DMSA nyrescintigrafi, barn – nukleærmedisinsk undersøking av nyrene
Ved DMSA nyrescintigrafi bruker vi eit radioaktivt merkt stoff som blir teke opp i nyrene. Ved hjelp av eit gammakamera eller ein SPECT/CT-maskin kan vi ta bilete av korleis det radioaktivt merkte stoffet fordeler seg i nyrene til barnet. Ved hjelp av bileta vi tek, kan vi vurdere nyrevevet og berekne nyrefunksjonen.
Årsaker
Undersøkinga kan mellom anna brukast for å vurdere påverking av nyrene etter nyreinfeksjonar og evaluering før eventuell operasjon for å fjerne ei nyre.
Før
Det er svært viktig å lese innkallingsbrevet grundig, der er det oppgitt informasjon som er viktig for undersøkinga. Om de ikkje kan møte til timen, må de gi beskjed om dette så fort som mogleg etter mottak av innkallingsbrevet.
- Barnet kan ete, drikke og ta eventuelle medisinar som vanleg.
- Vi har behov for informasjon om høgda og vekta til barnet.
- Ta gjerne med ei bok/bamse/leke barnet er glad i.
- Ta med kateterutstyr dersom barnet bruker dette.
Under
Barnet vil først få ein kanyle i armen, så set vi det radioaktivt merkte stoffet i denne.
Det tek 2–4 timar før fordelinga av stoffet er optimal, derfor må de vente denne tida før vi kan ta bileta. De treng ikkje å vente ved nukleærmedisin, de vil få beskjed om når de skal komme tilbake for å ta bileta.
Barnet må tisse / tømme blæra rett før vi skal ta bileta. Eventuell bleie må skiftast rett før bileta skal takast. Biletopptaket tek 15–30 minutt, og det er viktig at barnet kan liggje stille denne tida.
Foreldre kan vere til stades i rommet heile tida under biletopptaket. I mange tilfelle kan det vere nødvendig å hjelpe barnet til å liggje stille. Personalet vil gjere sitt ytste for at undersøkinga skal bli god nok, samtidig som opplevinga til barnet skal bli så god som mogleg.
Etter
De kan reise heim når undersøkinga er ferdig.
Bileta skal etterbehandlast og granskast av legar ved nukleærmedisin. Resultatet av undersøkinga kjem til legen som har vist barnet til undersøkinga.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Barn
Oppmøtestad
Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.Besøkstider
- I dag 17:00 - 18:30

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund