Blødning sent i svangerskapet
Blødingar som oppstår seint i svangerskapet kan ha ulike årsaker. Blødinga treng ikkje ha betyding for den vidare utviklinga av svangerskapet eller fødselen, men ofte er blodblanda utflod eit første teikn på at fødselen er nær.
Om du er mindre enn 22 veker på veg i svangerskapet, skal du kontakte lege eller legevakt dersom du blør. Du vil bli vurdert og eventuelle vidare undersøking eller behandling vil bli bestemt.
Om du har kome lengre enn 22 veker i svangerskapet, skal du kontakte fødeavdelinga om du begynner å blø. Du vil då få rettleiing, og plan for vidare oppfølging, undersøking eller behandling vil bli vurdert.
Før
Spørsmål du må svare på
Når du tek kontakt med lege / legevakt / fødeavdeling på grunn av bløding seint i svangerskapet, er det ei rekkje ting du vil bli spurt om. Vi ber deg om å lese gjennom følgande, slik at du er meir førebudd på å svare.
Bløding
- Kor mykje blør du, og kva farge er det på blodet (friskt og raudt blod, eller mørkt raudt/brunt blod)?
- Er blødinga aukande eller mindre no?
Dersom blødinga aukar eller tilstanden din endrar seg etter at du har vore i kontakt med helsevesenet, må du ta kontakt igjen.
Kvifor blør du?
- Gjorde du noko spesielt like før du begynte å blø?
Mot slutten av svangerskapet er det vanleg at støyt mot den blodrike delen av livmorhalsen fører med seg ufarleg, sparsam bløding. Dette kan til dømes skje etter samleie eller etter ei underlivsundersøking.
Fostervatn
- Kan blødinga vere blodblanda fostervatn?
Om det er rikeleg med tyntflytande rosa væske, kan det vere teikn på at fostervatnet har gått – noko som kan bli forveksla med ei større bløding.
Smerte
- Har du rier?
Rier er smerte som kjem og går i nedre del av magen og/eller ryggen. Magen blir stram og hard under riene, og mjukare og smertefri i pausane.
- Har du andre typar smerte?
Dersom smerten aukar etter at du har vore i kontakt med helsevesenet, må du ta kontakt igjen.
Barnet
-
Kjenner du at barnet sparkar og rører seg som før?
Om det ikkje er noko endring i mønster eller styrke i spark/bevegelsar hos barnet, er dette eit teikn på at barnet har det bra.
Under
Årsaker til bløding seint i svangerskapet
Det kan vere fleire årsaker til at du begynner å blø seint i svangerskapet, og ofte finn ein ikkje nokon klar årsak til at ei bløding oppstår.
Behandling
Avhengig av kva som er årsak til blødinga, vil det bli sett i verk behandling. Kontakt alltid lege, legevakt eller sjukehuset om du er gravid og begynner å blø.
Rettleiing og rådgiving per telefon er av og til nok. I andre tilfelle er det nødvendig med vidare undersøking og behandling.
Etter samtale med jordmor eller lege, vil du få ei orientering om kva du bør gjere vidare. Dersom tilstanden din er oppfatta som stabil, kan du bli beden om å sjå situasjonen an, eller om å kontakte fastlege, jordmor eller legevakt for avklaring og eventuell kontroll.
Det kan òg bli aktuelt at du må til sjukehuset for ei vurdering. I så tilfelle må du vere førebudd på at du kan bli lagd inn til observasjon eller behandling. Dersom situasjonen din blir oppfatta som uklar eller alvorleg, kan rask transport til sjukehus vere avgjerande. Det blir då rekvirert sjukebil. Dette blir avgjort i samråd med lege/jordmor når du snakkar med dei.
Etter
Om du kan reise heim etter legekontroll eller sjukehusinnlegging, vil du alltid få informasjon om korleis du skal forholde deg vidare. Plan for vidare oppfølging og kontrollar vil då bli avtalt. Dei fleste kan etter ei undersøking på fødeavdelinga, fortsette svangerskapskontrollane hos eiga jordmor/eigen lege.
Ver merksam
Dersom tilstanden din blir endra etter at du har vore i kontakt med helsevesenet, må du ta kontakt igjen!