Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Blæretømming med kateter hos barn, nynorsk

Rein intermitterande kateterisering (RIK) er blæretømming med eit tynt plastrøyr som vi kallar kateter. Det er ikkje alle barn som klarer å tømme urinblæra sjølv. Då må dei tømme blæra med hjelp av kateter.

Rein intermitterande kateterisering (RIK) blir gjennomført når blæra ikkje fungerer som den skal. Dersom blæra ikkje tømmer seg ordentleg, kan det bli urin igjen i blæra som vi kallar resturin. Her kan bakteriar raskt formeire seg og gi urinvegsinfeksjon. Resturin kan også føre til urinlekkasjar. Når barnet tømmer blæra med kateter, unngår vi resturin og minskar urinlekkasjen.

Blæretømming med kateter av barn er ein sikker, skånsam og velprøvd behandlingsmetode.

Før

Når barnet sjølv skal lære å tisse med kateter, er det noko som både kan og bør ta tid, slik at barnet får tid til å venne seg til denne måten å tisse på. Barnets alder og sjukdom avgjer om det er foreldre eller barnet sjølv som skal lære kateterisering.

Det vil bli gitt grundig informasjon om kvifor blæretømming med kateter er nødvendig, og det kan vere lurt å skrive ned spørsmål på det de lurer på, før de kjem til sjukehuset, eller ved behov ringe den avdelinga der opplæringa skal skje.

Barnet kan gjerne ta med ei dokke / ein kosebamse som også skal lære RIK.

Under

Opplæring

Opplæring i RIK går føre seg på sjukehus, av uroterapeut (spesial sjukepleiar innan urologi) eller sjukepleiar. Av utstyr blir det brukt eit kateter i tilpassa størrelse. Vi vil vise kva stilling som er best ved blæretømming, og korleis de skal bruke kateteret. Deretter får barnet eller foreldra prøve sjølv under rettleiing.

På sjukehus

På sjukehus må barnet bli vaska med sterilt vatn, og det blir brukt sterile hanskar. Dette er fordi vi har strengare hygiene på sjukehus.

Heime

God handhygiene er viktig for å unngå å føre bakteriar inn i blæra ved kateterisering.

Vask alltid hendene før klargjering av kateteret og kateteriseringa. Dersom handvask ikkje er mogleg, kan du bruke handsprit. Hanskar er ikkje nødvendig.

Barnet blir vaska godt nedantil ein gong om dagen eller ved synleg søl, for eksempel avføring.

Gjer det vondt?

Barn som har skadar i ryggmargen, har som regel ingen eller lite følelse i urinrøyret, og mange vil ikkje kjenne kateteret. For andre barn kan kateteret i starten vere ubehageleg, men dei fleste venner seg til det.

Kor lenge varer behandlinga?

For nokre barn er RIK-behandling nødvendig ein kort periode. Andre barn må tisse med kateter livet ut.

Etter

Barnet kan leve akkurat som før, men følgande kan det vere lurt å hugse på:

  • For ikkje å føre bakteriar inn i blæra ved kateterisering, er det viktig alltid å vaske hender før du klargjer kateteret og kateteriserer.
  • Skal de på ferie til utlandet, eller vasskvaliteten der de bur, er dårleg, er det anbefalt å fukte katetera med flaskevatn før dei blir brukt. Dette gjeld dersom kateteret barnet bruker, ikkje er ferdigfylte med vatn.
  • Ta med dei katetera de har bruk for, når de skal på reise. Nokre gonger trengst det ei legeerklæring på at kateter er til blæretømming.
  • Går barnet i barnehage eller på skule, og treng hjelp til å kateterisere, må opplæring bli gitt til ein assistent eller annan vaksen som skal utføre kateteriseringa. Kontakt uroterapeut/sjukepleiar for dette.

Oppfølging

Nokre gonger blir barnet kalla inn igjen til kontrollar ved Oslo universitetssjukehus Rikshospitalet for oppfølging, andre gonger kan oppfølginga skje ved lokalt sjukehus. Dette får de beskjed om av legen eller uroterapeut/sjukepleiar ved heimreise.

Ver merksam

I starten av behandlinga kan det nokre gonger komme litt blod på kateteret, på grunn av at urinrøyret blir irritert. Dette går fort over, men er de i tvil, kan de ta kontakt med avdelinga på sjukehuset eller fastlegen.

Barn som blir kateterisert, kan få urinvegsinfeksjon. Får barnet feber og føler seg utilpass, bør det bli levert urinprøve til fastlegen/legevakt for å sjekke om det har oppstått ein urinvegsinfeksjon som treng behandling.

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn

Kontakt Barn

Oppmøtestad

Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
  • Måndag 17:00 - 18:30
  • Tysdag 17:00 - 18:30
  • Onsdag 17:00 - 18:30
  • Torsdag 17:00 - 18:30
  • Fredag 17:00 - 18:30
  • Laurdag 17:00 - 18:30
  • Søndag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.