Ansiktsskadar – akutte
Dei hyppigaste årsakene til ansiktsskadar er trafikkulykker, fall, overgrep og idrett. Dersom du har brot i ansiktet, og brotkantane står frå kvarandre, vil du som oftast bli operert.
Ved mistanke om brot i ansiktet blir du undersøkt av lege. Dersom fastlege eller legevaktlege finn grunn til å tru at du har fått eit ansiktsbrot, blir du tilvist vidare til undersøking hos øyre-nase-hals-lege eller kjeve- og ansiktskirurg.
Utgreiing
Ved mistanke om brot blir du som regel vist til røntgenundersøking. Bileta kan stadfeste eller avkrefte brot. Vurdering og behandling skjer fortløpande.
Behandling
Dersom du har brot i ansiktet, og brotkantane står frå kvarandre, blir du som oftast operert. Operasjonen blir gjord for å få beinkantane så godt saman som mogleg, og for å halde dei i ro. For å sikre dette blir det operert inn små titanplater som vi skrur fast med skruar i beinet. Titanplatene treng du som regel ikkje å fjerne.
Oppfølging
Etter at du er operert for ansiktsskaden blir du som regel innlagd i eitt døgn til observasjon. Kontroll blir avtalt med behandlande lege.
Det tek litt lengre tid å bli frisk av brot i underkjeven enn andre brot, men du er som regel ikkje sjukmeld i meir enn to veker. Du skal vere varsam med å tyggje harde ting i åtte veker etter operasjon, og du kan den første tida ikkje ete mat som krev tyggjekraft.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Akuttmottak
Oppmøtestad
Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.
Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket.
Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.
Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Opningstider for ekspedisjon
- I dag 08:00 - 22:00