Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling når kreftsykdommen ikke kan helbredes, nynorsk

Sjølv ved kreftsjukdom som ikkje kan kurerast kan vi forseinke sjukdomsutviklinga og lindre plager. Aktuelle behandlingar er ved bruk av cellegift, immunterapi, hormonbehandling eller såkalla "målretta behandling". Ofte blir òg symptomlindrande strålebehandling nytta.

Målet med cellegiftbehandling er å forseinke utviklinga av kreftsjukdommen ved å øydelegge kreftcellene. Det fins ulike typar cellegift for forskjellige kreftformer. Vi kombinerer ofte fleire typar cellegift. Behandlinga blir vanlegvis gitt intravenøst eller i tablettform, men òg med sprøyte direkte i muskelen. Vi gir hovudsakleg cellegift i ein til fem dagar med to til fire vekers mellomrom. 

Det er vanleg å ta blodprøver og biletundersøkingar, som for eksempel CT eller MR før cellegiftbehandlinga startar. Etter to til tre månader med behandling tar vi nye bilete og prøver for å sjå om kreftsvulsten/-svulstane har stabilisert seg eller blitt mindre. Dersom så er tilfelle er det vanleg å fortsette behandlinga viss biverknadene er akseptable. Nokre ganger er blodprøver tilstrekkeleg.

Dersom ein etter mange månader med cellegiftbehandling har kome til ein situasjon med stabil sjukdom eller tilbakegang av sjukdom, treng kroppen vanlegvis kvile og du kan få ein pause frå behandlinga. Skulle cellegiften ikkje verke, er det i nokre tilfelle aktuelt å skifte til annan type cellegift.

Cellegiftbehandling påverkar ikkje berre kreftceller, men også kroppens normale celler. Særleg gjeld det normale celler som deler seg raskt, til dømes hårceller, celler i tarmveggen og blodceller. Biverknadene av cellegift skuldast skade på normale celler i ulike organ.

Immunterapi virker ved å aktivere pasienten sitt eiget immunforsvar, og dermed føre til at immunsystemet klarar å identifisere og angripe kreftceller. Til forskjell frå vanleg cellegift kan det i nokre tilfeller gå fleire månader før behandlinga har effekt. Eit aktivert immunforsvar kan gå til angrep på kroppens eigne organar og føre til betennelse og redusera funksjon. Dette gjer opphav andre typar biverknader sammenligna med tradisjonell cellegift. 

I dei siste ti åra er det utvikla nye typar kreftbehandling som angrip kreftcellene mer målretta enn cellegift. Desse behandlingsformene påverkar kroppens normale celler i mindre grad, og dei kan bli gitt aleine eller i kombinasjon med cellegiftbehandling ved enkelte krefttypar. Behandling vert gitt som tablettar eller intravenøst. Ofte, men ikkje alltid,  gir denne typen behandling færre biverknader enn tradisjonell cellegiftbehandling. 
 

Enkelte kreftformer, som prostatakreft og brystkreft, er det vi kallar hormonfølsame. Målsettinga med hormonbehandling er å motverke kjønnshormona testosteron og østrogen si stimulerande effekt på vekst og deling av kreftcellene.

Hormonbehandlingar blir gitt som tablettar eller ved sprøyter. Typiske biverknader er redusert seksualfunksjon, heitetokter og tap av bein- og muskelmasse. Sjølv om hormonbehandlinga kan ha stor innverknad på livskvaliteten, gir behandlinga mindre alvorlege biverknader enn det vi ser ved cellegiftbehandling.

Ved kreftsjukdom som ikkje kan kurerast er det mogleg å bruke strålebehandling for å førebygge eller lindre plagsame symptom. Vårt mål er å gi stråledose som er tilstrekkeleg til å stanse veksten av kreftsvulsten og den skadelege effekten den har på omgivnadene, og samtidig avgrense stråleskade på friskt vev i størst mogleg grad.

All strålebehandling er individuelt tilpassa. For å planlegge og gjennomføre behandlinga, er det nødvendig med eit godt tverrfagleg samarbeid mellom fagteam av legar, medisinske fysikarar og stråleterapeutar. Legar vurderer sjukdomsbiletet og avgjer kva område som skal behandlast og kor høg stråledose ein skal gi. Talet på behandlingar varierer ut frå svulstens type, størrelse og lokalisasjon. Medisinske fysikarar og stråleterapeutar planlegg og kvalitetssikrar behandlinga.


Før

I mange tilfelle krev cellegiftbehandling førebuing i form av førebyggande kvalmebehandling. Behandlinga gir ofte hårtap, og mange ønsker av den grunn å få tilpassa parykk. I nokre tilfelle er det også nødvendig med annan førebuande behandling (eksempelvis medikamentell behandling eller tannbehandling) for å hindre brysame eller alvorlege biverknader. Slike førebuingar er i nokre tilfelle også nødvendig i forkant av strålebehandlig.

Kreftpasientar som skal starte behandling vil derfor alltid få time hos kreftlege med undersøking og informasjon om effekten og biverknader av behandlinga. Då får du også nøye informasjon om korleis du skal handtere det heime både før, under og etter behandlinga.

Under

Medikamentell kreftbehandling blir gitt over fleire dagar, typisk med to til tre vekers opphald mellom kurane. Strålebehandling blir vanlegvis gitt som ei behandling på cirka 20 minutt, ein eller fleire påfølgande dagar. I dei fleste tilfella blir behandlinga gitt på poliklinikk.

Alvorlege bivirknader av kreftbehandling kan oppstå på ulike tidspunkt i behandlingsløpet, ofte mens du er heime. For eksempel kan cellegift gi svekka infeksjonsforsvar og alvorlege infeksjonar som må behandlast på sjukehuset. Også andre biverknader kan trenge rask sjukehusbehandling. Derfor vil du bli nøye informert om forholdsreglar heime før vi startar behandlinga. 
 

Etter

Når behandlinga er avslutta vil du vanlegvis kunne reise heim og ta opp igjen vanleg aktivitet, men dei første dagane vil mange oppleve varierande grad av biverknadar. 

Også biverknader av strålebehandling kan vedvare. Av og til kan ein oppleve ei forverring nokre veker etterpå, men det vil gå over. Biverknadens karakter og eventuelle forholdsreglar etter behandlingsslutt avhenger av stråledose og kva område som blir strålebehandla.

Seinast ved avslutta behandling blir det gitt nærmare informasjon om korleis ein bør gå fram i perioden etter. Då blir det også avtalt vidare opplegg for oppfølging og kontrollar.  

I periodar utan aktiv behandling, for eksempel under pause i cellegiftbehandling, kan kontrollar skje i samarbeid mellom deg som pasient, primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta.

 

Kontakt

Haugesund sjukehus Kreftpoliklinikk Haugesund

Kontakt Kreftpoliklinikk Haugesund

Oppmøtestad

Ta heisen ved Narvesen-kiosken opp til 5. etasje. Der finn du Ventesone 5A. 

Når du kjem til sjukehuset, kan du også få hjelp av frivilligkorpset. Dei er kledd i rødt, og du finn dei i resepsjonen i 1. etasje og rundt på sjukehuset.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.