Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Brannskade- behandling av barn

Behandling av brannskadar hos barn strekker seg frå enkel sårbehandling ved små skadar til omfattande intensivbehandling ved større skadar. Primærbehandling ved brannskadde barn er å stabilisere barnet, undersøke omfanget av skaden og gi rett behandling. Målet er å prøve å rette opp att funksjonstilstanden til barnet før skaden oppstod.

Overfladiske brannskader rammer de øverste lagene i huden. De kan være svært smertefulle, men gror vanligvis uten arrdannelse. Nedkjøling under rennende vann begrenser skaden og er smertestillende.

Les meir på helsenorge.no

Før

Barnet kommer først til akuttmottaket. Der blir det gjennomført nedkjøling dersom dette ikkje er gjort tidlegare, og dersom ein framleis ser det som nødvendig. 

Brannskadens type, lokalisasjon, utbreiing og djupn blir nøye undersøkt. Å vurdere djupn kan vere vanskeleg – ofte tar det eitt til to eller fleire døgn før ein ser omfanget av skaden. Det er spesielt vanskeleg å vurdere brannskadar hos små barn. Ofte blir derfor barnet lagt i narkose (får sovemedisin), slik at ein kan gjere ei grundig vurdering, og reinse såra godt. 

Ved store brannskadar hos små barn eller barn med andre sjukdommar i tillegg blir barnet flytt etter den første vurdering til intensiv‐ eller postoperativ avdeling for ein periode (frå nokre timar til fleire dagar). Etter dette blir barnet flytt til ansvarleg sengepost, der behandlinga fortset. I alvorlege tilfelle blir det vurdert om pasienten skal bli flytt til brannskadeavsnittet på Haukeland universitetssjukehus. 

Under

Overflatiske skadar 

Ved overflatiske skadar kan såra gro med jamlege sårskift. Det kan bli brukt forskjellige typar bandasjar. For eksempel blir Aquacel Ag brukt, ein sølvhaldig bandasje, som kan ligge på skaden i inntil 14 dagar av gonga. Dersom det er eller oppstår betennelse i såra, må barnet ha sårskift og bli bada i for eksempel medisinsk grønsåpe dagleg til såra er reine. Ofte kan barnet vere heime i permisjon mellom sårskifta. 

Djupe skader 
Djupare skadar må bli behandle med kirurgi. Brannskadane blir då dekt med bandasjar som blir skifta kvar eller annankvar dag, inntil ein meiner at såra er klare for hudtransplantasjon. For at ein transplantasjon skal vere vellykka, er det viktig at alt skada vev er vekk, og at det ikkje er betennelse i såret. Det kan derfor vere nødvendig med fleire operasjonar der såra blir reinsa før hudtransplantasjonen. Dette blir gjort i narkose. Bruk av eventuell antibiotika blir avgjort for kvar pasient. Generelt er ein tilbakehaldne med bruk av antibiotika. 

Hudtransplantasjon 

Ved ein hudtransplantasjon tar ein (haustar) tynn delhud eller tjukk fullhud frå ein annan stad på kroppen. Denne staden blir kalla donorstad. Donorstaden er ofte på lysken, låret eller innsida av overarmen. Hos dei minste barna kan ein også hauste hud frå hovudet. Donorhuda blir lagt på såra slik at den gror. Bandasjane på brannsåret skal då ikkje bli skifta på 4–5 dagar slik at den nye huda får tid til å feste seg. Bandasjen på donorstaden kan vere urørt i inntil 10 dagar. 

Ved hausting av delhud skal såret ved donorstaden gro av seg sjølv utan komplikasjonar. I nokre tilfelle kan det oppstå ein forskjell i hudpigmenta (fargeforskjell frå huda omkring) eller arrdanning. Ved hausting av fullhud må donorstaden bli lukka med sting og vil etterlate eit arr. Vidare oppfølging av brannsåret blir bestemt når bandasjen er fjerna. Dette avheng av om den nye huda har festa seg i såret, og/eller om det har oppstått ein betennelse. Dersom alt ser fint ut, er det forventa 1–3 veker med sårstell og bandasjering. Dersom den nye huda ikkje har festa seg, er det ofte nødvendig med vidare sårstell og ein ny hudtransplantasjon. Overflatiske andletsskadar blir ikkje alltid dekt med bandasje, men blir vaska og smurt regelmessig med steril vaselin.  

Gjer det vondt? 

Opplevinga av smerter varierer frå barn til barn. Barnet får i utgangspunktet ein fast dose smertestillande medikament som skal sørge for jamn smertelindring. Doseringa kan bli justert i tråd med behovet til det enkelte barnet. I forbindelse med sårstell kan det ofte vere nødvendig med ekstra smertestillande og i nokre tilfelle roande medisin før sårskiftet (dormicumsaft). Det kan også vere nødvendig å stelle og skifte på såret i narkose. Nokre barn kan også vere plaga av kløe når brannskadane gror. Dette kan ein lindre med kløestillande medisin. 

Kor lenge varer behandlinga? 

Mindre overflatiske brannskadar gror vanlegvis innan 14 dagar, og det er sjeldan nødvendig med innlegging på sjukehus. Ved omfattande og djupe skadar kan sjukehusopphaldet vare i fleire månader, inkludert overflytting mellom spesialist‐ og lokalsjukehus. Eventuell behandling av transplantasjonsområde og arr er veldig individuelt og kan ta 1–1,5 år, eller til arra begynner å bleikne. Først då kan arra eventuelt bli behandla kirurgisk. Unntaket er dersom arra gir nedsett funksjon hos barnet, for eksempel hemma bevegelse av ledd. 

Etter

Grotid og omfang av arrdanning og smerteoppleving er veldig forskjellig og avhengig av pasientens genetikk, eventuelle tilleggssjukdommar og om pasienten røyker eller blir utsett for passiv røyking. Nokre smerter eller arr kan vare livet ut. 

Forholdsreglar 

Når såra har grodd, må barnet bli smurt med uparfymert fuktgivande krem for å halde huda mjuk og minske arrdanning. Skaden må også bli skjerma for sollys i ca. 1 år ved å dekke til skaden med tøy og bruke høg solfaktor. Dette for å unngå stygge arr. Brannskadar som har grodd, bør ein skåne for friksjon av tronge klede, belte, selar og liknande. Desse områda vil sjelden bli like robuste som normal hud. 

Oppfølging 

Nokre barn treng oppfølging med kompresjonsplagg. Dette er eit spesialsydd plagg i eit materiale som skal stramme over arra for å hindre at desse blir store, klumpete og gir redusert bevegelegheit i området. Behandlinga med kompresjonsplagg kan vere noko ubehageleg i starten, men ein venner seg fort til det, og det skal ikkje vere smertefullt. Det finst forskjellige typar, og metodane varierer noko. 

Arrbehandlinga blir gjennomført og følgt opp av ergo‐ eller fysioterapeut saman med plastikkirurg tilknytt avdelinga. Vidare oppfølging etter dette skjer via fastlege, som tilviser barnet tilbake til spesialisthelsetenesta ved behov.

Kontakt

Haugesund sjukehus Akuttmottak

Kontakt Akuttmottak

Oppmøtestad

Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.

Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket. 

Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.  

Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Opningstider for ekspedisjon

  • I dag 08:00 - 22:00
  • Måndag 08:00 - 22:00
  • Tysdag 08:00 - 22:00
  • Onsdag 08:00 - 22:00
  • Torsdag 08:00 - 22:00
  • Fredag 08:00 - 22:00
  • Laurdag 08:00 - 22:00
  • Søndag 08:00 - 22:00

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.