Bitestikkelbetennelse
Bitestikkelbetennelse er ein betennelse i bitestikkelen. Bitestikkelen omgir testikkelen inne i pungen.
Førekomst
Bitestikkelbetennelse kjem vanlegvis av ein bakterieinfeksjon. Dei same bakteriane som kan føre til blærebetennelse, kan også slå seg til i bitestiklane. Kjønnssjukdommar som gonoré eller klamydia kan i somme tilfelle føre til bitestikkelbetennelse. Det kan også vere ein komplikasjon til inngrep (operasjon, kateterisering, undersøking) i urinvegane eller forårsaka av traume mot skrittet.
Typiske symptom ved akutt betennelse i bitestikkel er:
- Aukande tyngdesanseinntrykk og smerter i pungen. Smerta stråler ofte opp i magen. Hevelse og ømheit i den eine bitestikkelen.
- Frysningar og feber på mellom 39 og 40 grader kan skje.
- Hos enkelte også svie i urinrøyret og hyppig vasslating og av og til utflod frå urinrøyret.
Utgreiing
Ved framkomst til sjukehuset vil du bli undersøkt av ein lege. Diagnosen blir stilt på grunnlag av typiske symptom og funn. Det blir vanlegvis teke ei urinprøve og ei ultralydundersøking.
Behandling
Du bør halde deg roleg dei første dagane. Eventuelt kan ein provisorisk susp som held testiklane i ro nyttast. Det lindrar også å få løfta opp pungen litt. Kalde omslag lindrar i den akutte fasen.
Ved medikamentell behandling blir antibiotika brukt i 7 – 10 dagar. Kva type antibiotika som blir vald, avheng av kva bakterie som er mistenkt eller er påvist. NSAIDS, som til dømes Ibux, verkar febernedsetjande, smertestillande og betennelsesdempande, og slik medisin kan vere nyttig i tillegg til behandling med antibiotika.
Sjukdommen fører sjeldan til komplikasjonar. Behandlinga er nesten alltid effektiv. Symptoma går gjerne raskt tilbake med rett antibiotikabehandling. Ufullstendig behandling av sjukdommen kan i verste fall føre til redusert evne til å få barn (redusert fertilitet).
Oppfølging
Det er ingen poliklinisk kontroll på sjukehuset etter gjennomgått behandling.
Ved eventuelle komplikasjonar, ta kontakt med lege/sjukehus.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Akuttmottak
Oppmøtestad
Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.
Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket.
Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.
Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Opningstider for ekspedisjon
- I dag 08:00 - 22:00