Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Covid-19

Koronavirusfamilien omfattar mange ulike virus som kan gje luftvegsinfeksjon. Mange koronavirus gjev berre forkjøling, mens andre igjen kan gje meir alvorleg sjukdom og i nokre tilfelle valda dødsfall.

Covid-19 er en luftveisinfeksjon som først og fremst smitter gjennom dråpesmitte. Symptomer på covid-19 kan være like symptomene på influensa.

Les meir på helsenorge.no

Eit nytt koronavirus blei oppdaga i Kina i januar 2020. Dette fikk seinere navnet SARS-CoV-2 og er årsaka til sjukdommen vi idag kjenner som covid-19. Viruset gjev luftvegsinfeksjon og kan gje alt frå milde symptom til alvorleg sjukdom og i sjeldne tilfelle dødsfall. Nokre personar kan ha covid-19 utan å utvikle symptom. Innlegging, intensivbehandling og dødsfall er vanlegare hos eldre og personar med underliggande sjukdomar, og særleg hos eldre med underliggande sjukdom, men kan òg finnast hos personar utan kjende risikofaktorar.

Utredning

På sjukehuset

Dersom du blir vist til sjukehus, vil du først bli stilt nokre spørsmål knytt til covid-19. Dette inneber å svare på ein del spørsmål for at sjukehuset skal kunne vurdere om du må bli tatt imot som ein muleg smitta pasient. Spørsmåla kan vere:

  • Har du fått påvist covid-19?
  • Har du hatt nærkontakt med ein person som har fått påvis koronaviru?
  • Har du hoste, tungpust eller feber?
  • Har du diare, oppkast, eller tap av lukt- og smakssans?

Viss du svarer ja på eit av disse spøssmåla og utgreiinga eller behandligna ikkje kan vente, vil du bli testa for covid-19.

Test for covid-19

Helsepersonell iført smittevernutstyr vil føre ein pensel ned i bakre svelgvegg og holde den der i cirka fem sekundar. Deretter blir den same penselen ført forsiktig inn langs botn av naseholet til den støyter mot bakre del av nasen, og den vil bli halden der i cirka fem sekundar. Testen kan vera litt ubehageleg.

Tilstanden din avgjer kvar du skal opphalde deg imedan du ventar på resultatet av testen.

Dersom du er henvist til sjukehuset skal du følgje med på din kommune sin nettside for informasjon om testing for covid-19.



Innlegging på sjukehus

Dei fleste pasientane treng ikkje å bli innlagd på sjukehus dersom dei har moglegheit for godt tilsyn og oppfølging der dei bur. Graden av tungpust er det mest kritiske i vurderinga om du har behov for innlegging på sjukehus. Det skal vere låg terskel for ny kontakt ved forverring av pust eller allmenntilstand.

Dersom du testar positivt på covid-19-testen og treng sjukehusinnlegging, blir du lagt inn på isolat på sengepost. Fleire pasientar med påvist covid-19 kan ved behov bli isolerte på same rom. Dette blir kalla kohortisolering.

Det er som hovudregel berre helsepersonell som er direkte involverte i pasientbehandlinga som skal ha åtgang til pasientrommet.

Det er ikkje lenger besøksrestriksjonar på sjukehuset. Om de planlegg besøk er det viktig å avtala med avdelinga slik at de blir rettleide i nødvendige smittevern-rutiner. Dersom pårørande er i risiko-gruppe bør behovet for besøk vurderast ut frå tilstanden til pasienten. 


Behandling

Vaksine gjer god beskyttelse mot sjukdom hvis du er fullvaksinert. Hensikta med vaksinasjon mot koronavirus er å førebyggje sjukdom eller å gjere sjukdomsforløpet mildere. Vaksinasjon gjer vanlegvis ingen eller milde biverknader.

Dersom du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona, kan det være aktuelt at du får behandling med tablettar. Tablettane, som heiter Paxlovid, reduserer risikoen for å bli alvorleg sjuk. Hvis du blir behandla heime kan du få tablettane via fastlegen din eller annan lege.

Les meir om behandling med Paxlovid på helsenorge.no

Hvem som blir vaksinert følgjer av vaksinasjonsprogrammet i din heimkommune.

