Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

CPAP-behandling, barn

Informasjon til deg som skal starte med sovemaskin/pustemaskin.

Før

Starte med sovemaskin/pustemaskin (CPAP)

Dette er ei maskin som hjelper deg å sove roleg og godt. Maskina hjelper musklane til å bli sterkare og hovudet smartare.

For å få til det må ein øve, øve og øve, sånn at ein blir super god. Pustemaskina blåser luft inn i nasen og held luftvegen open. Du sluttar heilt å snorke.

Tøykanin som har på seg ei sovemaske, CPAP.

Her sit Kine Kanin og teiknar litt. Ho øver

på å bruke maske og maskin til natta.

Tøykanin som har på seg ei sovemaske, CPAP.

Nå sit Kine og ser på telefonen.

Kva liker du å sjå på?

I natt skal ho sove med maskina.

Ho er ganske spent.

Under

Halde fram med sovemaskin

Det er viktig å ta på maska kvar kveld, og etter kvart blir det heilt vanleg å ta på maske når du skal sove. Kanskje mamma eller pappa må vere litt strenge, òg. Det er fordi dei vil at du skal sove godt.

Maskina og maska er din, og kanskje vil du kunne sette på maska og starte maskina sjølv snart. Du kan få bestemme litt du òg. Skal de synge eller lese før du tar på maske, eller ta på maske først?

Effekt ved behandling med sovemaskin

Når ein har søvnapné og pustestopp om natta kan ein bli veldig trøytt om morgonen, og det kan vere vanskeleg å stå opp. Synest du det er vanskeleg å stå opp? Det kan vere at du har lyst til å sove litt i barnehagen eller på skolen. Nokon blir også fort sinte eller lei seg og det er heilt vanleg. Det kan vere at du kan bli litt ekstra vill, og ikkje klarer å vere i ro.

Lufta frå maskina held luftvegen open når du søv slik at pustestoppane blir borte. Da vil du sove betre og kjenne deg meir vaken på dagen, og du klarer å følge betre med i barnehagen/skolen.

SE! Nå sover Kine Kanin rolig og godt.  Innimellom blåser det litt  fra masken, men det gjør ingenting. Mamma eller pappa fikser

SJÅ! Nå søv Kine Kanin roleg og godt.

Innimellom blåser det litt

frå maska, men det gjer ingenting.

Mamma eller pappa fiksar litt på maska

mens Kine søv.

 

Det kan ta litt tid før du merkar at du har det betre. Jo lenger du søv med maskina, dess betre kjenner du deg.

Tøykanin sit i ein stol uten maske, og er glad.

Kine Kanin er så glad og fornøgd, ho klarer å sove med maske og maskin. Ho kjenner seg som ein superhelt.

 

Kine Kanin er så glad og fornøgd,

ho klarer å sove med maske og maskin.

Ho kjenner seg som ein superhelt.

 

Blir spennande å følge med

på om du kjenner deg som ein

superhelt òg. 

 

Lykke til!

 

Alle foto: Lovisenberg Diakonale Sykehus

Etter

CPAP – Nyttige tips til foreldra i tilvenningsfasen

  • I starten når barn skal venne seg til å sove med maske, er det lurt å bruke utstyret på dagtid, slik at barnet venner seg til behandlinga. Ei oppfordring er ½ – 1 time på ettermiddagen mens barnet ser på TV eller blir lese for.

  • Ver mild, men bestemt i utprøvinga. La barnet få val og dermed få kjensla av å ha kontroll. Det er viktig at barnet ikkje kan velje bort maske eller maskin. Barnet kan for eksempel i starten få avgjere om ein sjølv eller bamsen skal prøve først, kor lenge, kva bok ein skal lese eller liknande.

  • Forklar barnet at det må bruke maske og maskin når det søv – heile natta.

  • La maskina stå ved sida av senga slik at det er ein naturleg del av det å skulle sove.

  • Opptre slik at barnet skjønner at det er foreldra som bestemmer og dette er noko som ein må ta på og sove med kvar natt.

  • Dersom barnet kjempar imot når maska blir sett på, må ein prøve å roe barnet. Dersom barnet tar av maska sjølv, er det viktig å sette henne på plass igjen med ein gong.

  • Dette er for barnets beste, og det kan kjennast vanskeleg å vere foreldre når barn protesterer. Tenk korleis det var når ein lærte barna å pusse tenner.

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn

Kontakt Barn

Oppmøtestad

Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
  • Måndag 17:00 - 18:30
  • Tysdag 17:00 - 18:30
  • Onsdag 17:00 - 18:30
  • Torsdag 17:00 - 18:30
  • Fredag 17:00 - 18:30
  • Laurdag 17:00 - 18:30
  • Søndag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.