Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Brot i bekken og hofteskål

Brot i hofteskåla finst forholdsvis sjeldan. Hos eldre oftast etter fall frå eiga høgd, hos yngre etter høgenergiskadar. Brotet blir anten behandla utan operasjon (konservativt) eller med operasjon avhengig av stillinga i brotet.

Tilstand og operasjon

For å unngå slitasjeutvikling i hofta blir ofte brot i hofteskåla med feilstilling behandla med operasjon. Ved operasjonen blir brotet sett på plass og blir fiksert med plater og skruar. Dersom brotet står fint på plass i utgangspunktet kan det behandlast utan operasjon, med godt resultat. Dei fleste operasjonar i bekken og hofteskål blir utførte ved Oslo universitetssjukehus på Ullevål.

Før

Ved denne typen brot vil innlegging i sjukehus nesten alltid vere nødvendig, og diagnosen blir stilt med røntgen og CT-undersøking.

Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.

Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhald og magesyre.

Fram til 2 timar før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker fram til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timar før
  • Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timar før
  • Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. 

Strengare reglar kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.

Under

Utan operasjon

Dersom brotet kan behandlast utan operasjon, kan du vanlegvis mobiliserast med krykkjer eller andre hjelpemiddel. Du skal gå med låg belastning på beinet (inntil 20 kg) dei første åtte vekene og deretter auke belastinga til full belastning dei neste fire vekene. Treninga består i all hovudsak av rørsletrening i denne perioden. Rettleidd trening blir seinast tilrådd når fullbelasting blir tillaten.

Ved operativ behandling

Ved operasjon blir du operert i narkose med plater og skruar som stabiliserer hofteskåla. Deretter kan du komme opp å gå så raskt forma tillèt det. Du skal då gå med låg belastning på beinet (inntil 20 kg) dei første åtte vekene og kan etter dette auke til full belastning og slutte med krykkjer så fort smertene tillèt det.

Gjer det vondt?

Operasjonar er smertefulle, og du vil få smertebehandling både med sterke smertestillande tablettar og i nokre tilfelle epiduralkateter i ryggen (bedøving blir sprøyta inn i ryggen). Dersom du får epiduralbedøving må du også ha urinkateter i urinblæra.

Du er på avdelinga hos oss i nokre dagar, opp mot ei veke. Tilhøyrer du eit anna sjukehus, kan du bli flytta over dit når operasjonen er gjennomført og forma di tillèt det.

Helsepersonellet hjelper til med alle gjeremål inntil du klarer dei sjølv. På sjukehuset får du rettleiing av fysioterapeut om kva øvingar du skal gjere og gangtrening før utreise.

Dersom du har familie eller andre som kan hjelpe til heime kan du reise rett heim frå sjukehuset, alternativt kan det søkjast om rehabiliteringsopphald i kommunen eller privat.  

Etter

Etter heimreise held du fram med eiga trening, eventuelt kan du bestille time hos fysioterapeut på næraste institutt for rettleidd trening. Trening skal gjennomførast kvar dag, og vil strekkje seg over fleire månader etter utskrivinga frå sjukehuset.

Hjelpemiddel som forhøgd toalett, gripetong, langt skohorn eller anna kan lånast ved det lokale hjelpemiddellageret ditt i kommunen du bur i.

Etter operativ behandling blir du følgd opp på Oslo universitetssjukehus på Ullevål med polikliniske kontrollar etter tre, og 12 månader, deretter blir du kontrollert etter to, fem, 10 år 15 år.

Ofte stilte spørsmål

Kan eg sitje/liggje på operert hofte?

Ja

Kan eg bevege i hofta?

Ja

Kan eg køyre bil?

Nei, ikkje før du får løyve av legen til å belaste beinet med full tyngd, oftast etter åtte veker.

Kor mykje kan eg bere?

Så lenge du må gå med to krykkjer er det vanskeleg å bere noko særleg. Etter åtte veker vil du kunne belaste fritt og bere så mykje du kan få til.

Ver merksam

Biverknadar og komplikasjonar

Komplikasjonar som kan oppstå i samband med operasjon er mellom anna infeksjon, blodpropp, beindanning rundt hofteleddet, nerveskadar, og utvikling av slitasjegikt. Nokre av desse komplikasjonane kan krevje ny operasjon og forlengt sjukehusopphald.

Forholdsreglar

Ikkje belast den affiserte hofta meir enn det du blir tillaten frå sjukehuset.

Kontakt

Haugesund sjukehus Akuttmottak

Kontakt Akuttmottak

Oppmøtestad

Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.

Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket. 

Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.  

Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Opningstider for ekspedisjon

  • I dag 08:00 - 22:00
  • Måndag 08:00 - 22:00
  • Tysdag 08:00 - 22:00
  • Onsdag 08:00 - 22:00
  • Torsdag 08:00 - 22:00
  • Fredag 08:00 - 22:00
  • Laurdag 08:00 - 22:00
  • Søndag 08:00 - 22:00

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.