i to timar av gongen. 

Først når du bruker skjena berre om natta, kan du bruke handa tilnærma normalt. 

Dersom det er dårleg bøyg i midtleddet på fingeren, er det viktig at du også trenar opp bøygen i dette leddet. Du skal klare å bøye dette leddet 90 grader så snart som mogleg etter at du begynner med avvikling av skjena. 

Dersom du ikkje har normal bøyefunksjon i det ytste leddet etter tolv veker, kan du begynne å bøye det passivt. 

Prognose 

Sjølv om du følger programmet i tolv veker, kan det hende at fingeren framleis ikkje blir heilt bra, men problemet skal ikkje gi nokre funksjonelle problem lenger. 


Kontakt

Haugesund sjukehus Akuttmottak

Kontakt Akuttmottak

Oppmøtestad

Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.

Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket. 

Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.  

Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Opningstider for ekspedisjon

  • I dag 08:00 - 22:00
  • Måndag 08:00 - 22:00
  • Tysdag 08:00 - 22:00
  • Onsdag 08:00 - 22:00
  • Torsdag 08:00 - 22:00
  • Fredag 08:00 - 22:00
  • Laurdag 08:00 - 22:00
  • Søndag 08:00 - 22:00

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.