Brannskade - kontaktskade
Kontaktskadar er ei form for brannskade der ein kjem i direkte kontakt med ei varm overflate. Kontaktskadar rammar oftast barn og det er gjerne handflatene som er mest utsette.
Skaden er vanlegast hos barn, og det er då gjerne handflatene det går utover. Ofte er det barn som nett har lært seg å gå som kjem i kontakt med til dømes varme kokeplater, peisinnsatsar, ovnar og liknande.
Ein ser og ein del kontaktskadar i andre aldersgrupper. Det dreier seg då ofte om pasientar som har fått ei eller anna form for illebefinnande og har falt eller vorte liggande mot ei varm overflate.
Nokre kontaktskadar, spesielt i hendene, vil kunne gro av seg sjølv. Men dei fleste kontaktskadar er så djupe at dei må opererast.
Tilvising og vurdering
Alvorlege brannskadar vert lagt direkte inn på sjukehus og treng ingen henvisning. Ring 113 og du vil få hjelp vidare derifrå.
For mindre skadar vert ein ofte tilvist vidare frå fastlege eller legevakt om dei finn det mest tenleg at skaden vert behandla på sjukehus.
Det vil ikkje vere snakk om ventetid før ein slepp til for behandling av akutte brannskadar, men ved mindre problemstillingar lyt ein gjerne vente til dagtid eller neste kvardag før vidare oppfølging ved sjukehus.
Utredning
Når ein kjem på sjukehuset med ein kontaktskade eller annan brannskade vil ein umiddelbart verte møtt av helsepersonell. Ved store skadar vil ein gjerne nytte eit standardisert traumemottak for å utelukke livstrugande skadar.
Når det gjeld sjølve brannskaden er det viktig å få vurdert om den er så djup at den må opererast eller om den har muligheit til å gro av seg sjølv. Dei fleste kontaktskadar er så djupe at det vert behov for operasjon med hudtransplantasjon. Vidare er det viktig å kunne berekne omtrent kor mykje av hudoverflata til pasienten som er forbrent. Dette gjer at ein kan berekne behovet for væsketilførsel dei fyrste timane. Dette behovet kan vere svært stort, og for å unngå at pasientane går i sjokk (livstrugande fall i blodtrykk), er det viktig å komme i gang med å gi væsketilførsel tidleg ved store skadar.
Det er difor viktig at ein kan få undersøke heile hudoverflata til pasienten og ein ynskjer difor gjerne å vere i eit godt oppvarma rom for å unngå at pasienten vert nedkjølt.
Utredning og vurdering av skadane er vanlegvis unnagjort i løpet av eit par timar. Men dette kan variere veldig. I mange tilfelle vil ein gjere ei ny vurdering av skadane 1-2 døger etter fyrste undersøking.Behandling
Behandlinga av kontaktskadar består hovudsakleg av konservativ behandling, det vil seie gjentatte sårstell eller operativ behandling, det vil seie operasjon med fjerning av forbrent vev og dekking av sår med delhudstransplantat. I tillegg vil ein ha behov for fysioterapi under heile behandlingsforløpet. Spesielt gjeld dette skadar som involverer hendene.
Tida behandlinga tek, varierer veldig.
Kontaktskadar som gror utan operasjon, tilheler gjerne i løpet av 2-3 veker.
Djupare kontaktskadar som treng operativ behandling, treng gjerne lengre tid for å tilhele.
Oppfølging
Dersom ein har gjenverande sår eller har behov for oppfølging for å unngå skjemmande arr, vil ein verte følgt opp ved sjukehuset sin poliklinikk. Tida for oppfølging varierer mykje ut frå kva skade pasienten har hatt.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Akuttmottak
Oppmøtestad
Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.
Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket.
Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.
Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Opningstider for ekspedisjon
- I dag 08:00 - 22:00