Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Delirium

Delirium er ein svært vanleg komplikasjon til akutt sjukdom. Pasientar som er skrøpelege (til dømes eldre pasientar med mange kroniske tilstandar eller demens) er ekstra utsett, men alle kan utvikle delirium om dei blir sjuke nok. Pasientar med delirium har problem med å halde merksemda og kan ha vanskar med å orientere seg. Dei gløymer lett ny informasjon og vil ofte feiltolke situasjonen dei er i, som å tru at ein sjukepleiar eigentleg er eit spøkjelse. Det er derfor typisk og naturleg at pasientar med delirium er lite samarbeidsvillige i behandlingssituasjonen. Tilstanden utviklar seg raskt, som regel i løpet av timar til få dagar, og er noko anna enn demens.

Tilvising og vurdering

Delirium oppstår i samband med akutt sjukdom eller etter operative inngrep. Av og til er den utløysande årsaka opplagd (som til dømes delirium som oppstår etter eit hoftebrot), men ikkje alltid. Uansett trengst ei grundig undersøking av pasienten, som regel av lege. Det er som oftast behov for innlegging i sjukehus for tilstrekkeleg utgreiing og behandling.

Før

Delirium kan i ei viss grad førebyggjast i sjukehus gjennom å tryggje pasienten, gjenta informasjon og sørgje for at utsette pasientar blir skjerma for unødvendig støy og uro. Pårørande har ei viktig rolle i å førebyggje delirium sidan dei kan vere med å tryggje pasienten og hjelpe til med å forklare kva som skjer.

Under

Det finst ingen medisinar som gjer at deliriet går fortare over. Prinsippa for behandling er dei same som for førebygging. Nokre pasientar kan på grunn av hallusinasjonar og vrangførestillingar bli så urolege at det utgjer ein risiko for ytterlegare komplikasjonar, til dømes dersom pasienten på eiga hand fjernar livsviktig medisinsk utstyr. I slike tilfelle må ein stundom bruke medikament som roar pasienten og dempar symptoma.

Etter

Sidan delirium blir utløyst av akutt sjukdom, går det som oftast over etter at ein har fått behandla den utløysande hendinga. Vanlegvis varer delirium i nokre få dagar, men det kan variere. Etter utskriving vil dei fleste følgjast opp av fastlegen, medan nokon blir viste til poliklinisk undersøking på sjukehuset etter 2-3 månader. Då undersøkjer vi om dei kognitive problema har gått heilt tilbake.

Mange med delirium vil få eit mellombels køyreforbod ved utreise frå sjukehuset. Dette vil vare til dei polikliniske undersøkingane har stadfesta at pasienten oppfyller helsekrava for førarkort.

Ver merksam

Delirium kan vere ei skremmande oppleving for pasientar og pårørande. Det er derfor viktig å vite at dette er ein vanleg komplikasjon til alvorleg sjukdom. At pasientar blir forvirra når dei blir akutt sjuke betyr ikkje at dei har vorte «galne» eller at dei akutt har utvikla demens.

Kontakt

Haugesund sjukehus Akuttmottak

Kontakt Akuttmottak

Oppmøtestad

Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.

Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket. 

Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.  

Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Opningstider for ekspedisjon

  • I dag 08:00 - 22:00
  • Måndag 08:00 - 22:00
  • Tysdag 08:00 - 22:00
  • Onsdag 08:00 - 22:00
  • Torsdag 08:00 - 22:00
  • Fredag 08:00 - 22:00
  • Laurdag 08:00 - 22:00
  • Søndag 08:00 - 22:00

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.