Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Crohns sjukdom hos barn og unge

Crohns sjukdom er ein kronisk, livslang tarmsjukdom som kan gi alvorlege komplikasjonar. Legemiddel kan halde symptoma i sjakk, men ein del treng kirurgisk behandling.

Crohns sykdom er en kronisk tarmsykdom som kan gi alvorlige komplikasjoner. De vanligste symptomene er diaré og magesmerter. Legemidler kan holde symptomene i sjakk, men noen trenger også kirurgisk behandling.

Les meir på helsenorge.no

Symptom

Inflammatorisk tarmsjukdom (IBD) er sjeldan hos barn og unge, men talet på dei som får sjukdommen, er aukande. Opptil 1 av 4 av alle med IBD får symptom før 18 års alder, men sjukdommen er uvanleg før 2 års alder. Ein skil mellom Crohns sjukdom og Ulcerøs kolitt.

Ved Crohns sjukdom får pasienten flekkvis betennelse i tarmen. Sjukdommen kan gi betennelse i heile tarmsystemet, frå munn til endetarmen, og ikkje berre i tjukktarmen som ved Ulcerøs kolitt. Dei vanlegaste symptoma er diaré og magesmerter, men sjukdommen kan gi varierande grad av plager og er mange gonger vanskeleg å påvise. Andre symptom er veksthemming, slappheit, forseinka pubertet, låg blodprosent, vekttap og munnsår. Somme har hatt ulike mageplager i lang tid før dei kontaktar lege, andre får akutt innsetjande plager. Hos dei aller fleste kan ein likevel stille diagnosen med skopi.

Dersom ein har Crohns sjukdom i tarmen og symptom som diaré, magesmerter og vekttap, er det i dei fleste tilfella behov for behandling med medisinar. Behandlinga har som mål å hemme betennelsen, hindre tilbakefall og forhindre langtidsskade av tarmen. Ved manglande effekt av medisinar eller ved sjukdomskomplikasjonar er kirurgisk behandling nødvendig.

Sjukdommen krev livslang oppfølging, og barn og unge blir som regel følgde opp av lokal barneavdeling. Formålet med oppfølginga er å vurdere effekt av behandling og dessutan å påvise og behandle tilbakefall og komplikasjonar.

 

Tilvising og vurdering

Det er som regel fastlegen til pasienten som tilviser pasienten til sjukehuset for utgreiing og/eller behandling av mistenkt Crohns sjukdom.

Utgreiing

Aktuelle undersøkingar

  • Avføringsprøvar: Infeksjonar blir utelukka og fekal-test kan gi mistanke om betennelse i tarmen.
  • Blodprøvar
  • Koloskopi kan brukast for å undersøkje tjukktarmen og siste del av tynntarmen.
  • Gastroskopi blir brukt for å sjå etter sjukdom i matrøyr og magesekk.
  • Ultralyd av magen kan brukast for å sjå på magesekk, tynntarm og tjukktarm.
  • MR tynntarm blir brukt for sjå etter sjukdom i tynntarmen.
  • MR bekken kan vere aktuelt ved plager i endetarmen
  • Kapselsendoskopi blir brukt for å sjå etter sjukdom i tynntarmen.

 

Behandling

Det er vanleg å starte behandlinga med berre å gi flytande ernæring (ulike næringsdrikkar) i 6 – 8 veker. Medisinsk behandling av Crohns sjukdom har tre hovudprinsipp:

  • Anfallsbehandling for å slå ned akutt og kronisk betennelse slik at pasienten får mindre plager (behandlingseffekt) eller ikkje lenger har plager eller teikn på betennelse i tarmen (remisjon)
  • Vedlikehaldsbehandling for å hindre tilbakefall
  • Hindre komplikasjonar av sjukdommen og langtidsskade av tarmen

Det er fleire typar ulike immundempande medikament. Ved alvorleg sjukdom er også biologisk behandling aktuelt, og det kan vere nødvendig med kirurgisk behandling.  

Oppfølging

Pasienten blir følgd på lokal barneavdeling.

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn

Kontakt Barn

Oppmøtestad

Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
  • Måndag 17:00 - 18:30
  • Tysdag 17:00 - 18:30
  • Onsdag 17:00 - 18:30
  • Torsdag 17:00 - 18:30
  • Fredag 17:00 - 18:30
  • Laurdag 17:00 - 18:30
  • Søndag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.