Ankelforstuvning, råd og øvelser
Leddbandskadar i ankelen er ein av dei hyppigaste skadane ved sports- og fritidsaktivitetar. Ein kan skade forskjellige bandstrukturar, men i 85 % av tilfella er det eitt eller fleire band på yttersida av ankelen som blir skada.
Under
RICE-prinsippet blir nytta:
- R – Rest
- I – Ice
- C – Compression
- E –
Elevation
I: Skadestaden bør bli kjølt ned for å hindre ytterlegare blødingar og hevelse. Bruk kuldepakning, kaldt vatn eller liknande i 20 minutt kvar 3–4 time dei 20 første dagane. Deretter vurderer du kor ofte etter kor hovent det er.
C: Kompresjon av skadestaden er viktig for å redusere hevelse og bløding. Bruk eit elastisk bind. Begynn surringa langt framme på framfoten og fortsett vidare over ankelen.
E: Elevasjon av skadestaden betyr at du bør legge beinet opp over hjartehøgde. Dette reduserer også hevelse.
Medikament
Legen kan gi betennelsesdempande medikament ved behov.Mistanke om brot?
Ved mistanke om brot bør du ta ei røntgenundersøking.Etter
Gode råd
Beveg foten mykje opp og ned, og trø på beinet det du klarer. Legg vekt på å gå normalt med bøyg og strekk i ankelleddet.Ergometersykkel er eit godt hjelpemiddel. Plasser foten slik at du kan overdrive ankelbevegelsen under syklinga.
Sportstape og ortose (støtteskinne/bandasje) bidrar til at du føler deg tryggare når du går. Dette hjelper deg å komme raskare tilbake til vanleg aktivitet og førebygge ny skade.
Trening på balansebrett er effektivt for å trene opp stabiliteten i ankelleddet. Du kan vanlegvis starte 1–3 veker etter skaden. Stå på eitt bein på balansebrettet, eller bruk anna ustabilt underlag. Tren 10 minutt fem gonger per veke i 10 veker.
Kor lang tid tar det før ankelen blir bra igjen?
Tida det tar før ankelen blir bra, er avhengig av omfanget av skaden og kva aktivitetsnivå du skal tilbake til.Etter ein bandskade tar det 5–6 veker før arrvev er etablert, men det kan ta opptil eit halvt år før ankelen er heilt bra.
Faren for å trakke over på nytt er større dei første 12 månadene etter den første skaden. Du bør derfor bruke ein ortose eller teipe ankelen ved idrett eller større fysiske aktivitetar ei god stund etter skaden.
Dersom du skadar deg på nytt kort tid etter første skade, blir den nye skaden sannsynlegvis større.
Sjukemelding
Om du har behov for sjukemelding,
avheng av kva type arbeid du har, og kor raskt ankelen blir bra med
tanke på hevelse, smerter, bevegelegheit og belastning.Ortose eller sportsteip
Ortose får du kjøpt i butikkar for medisinsk utstyr. Teiprullar får du kjøpt på apoteket.Behov for fysioterapi?
Dersom du treng hjelp med å teipe ankelen og råd om vidare opptrening, kan ein fysioterapeut hjelpe.Kontakt
Haugesund sjukehus
Akuttmottak
Oppmøtestad
Felles akuttmottak ligg i underetasjen til Haugesund sjukehus, i nybygget mot sørvest.
Blir du transportert med ambulanse eller av portør vil du automatisk bli registrert hos akuttmottaket.
Viss du kjem sjølv, må du gå inn hovudinngangen til Haugesund sjukehus. Deretter går du forbi Narvesen-kiosken og innover gangen i nybygget. Du kan ta heis eller trapp ned til underetasjen. Du må registrere deg i ekspedisjonsluka før du kan kome inn til venteområdet til akuttmottaket.
Hovudinngangen til Haugesund sjukehus er alltid open.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Opningstider for ekspedisjon
- I dag 08:00 - 22:00