Cellegiftbehandling til barn
Cellegift, også kalla kjemoterapi eller cytostatika, er medisinar som blir brukt for å behandle sjølve kreftsjukdommen. Cellegift øydelegg kreftcellene. Også friske celler blir skadde. Derfor opplever mange ulike biverknader av cellegift.
Målet med cellegiftbehandling avheng av kva stadium sjukdommen er på:
- Kurativ behandling har som mål å heile sjukdommen.
- Livsforlengande behandling har som mål å forlenge livet.
- Symptomlindrande behandling har som mål å lindre plagsame symptom.
Kor lenge, og kor mykje vi skal behandle sjølve kreftsjukdommen, er ofte ei avveging. Dine ønsker og kunnskap om sjukdommen blir også tatt omsyn til. Allmenntilstanden din har mykje å seie for kva behandling du bør få. Av og til må vi påbegynne behandlinga for å sjå korleis ho verkar på deg og kreftsjukdommen. Informasjon frå deg og dine pårørande, og dialog mellom deg og legen, er avgjerande når vi skal planlegge, starte og avslutte den vidare behandlinga. Du får informasjon om kva som er formålet med behandlinga som blir tilboden.
Før
Dagen før kuren startar, må du ta blodprøver. Ved enkelte typar cellegiftkurar skal det også takast nokre andre undersøkingar. Dette vil de få beskjed om på førehand.
Under
Vanlegvis blir cellegiftkurar gitt intravenøst, det vil seie gjennom ei blodåre. Ved nokre kreftsjukdommar kan cellegift også settast direkte i spinalkanalen. Cellegift som tablettar eller kapslar skal svelgast heile med rikeleg mengde drikke.
Varigheita av ei cellegiftbehandling kan variere frå ein halvtime til fleire dagar. Intervallet mellom kurane er vanlegvis 1–4 veker.
Ein cellegiftkur kan bestå av ulike typar cellegifter som blir gitt fortløpande etter kvarandre. Nokon kurar krev at du er innlagd på sjukehuset, men av og til kan kurane givast på poliklinikken.
Etter
I samband med cellegiftbehandling er det viktig med god hygiene fordi nedbrytingsprodukt blir skilde ut gjennom slimhinner, urin, avføring og oppkast. Dette gjeld særleg dei tre første døgna etter avslutta kur. Her er nokre generelle råd:
- Skyl ned to gonger etter toalettbesøk. Gutar bør sitte på do for å unngå søl.
- Vask hendene godt med varmt vatn og såpe etter toalettbesøk.
- Bruk papir for å tørke opp eventuelt søl, vask deretter med vatn og såpe.
- Bruk hanskar ved bleieskift og ved sengeskift dersom det er tilsølt tøy og oppkast.
- Kast bind og bleier i ein eigen plastpose.
- Vask klede og sengetøy som blir tilsølt, med éin gong.
- Bruk kondom ved seksuelt samvær.
Ved å følge desse forholdsreglane, kan du trygt vere saman med andre akkurat som før – også barn og gravide. Du bør likevel unngå nærkontakt med personar som har symptom på infeksjonssjukdom.
Ver merksam
Dei første 15 dagane etter cellegiftkuren kan du vere ekstra utsett for infeksjonar. Unngå derfor nærkontakt med menneske som openbert har symptom eller teikn på infeksjon.
Ved feber over 38 grader på to målingar med ein time mellom, eller 38,5 på éi måling, må de ta kontakt med den lokale barneavdelinga omgåande.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Barn
Oppmøtestad
Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.Besøkstider
- I dag 17:00 - 18:30

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund