Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Bøyeseneskade

Evna til å bøye og strekke fingrar og hand blir styrt av bøye- og strekkesener. Ein bøyeseneskade inneber at sena i ein skadd finger er heilt eller delvis kutta, som gjer at du ikkje kan bøye fingeren.

Symptom og årsaker

Bøye- og strekkesenene kjem frå bøye- og strekkemuskulaturen til underarmen – og går via handleddet og ut til fingrane. Senene glir gjennom senekjeder på fingrane og festar på ulike nivå på fingerbeina. Bøyesenene ligg på handflatesida og strekkesenene på handryggsida, og blir også kalla fleksorsener.

Den vanlegaste årsaka til ein bøyeseneskade er at du skjer eller stikk deg – til dømes med kniv eller glas. Skaden kan komme saman med større skadar i bein eller blautvev – til dømes klemskadar eller sageskadar. Skaden kan også oppstå på grunn av ein inflammasjon, ved revmatisk sjukdom eller etter eit tidlegare brot i handleddet.

Symptoma avheng av kor omfattande skaden er, og kva sene som er ramma. Om bøyesenene har roke, mistar du evna til å bøye fingeren. Smerte og hevelse kan også finnast.

Før

Diagnosen blir stilt ut frå beskrivinga di av hendinga, symptom og årsaker som beskrive ovanfor - i tillegg til undersøkingane til legen.

Under

Ved ein bøyeseneskade må vi sy saman sene-endene. Operasjonen blir vanlegvis gjord i narkose. Operasjonen varierer frå ein til fem timar – avhengig av omfanget av skaden. Vanlegvis kan du dra heim same dag.

Etter operasjonen blir ein gipsskjene lagd, der fingrane og/eller handleddet blir halde i ei stilling som avlastar dei senene som er sydde saman og som hindrar at du bøyer fingrane. Alle fire fingrane blir gipsa, sjølv om du berre har skadd éin finger. Gipsen er stor, og det kan vere vanskeleg å utføre visse kvardagslege syslar.

Etter

Det er vanleg at handa hovnar etter ein handoperasjon. For å unngå hevelse bør du:

  • Halde handa høgt. Legg handa på pute om natta.
  • Bevege handa etter dei instruksjonane du får (gjer «armløft»), og bruk også resten av armen. Unngå å bruke fatle.

Smerte i operasjonsområdet kan finnast nokre dagar etter operasjon. Ved behov kan du ta smertestillande.

Opptrening

Du blir vist til handterapeut (fysioterapeut eller ergoterapeut med spesialkompetanse på handskadar) etter operasjonen. Første møte med handterapeuten er 3 – 5 dagar etter operasjonen, og du vil då få bytt gipsen med ein ortose (plastskjene) og få instruksjonar i trening. Ortosen held handa i ei beskytta stilling medan senene gror.

Det er to ulike treningsopplegg:

A: Aktiv trening

Du får instruks om å bøye fingrane inn mot handflata. Det er viktig at dette er skånsamt; ikkje tving bøya, men stopp når du får lett motstand. Du skal strekke heilt opp til kanten på ortosen mellom kvar bøying. Ti til tjue repetisjonar annankvar time.

B: Trening med strikkmotstand (Kleinert-protokoll)

Du får festa strikkdrag til neglene dine, for å kunne bevege på fingrane utan belastning. Du skal strekkje fingrane opp til kanten på ortosen og la strikken som er festa på fingeren din dra fingeren ned i bøyg igjen. Ti til tjue repetisjonar annankvar time.

Val av treningsopplegg

Treningsopplegg A eller B blir valt av kirurg og terapeut. Uansett treningsopplegg skal du hjelpe med den andre handa for å bøye fingrane passivt inn mot handflata.

Det er viktig å trene jamleg for å hindre at senene festar seg i såret. Du får råd om behandling av arret (smørje med krem, massere arret og ha på kompresjon). Du må rekne med å komme til kontrollar og ha oppfølging med anten handterapeut eller ergoterapeut/fysioterapeut i fleire månader etter operasjonen.

Skaden inneber lang rehabiliteringstid med mykje eigentrening. Etter ortoseperioden på fire veker, skal du trene aktivt utan skjene, men du får framleis ikkje belaste handa. Du kan ha behov for ei strekkeskjene om natta for å få retta ut fingeren/fingrane. Sena toler først full belastning etter tre månader. Du kan forvente å vinne tilbake bøye- og strekkefunksjon i fingeren, men avhengig av skade, tilheling og opptrening kan sena feste seg noko i såret og hindre full rørsle.

Sjukmelding

Sjukmelding avheng av kva belastning du har på handa di i yrket ditt. Vanlegvis er du sjukmeld frå nokre dagar til nokre månader, avhengige av om du har ein tung fysisk jobb. Legen din avgjer.  

Ver merksam

Du bør kontakte lege dersom du får feber, har uttalt eller langvarig verk eller om hevelsen ikkje går ned.

Kontakt

Haugesund sjukehus Akuttmottak

Kontakt Akuttmottak

Oppmøtestad

Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.

Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket. 

Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.  

Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Opningstider for ekspedisjon

  • I dag 08:00 - 22:00
  • Måndag 08:00 - 22:00
  • Tysdag 08:00 - 22:00
  • Onsdag 08:00 - 22:00
  • Torsdag 08:00 - 22:00
  • Fredag 08:00 - 22:00
  • Laurdag 08:00 - 22:00
  • Søndag 08:00 - 22:00

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.