Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Cellegiftinjeksjon i spinalvæska, barn

Ved leukemi og nokon lymfekreftformer kan det førekomme at kreftcellene også spreier seg til væska som finst i hjerneholromma og i ryggmergskanalen rundt ryggmergen (spinalvæska). Dette kan skje ved diagnosetidspunktet og/eller seinare ved tilbakefall.

Dersom ein får kreftceller i spinalvæska, er det ikkje godt nok å gi cellegift berre i blodbanen. Det finst ein «blod-hjerne-barriere» som forhindrar at cellegiftene går over i spinalvæska og verkar på kreftcellene der. Cellegifta blir derfor sprøyta direkte inn i spinalvæska. Slik behandling er i dag standard.

Før

Undersøkinga blir alltid gjennomført i narkose hos barn. Barnet må derfor faste (ikkje mat, ikkje drikke, ikkje tyggegymmi, drops etc.) i nokre timar før narkosen startar.

Under

I narkose blir barnet lagt i sideleie. Legen stikk med ei svært tynn nål i korsryggen mellom to ryggtaggar. Når spinalvæska dryper ut, blir det tatt nokre dropar til ulike analysar, deretter blir sprøyten med cellegift sett på nåla og medikamentet blir sprøyta inn. Til slutt blir nåla fjerna.

Gjer det vondt?

Undersøkinga går føre seg i narkose og gjer derfor ikkje vondt. Nokon kan få litt smerter eller ubehag i korsryggen etterpå, dette er heller sjeldan. Større barn og ungdommar kan stundom plagast av hovudverk når dei set seg opp, går eller står dei første 1–2 døgna. Dette kan førebyggast ved at pasienten ligg flat i fleire timar etter behandlinga.

Kor lenge varer behandlinga?

Sjølve injeksjonen varer få minutt, narkosen og oppvakninga tar noko lengre tid.

Resultatet av spinalvæske-analysen får dykk same dag.

Etter

Vi passar godt på barnet til det er vakna frå narkosen. Nokon kan vere kvalme etter narkosen og da må vi vere litt varsame med mat og drikke.

Om det ikkje skal gjerast andre ting, kan de vanlegvis reise heim same dagen. Dette føreset at barnet har drukke og ete litt etter narkosen utan å kaste opp og er i fin almenntilstand elles.

Ver merksam

Blodplatetalet må vere sjekka og må ikkje vere for lågt. Barnet bør ikkje ha blødingstendens og ikkje bruke blodfortynnande medisin.

Ved alle narkosar er det ein teoretisk risiko for komplikasjonar, men han er svært liten. Barn som tidlegare har hatt komplikasjonar ved narkosen, eller barn med andre sjukdommar som for eksempel hjartefeil, må vurderast spesielt av narkoselege før inngrepet blir utført.

Ved feber, sterke eller tiltakande smerter i punksjonsområdet, eller andre akutte problem det første døgnet, bør de kontakte avdelinga for å diskutere eventuelle tiltak.

Ved hovudverk er det viktig at barnet legg seg ned. Barnet kan eventuelt få smertestillande, men diskuter dette gjerne først med oss.

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn

Kontakt Barn

Oppmøtestad

Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
  • Måndag 17:00 - 18:30
  • Tysdag 17:00 - 18:30
  • Onsdag 17:00 - 18:30
  • Torsdag 17:00 - 18:30
  • Fredag 17:00 - 18:30
  • Laurdag 17:00 - 18:30
  • Søndag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.