Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Blodpropp – lungeemboli

Lungeemboli blir forårsaka av ein blodpropp som har oppstått i dei djupe venene i beina eller bekkenet, og som har losna og vandra med blodstraumen. Etter at proppen har sett seg lungekara blokkerer den straumen av blod frå hjartet. Lungeemboli er ein akutt medisinsk tilstand som krev omgåande behandling med blodfortynnande medikament. Dersom det oppstår mistanke om lungeemboli blir pasienten tilvist til akuttmottaket på sjukehuset for utgreiing og behandling.

Utgreiing

Symptom på lungeemboli inkluderer nyoppstått tungpust/andenød, smerter i brystet som ofte forverrar seg når ein trekkjer pusten djupt, hoste, avsviming og iblant hevelse eller smerter i eit av beina. Pasientar med slike symptom skal kontakte fastlegen, legevakta eller sjukehuset raskast mogleg. Pasienten blir deretter vist til akuttmottaket for vidare utgreiing. Iblant startar ein med blodfortynnande medikament i forkant av utgreiing dersom mistanken om lungeemboli er høg.

Behandling

Lungeemboli blir behandla med blodfortynnande medikament for å hindre ytterlegare progresjon av proppen, og for å leggje til rette for gradvis oppløysing av proppen. I enkelte tilfelle der lungeembolien er stor og pasienten er påverka, kan behandlinga innleiast med trombolytisk behandling (medikament som aktivt løyser opp proppen).

Behandlinga med blodfortynnande medikament blir gitt frå 3 månader til ubestemd tid avhengig av årsaka og utbreiinga.  

Kliniske studiar

1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.

Sjå fleire kliniske studiar

Oppfølging

Pasienten blir følgd opp poliklinisk på sjukehuset eller av fastlegen. Pasienten skal greiast ut for underliggjande årsak, mellom anna arveleg disposisjon for blodpropp (gjeld unge pasientar) og ultralyd av hjartet etter cirka ½ år.

Moglegheita for underliggjande kreftsjukdom skal vurderast og eventuelt blir greidd ut. Dersom plagene aukar skal du ta kontakt med fastlege/legevakt med éin gong.

Ver merksam

Behandling med blodfortynnande medikament gir risiko for blødingar. Ved alvorlege blødingar eller blødingar som ikkje stansar må du ta kontakt med fastlege/legevakt. I sjeldne tilfelle kan det oppstå blødingar i hjernen. Dette kan gi symptom som redusert medvit, kraftsvekking eller problem med balanse eller taleevne.

Kontakt

Haugesund sjukehus Akuttmottak

Kontakt Akuttmottak

Oppmøtestad

Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.

Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket. 

Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.  

Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Opningstider for ekspedisjon

  • I dag 08:00 - 22:00
  • Måndag 08:00 - 22:00
  • Tysdag 08:00 - 22:00
  • Onsdag 08:00 - 22:00
  • Torsdag 08:00 - 22:00
  • Fredag 08:00 - 22:00
  • Laurdag 08:00 - 22:00
  • Søndag 08:00 - 22:00

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.