Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

CT av barn

CT er ei røntgenundersøking der vi tek tverrsnittbilete av område i kroppen ved hjelp av røntgenstrålar.

Kvifor gjer vi undersøkinga?

CT blir brukt som tilleggsundersøking til vanleg røntgen og ultralydundersøkingar. CT-undersøkingar har ulike namn avhengig av kva del av kroppen som skal undersøkjast.

Barn som skal ta CT, må liggje heilt stille under undersøkinga, og kan eventuelt få roande medisin. I nokre tilfelle krevst det narkose. Dette vurderer vi individuelt.

Før

CT-undersøking i narkose

Dersom barnet skal ha narkose må det faste (ikkje ete, drikke, ta medisinar eller suge på pastillar). Kor lenge på førehand barnet må faste er avhengig av alder.

Vaken under CT-undersøkinga

Det er viktig å førebu barnet på han/ho må liggje stille på ein benk som bevegar seg inn og ut av CT-trommelen.

Barnet kan ete og drikke som vanleg før undersøkinga.

Faste medisinar kan takast som vanleg.

CT med intravenøs kontrastvæske

I nokre tilfelle må vi setje kontrast i blodårane, men dette er avhengig av kva ein skal sjå etter på bileta.

Dersom undersøkinga skal gjerast i mage/bekken-regionen får barnet eventuelt saft eller flytande kontrast (stoff som synest på røntgenbileta).

Dersom barnet skal ha kontrast i blodet, får ho/han eit plastrøyr (kanyle) lagt inn i ei blodåre. De vil på førehand bli spurde om barnet har hatt reaksjonar på kontrastmiddel tidlegare, og enkelte andre risikofaktorar.  

Under

Korleis undersøkinga blir utført vil variere ut frå kva som skal undersøkjast.

Som regel tek undersøkinga 10 – 30 minutt. Sjølve bilettakinga tek berre nokre få minutt.

Under undersøkinga ligg barnet på ein motorisert benk, som flyttar seg gjennom den korte opninga av CT-maskina. Når bileta blir tekne, bevegar benken på seg. Det er heilt avgjerande for biletkvaliteten at barnet ligg stille under heile undersøkinga. Ved nokre undersøkingar blir barnet bede om å halde pusten i nokre sekund medan bileta blir tekne. Dette for å unngå unødige rørsler i lunge- og mageregionen. Undersøkinga er smertefri.

Personalet går ut av undersøkingsrommet når bileta blir tekne. Dei kan sjå barnet gjennom eit vindauge, og høyrer det gjennom ein mikrofon i maskina.

CT med intravenøs kontrastvæske

Når kontrasten passerer gjennom organa i kroppen, blir det teke bilete i serie av dei ulike organa. Når kontrastvæska blir gitt, er det vanleg å få ei varmekjensle i kroppen, men denne kjensla forsvinn etter kort tid.

CT med narkose

Ved narkose varer undersøkinga cirka 1 ½ time.

Etter

Dersom barnet er vakent under undersøkinga, er det ingen forholdsreglar etterpå.

Dersom barnet får narkose, må det overvakast til det er vakent, får i seg drikke/mat og har tissa. De kan reise heim same dag. Somme kan bli kvalme etter narkosen. Dette går som regel fort over, og barnet kan få medisinar mot dette.

Ved CT-undersøking der kontrast er gitt intravenøst, ber vi dykk vente på avdelinga i 30 minutt etter at blei sett inn. Vi tek ut venekanylen etter ventetida.

Resultat av undersøkinga

Bileta blir granska av ein røntgenlege (overlege) som lagar ein skriftleg rapport av kva bileta viser. Rapporten blir send legen som tilviste barnet. Bileta og rapporten blir lagra i datasystemet vårt.

Er barnet til undersøking utan innlegging, får anten visande lege beskjed, eller de får avtale om ein ny time der resultata blir gitt. I nokre tilfelle kan resultatet kunngjerast per telefon.

Ver merksam

Vanlegvis er det ingen risiko knytt til denne undersøkinga. CT-undersøkinga er tilpassa slik at røntgenstråledosen er så låg som mogleg.

CT med kontrast

I svært sjeldne tilfelle opplever pasientar å få kløande utslett på kroppen opptil ei veke etter at å ha fått kontrast. Kjøp i så fall reseptfri allergimedisin, evt. kontakt fastlege. Røntgenkontrast gir svært sjeldan alvorlege allergiliknande reaksjonar.

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn

Kontakt Barn

Oppmøtestad

Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
  • Måndag 17:00 - 18:30
  • Tysdag 17:00 - 18:30
  • Onsdag 17:00 - 18:30
  • Torsdag 17:00 - 18:30
  • Fredag 17:00 - 18:30
  • Laurdag 17:00 - 18:30
  • Søndag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.