Den generelle behandlinga ligg i febernedsetjande middel og oksygentilførsel ved behov samt intravenøs væskebehandling etter behov. Pasientar med lavt surstoffnivå i blodet kan ha nytte av immundempande behandling med eit kortison-preparat. Dei fleste pasientar vil også få behandling som skal redusere risikoen for blodpropp. Bruk av pustemaskin (respirator) er aktuelt hjå kritisk sjuke på intensivavdelinga.

Respirator

Respiratorbehandling er aktuelt hos covid-19-pasientar som utviklar alvorleg lungesviktsyndrom (ARDS).

Ein respirator er ein maskin som pustar for pasienten.

Dei vanlegaste respiratorane blæs luft inn i lungene, enten med ein førehandsbestemt frekvens (kontrollert ventilasjon) eller berre når pasienten sjølv prøver å puste inn (assistert ventilasjon). Etter kvar innblåsing kjem det ein utblåsingsperiode, slik at lungene kan få tømt seg.


Oppfølging

Før du kan bli skriven ut frå sjukehuset, må allmenntilstanden din ha blitt betre. Du må ikkje lenger ha behov for oksygentilskudd. Du må vere isolert i minst 4 dager, nokre ganger lenker, frå du blei sjuk og ha vært feberfri i minst 24 timar før isolering kan opphevast.

Legen din vil informere deg om kva som gjeld for deg før du blir skriven ut. Det er vanleg at det kan gå nokre veker eller månader til du kjenner deg heilt frisk etter covid-19. For nokre kan det vera aktuelt med rehabilitering.

Forløpet etter covid- 19 varierer frå person til person. Nokon bruker tid på å komme seg i form. Etter utskrivning heim frå sjukehuset, blir kvardagen for mange litt tyngre, spesielt i starten.
 
Det er normalt å oppleve èin eller fleire av disse symptoma etter ein virusinfeksjon:
 
  • Utmatting (fatigue).
  • Påverka hugs og konsentrasjon.
  • Tørrhoste og hovudpine.
  • Smerter i skjelett og muskulatur, ofte rundt brystet kor pustemuskulaturen fester seg.
  • Lettare andpusten og behov for å ta pausar ved aktivitet.
  • Dårlegare kondisjon.
  • Hjartebank, uregelrett puls.

Tidleg aktivitet

  • Gå tur, betre med to korte økter enn èin lang. Auk gradvis lengda og intensiteten etter kvart som formen betrar seg.
  • Tren gjerne med lette vekter, korte økter er lurt. Gjerne 4 repetisjonar gjentatt 4 gonger. (4x4)
  • Yoga, Tai Chi, dans på stuegolvet, hyggeleg aktivitet.
  • Lytt til kroppen, ikkje press deg til makspuls i starten.
  • Hugs at dagleg aktivitet er trening.

Tips til vidare sjølvhjelp

  • Fortsett gjerne med mini-PEP fløyta du fikk på sjukehuset.
  • Bruk leppepust (pust roleg inn gjennom nasen og blås ut gjennom nesten lukka lepper, som når du skal blåse ut eit lys).
  • Ved hosteanfall, forsøk hoste med lukka munn, drikk væske eller prøv eit drops.
  • Ligg på magen på dagtid. Dersom dette er ubehageleg, rull ei dyne på langs og legg deg halvvegs over (som i stabilt sideleie). Sov gjerne på magen om natta.
Hvis plagene er vedvarande meir enn 3 månadar må du ta kontakt med din fastlege.

 

 

Rapportering om pasientar innlagt i sjukehus

Norsk intensiv- og pandemiregister (NIPaR) er eit medisinsk kvalitetsregistar. På nettsidane til Helse Bergen vil du kunne lese om føremålet med registeret, finne informasjon om kva som registrerast for intensivdelen og pandemidelen, og informasjon om retten til innsyn i eigne helseopplysningar.

Les meir om Norsk intensiv- og pandemiregister

Det blir sendt melding om alle nye tilfellar av covid-19 til Meldingssystem for smittsomme sjukdommar (MSIS) ved Folkehelseinstituttet.

Kontakt

Haugesund sjukehus Akuttmottak

Kontakt Akuttmottak

Oppmøtestad

Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.

Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket. 

Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.  

Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Opningstider for ekspedisjon

  • I dag 08:00 - 22:00
  • Måndag 08:00 - 22:00
  • Tysdag 08:00 - 22:00
  • Onsdag 08:00 - 22:00
  • Torsdag 08:00 - 22:00
  • Fredag 08:00 - 22:00
  • Laurdag 08:00 - 22:00
  • Søndag 08:00 - 22:00

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.