Allergi mot bie og veps hos barn og unge
Mange synest det er ubehageleg å bli stukke av bie eller veps. Ofte svir og klør det, og det kan bli raudt og hovent på stikkstaden. Hos dei fleste minkar symptoma og forsvinn av seg sjølve.
Symptom
Somme får kraftigare reaksjonar der det i tillegg kan oppstå utslett andre stader på kroppen, kløe i handflatene og under føtene, generell sjukdomskjensle, svimmelheit, magevondt/oppkast og problem med å puste. Dette er ein allergisk reaksjon mot gifta som bie og veps sprøytar inn når dei stikk. Somme er allergisk mot bie, andre mot veps og enkelte mot begge. For nokre få kan dette føre til eit allergisk sjokk som kan vere livstruande.
Utredning
Dersom barn eller ungdom får ein alvorleg allergisk reaksjon etter eit bie- eller vepsestikk skal dei greiast ut hos spesialist i allergi.
Legen vil først snakke med barnet/ungdommen om kva som skjedde då dei blei stukne.
Det blir teke blodprøver, prikktest og lungefunksjonsmåling (spirometri).
Behandling
Allergivaksinasjon blir også kalla hyposensibilisering eller allergen spesifikk immunterapi. Allergivaksinasjon mot bie og veps inneber at ein dose av bie- eller vepsegift blir jamleg tilført over 5 år. Barnet/ungdommen vil få god informasjon om korleis allergivaksinasjon blir gjort.
Målet med behandlinga er å oppnå toleranse mot gifta som gir allergisk reaksjon slik at ein ikkje får ein allergisk reaksjon neste gong ein eventuelt blir stukken.
Oppfølging
Barnet/ungdommen blir følgt opp i dei 5 åra vaksinasjonen held fram.
Kva kan du gjere for å unngå stikk av bie og veps?
- Ver roleg i nærleiken av bier og veps, ikkje vift med armar og bein. Då blir insekta skremde og stikk.
- Slå aldri etter eit bie- eller vepsebol. Insekta reagerer omgåande med angrep.
- Dersom du skulle vere så uheldig å komme inn i ein bie- eller vepsesverm, skal du bevege deg ut av han, langsamt. Ikkje vift eller slå etter insekta. Det hissar dei opp og dei blir aggressive og angrip lettare. Forsøk å bevare roa og beveg deg roleg.
- Hald deg borte frå ting som tiltrekkjer insekt, som søte lukter, blomstrar, sterke fargar på klede og dukar, blomstrande buskar og tre, vedstablar og rundt søppelkasser. Ikkje la matavfall liggje på bakken (sjokoladepapir, iskrempapir o.l.)
- Bruk sko utandørs. Lange klesplagg kan redusere risikoen for å bli bite. Barn bør så langt som mogleg bruke sko utan opne tær/heilar. Sveitt og varm hud tiltrekkjer seg insekt.
- Bruk lyse klede framfor blomstra og fargerikt tøy som tiltrekkjer seg insekta.
- Sjå nøye etter insekt når du et søtsaker eller drikk saft/brus. Barn kan drikke av sugerøyr når dei er utandørs om sommaren.
- Ikkje forlat brus- og ølboksar som er opna, sjå etter bie eller veps før du drikk.
- Dekk over matvarer både innandørs og utandørs.
- Insekt blir tiltrekte av søte lukter. Unngå parfyme med blomsterduft, parfymerte hårprodukt eller kremar, og dessutan tørk vekk iskrem frå barns hender og klede.
- Eit antiinsektmiddel kan smørjast på før du går utandørs. Bruk godkjende merke og typar for barn.
- Lukk vindauga i huset og bilen, så insekta ikkje kjem inn. Du kan kjøpe eit insektnett til å dekkje over vindauget, slik at bier og veps ikkje kjem inn i rommet.
- Unngå sterkt duftande og fargerike blomstrar. Ikkje plassar fargeglade blomstrar med sterk duft i nærleiken av uteplass og balkong.
- Ver forsiktig når du skal opne søppeldunkar/søppelsekker. Gamle matrestar tiltrekkjer seg bier og veps.
- Bruk hagehanskar ved handtering av uteplantar og hageavfall. Hald auge med insektreir og bol, og få dei fjerna straks. Ver obs ved innhausting av frukt og fjerning av nedfallsfrukt.
- Sprut vatn, gjerne med ei dusjflaske på insekta. Då trur dei det regnar og søkjer ly.
- Dersom det er mykje bier eller veps der du bur, kan du setje opp noko søtt eit stykke unna der du oppheld seg, slik at det tiltrekkjer seg bier og veps.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Barn
Oppmøtestad
Våravdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga vår når du går ut i 3. etasje.Besøkstider
- I dag 17:00 - 18:30

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund